MOBBESKULE

50 000 barn og ungdom ser NRK-programmet «Det svakeste ledd» – ei kunnskapstevling der ein og ein deltakar blir stemt ut av dei andre, følgd av programleiar Anne Grosvolds ironiske farvelhelsingar.

Førsteamanuensis i medievitskap, Soilikki Vettenranta ved NTNU, viser til forsking som tyder på at eit slikt programkonsept verkar på barn og unge som ein skule i korleis dei kan plage andre:

– Grosvold latterliggjer og håner deltakarane. Forsking har vist at belasta og voldsdømt ungdom i Oslo studerer valdsfilm for å lære tricks til seinare bruk. Dersom dette vert ført over til den symbolske valden, ville det ikkje vere unaturlig at ungdommen plukkar ut krenkande utsegn til bruk i kvardagen.

Det er likevel vanskelig å dokumentere langtidseffektar, sidan å vere lite kjenslevar er noko som vert utvikla over tid. Det er også problematisk å spore dette attende til medieeksponering, sidan effektane kan ha andre årsaker. Medias rolle er likevel ikkje harmlaus sidan dei ofte kan forsterke og legitimere den aggressive kulturen, skriv Vettenranta i ein kronikk i Adresseavisen.