TI MILLIONAR TIL BARNEFORSKNING

Norsk senter for barneforsking (NOSEB) har fått ti millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å styrke forskinga si på barnehagar og barneomsorg. Pengane skal nyttast i eit samarbeid med Institutt for sosiologi og statsvitskap og er fordelt over ein femårsperiode.

NOSEB-søknaden, med tittelen «The modern child and the flexible labour market: Institutionalisation and individualisation of children in the light of changes in the welfare state», vart vurdert som den beste av søknadene som kom inn til utlysinga.

Forskargruppa som vurderte søknadene, og programstyret for Velferdsprogrammet, hadde nokre kommentarar til søknaden som gjer det naudsynt å gå i dialog med NOSEB før kontrakten vert inngått.