Mobilen gjer deg varm om øyra

Det er plastens varmeisolerande effekt som gjer øyret ditt varmt, ikkje strålinga.

VARMEAUKE: Modellen syner korleis temperaturen stig når ein avslått mobiltelefon vert heldt mot øyret i 30 minutt. Kilde: Gunnhild Oftedal

VARMEAUKE: Modellen syner korleis temperaturen stig når ein avslått mobiltelefon vert heldt mot øyret i 30 minutt.
Kilde: Gunnhild Oftedal

KVA FOR SAMANHENG ER DET mellom bruk av mobiltelefon og hovudplager?

Er det mobilens skyld om du kjenner deg varm eller kvalm, om du har hovudverk, eller om du får kreftsvulst på hjernen?

Ei undersøking viser nå at bruk av mobiltelefon faktisk fører til lokal oppvarming i og omkring det øyret som er i kontakt med apparatet. Men samanhengen er kan hende ikkje akkurat slik ein skulle tru.

1,6 GRADER OPP – MEN KVIFOR?

Førsteamanuensis Gunnhild Oftedal ved Høgskolen i Sør-Trøndelag har tidlegare gjort ei spørjeundersøking i Noreg og Sverige, der ho spurde 12 000 personar om dei har opplevd plagar ved bruk av mobiltelefon. 23 prosent av nordmennene og 8,7 prosent av svenskane svarte ja. Blant plagene var varmekjensle den vanlegaste.

Saman med professor Anders Johnsson og stipendiat Aksel Straume ved NTNU har Oftedal nå gjort ein ny laboratoriestudie, basert på Straume sitt doktorgradsarbeid: Dei undersøkte om mobilbruk fører til oppvarming, og kva som eventuelt fører til oppvarminga. Dei let ein frisk, ung mann sitje med mobilen mot øyret i ein halv time. Det viste seg då at temperaturen rundt øyret steig med 1,6 grader celsius.

Dermed skulle ein tru at det nå var bevist at strålinga frå mobiltelefonen fører til oppvarming? Svaret er nei. Fordi: Telefonen var avslått og utan straum. Deretter vart forsøket gjenteke med ein telefon som var slått på, men manipulert slik at antenna verken sendte eller mottok signal, Då auka temperaturen med ytterligare 0,6-0,7 grader.

Til slutt fekk forsøkspersonen ein telefon som både var slått på og hadde aktiv antenne som sendte signal. Denne varianten gav ikkje ytterlegare temperaturauke som var mogleg å registrere.

– Dette tyder på at det er den varmeisolerande effekten av å halde eit stykke plast opp mot øyret over ei viss tid, som gir det meste av varmeeffekten, seier Oftedal. Med andre ord: Kva for helst av plastdingsar i liknande format ville gitt same verknaden. Når temperaturen auka meir etter at telefonen vart slått på, hadde det å gjere med at straumen frå batteriet gav ekstra varme til plasten.

KOKER HOVUDET?

Når forskarane snakkar om moglege helseskadar ved mobilbruk, deler dei dette inn i termisk og ikkje-termisk effekt. Termisk effekt dreier seg om biologiske effektar som skuldast temperaturauke i kroppsvev, og at årsaka til oppvarminga må være elektromagnetiske felt. Slik oppvarming på over 1 grad celsius kan gi helseskadar. Til dømes er det dokumentert at ein temperaturauke på 1-2 grader i auget kan gi skader på auget. Ikkje-termisk effekt er når den elektromagnetiske strålinga påverkar oss på andre måtar enn ved oppvarming. Ein ting er at aktiv mobiltelefonering fører til oppvarming i hovudet. Ein annan ting er om denne oppvarminga er helsefarleg. Skader på auget er nemnt. Meir diffuse plager som hovudverk er også framme som ein mogleg verknad av mobilbruk. Men treng det skuldast oppvarming åleine? Det kan vere at den elektromagnetiske strålinga frå mobiltelefonar påverkar oss på andre måtar enn ved oppvarming. Oftedal understrekar at her er forskarane på gyngande grunn. Dei veit lite om kva for årsaksmekanismar som eventuelt er involvert. Likevel vil dei ikkje sjå bort frå at slike svake elektromagnetiske felt som ein mobiltelefon gir, kan vere årsak til helseplager.

MOBIL OG HOVUDVERK

Derfor er desse forskarane i ferd med å sette i gang ei ny undersøking. No vil dei sjå om dei kan påvise samanheng mellom den elektromagnetiske strålinga frå mobiltelefonen og hovudverk. Planen er å annonsere etter forsøkspersonar som sjølve meiner å ha kjent at mobilbruk fører til vondt i hovudet.

– Deltakarane vil bli sett i to ulike situasjonar: ein der dei vert eksponert for elektromagnetiske felt lik dei ein får av mobiltelefon, og ein situasjon utan slik stråling. Undersøkinga vil gå som eit såkalla dobbelt blindforsøk – det vil seie at korkje forsøksperson eller forskar veit når dei vert eksponert. Slik reknar vi med å få vitskapleg haldbare data, seier Gunnhild Oftedal.

Tekst av: Tore Oksholen