A-a-a-atsjo!!!

Frå 1997 og fram til i dag har den totale perioden med vindstpreidd pollen blitt forlenga med nærare en kalendermånad.

Foto: Rune Petter Ness

Foto: Rune Petter Ness

Om du er pollenallergikar og aldri legg planar før du har sett pollenvarselet for dei næraste dagane, så er Hallvard Ramfjord mannen for deg. Han står bak dei daglege pollenvarsla som vert spreidd gjennom tv, aviser og nettsidene til Noregs astma- og allergiforbund. Våren er ei travel tid for han. Pollen er i vinden, og Ramfjord med.

Pollenkornet er ein ørliten djevel – eit gjennomsnittleg korn veg mindre enn 0,00005 gram. Det er forklaringa på at det kan sveve så langt med vinden. Men den låge vekta til tross: Pollenet kan utrette utruleg mykje ugagn. Korna kjem i store mengder, og det vert ikkje så reint få kilo når dei vert samla i hop. Målingar har vist at på eitt mål spreier nordiske barskogar kvar sesong mellom ein og åtte kilo pollen. Det svarar til mellom 30 000 og 280 000 pollenkorn per kvadratcentimeter.

Eit pollenkorn er planterikets svar på dyrerikets sædceller. Det inneheld det mannlege arvestoffet, som altså for mange planteslag må bli spreidd for ver og vind, om slekta skal bli ført vidare.

Kva er det med desse ørsmå partiklane som gjer at kvar femte norske mann og kvinne reagerer så sterkt når vi får dei i munn, auge og nase?

– Det er ikkje sjølve pollenet, arvestoffet, vi reagerer på – men protein som ligg i overflata på korna. Det dreier seg om vassløyselege antistoff som utløyser allergiske reaksjonar hos somme når dei kjem i kontakt med fuktige slimhinner.

Kvifor er proteina der?

– Dei fungerer som ID-kort for pollenkorna, for å sikre seg mot ukontrollert kryssbestøving: Bjørkepollen held seg til bjørk, og så vidare. Desse spesielle proteina fortel kven ein er, kort og godt.

MINI-CV

  • Forskar ved Institutt for biologi, NTNU.
  • Var med og bygde opp pollenvarslinga i Noreg.
  • Hovudansvarleg for dei nasjonale pollenvarsla i norske medium.

Kvifor er det så mykje pollen?

– Det handlar om å tilpasse seg. Medan mange blomar har insekta til å gjere transportjobben, må trær i nordiske skogar lite på seg sjølve. Ein reknar med at denne tilpassinga kom då vegetasjonen spreidde seg mot nordlege, kalde strøk med lite insektliv. Pollenkorna vart mindre slik at dei flaut på vinden, og det vart svært mange fleire av dei. Men i klimasoner med mykje insektliv er det lite pollen. Derfor kan ein allergikar vandre rundt i blømande regnskog utan å kjenne noko som helst.

Kva for pollenslag gjev mest allergi?

– I Noreg gjev bjørka frå seg mest pollen. Elles har vi or, hassel, gras, burot og muggsoppsporer som fører til allergiske reaksjonar. Globalt er det eit ugras som heiter Ambrosia, på engelsk ragweed, som er verst. Den finst enno ikkje i Noreg. Men med dei pågåande endringane i klimaet kryp den nordover, og har slått seg ned sør i Skåne inntil vidare. Ambrosia kjem saman med importert fuglefrø, og vert spreidd nokså effektivt i naturen. Men framleis er det altså for kaldt. Elles så finst det mange slags pollenallergiar – langs Middelhavet får mange kraftige reaksjonar av pollen frå oliventreet.

Men eg er pollenallergikar og har då opphalde meg mellom oliventre utan å kjenne noko som helst?

– Det tar tid før allergi slår ut. Det er derfor ein bjørkeallergikar kan tåle olivenpollen utan problem, og motsett. Ting tar tid. Heldigvis.

Det seiest at kunnskap om pollen kan avdekke løyndomar i historia?

– Dersom pollen søkk ned i såkalla anaerobe miljø (utan luft), som til dømes myr, er det nesten ingen grenser for kor lenge det kan bli bevart. Ein tek borkjerneprøvar nedover, og kan lese årstider tusen av år attende. På våre breiddegrader vil det seie til siste istid. Lenger sør i Europa, der iskappa aldri la seg, har ein spora pollen attende for heile kvartærtida,med istider og mellomistider. Gjennom mengde og type pollen kan ein slutte seg til korleis klimaet har vore til ulike tider, ein kan sjå når og kor nye planteartar kom til landet, ein kan finne spesielle urter som tyder på jordbruk. Og meir til.

Så har vi det kriminalteknikarar kallar «buksebretteffekten »?

– Det er pollen som vert liggande att inni bøygar og brett i klesplagga, og som til dømes kan prove at ein avliden er drepen ein annan stad enn der liket vart funne. Funn av pollen kan også vere avgjerande i noko så prosaisk som forsikringssvindel. Ein huseigar påstod til dømes at sprenging i nærleiken av bustaden hadde ført til sprekker i grunnmuren, og kravde erstatning. Då ein pollenanalytikar fann rester av pollen i sprekkane, var det prov godt nok på at det måtte dreie seg om ein gammal sprekk.

Den globale oppvarminga er neppe godt nytt for oss som nys?

– Med varmare klima ser vi at or og hassel, som er først ut med pollenspreiinga, kjem endå tidlegare, medan dei seine artane, gras og burot, kjem på same tid som før. Konkret ser det ut til at frå 1997 og fram til i dag har den totale perioden med vindspreidd pollen blitt forlenga med nærare ein kalendermånad.

 

Av Tore Oksholen