A nation apart

Demokratar og republikanarar i USA glir lenger frå kvarandre.
Sørstatsamerikanar ved NTNU: – Det byrja med borgarkrigen.

Ikkje eingong ketsjupen slipp
unna politikk. W-ketsjup blir lansert som det patriotiske alternativet til Heinz, under slagordet «You don’t support Democrats. Why should your ketchup?»
Presidentkandidat John Kerry er nemleg gift med ketsjup-arvingen Teresa Heinz.
Foto: Scanpix

Den intense motviljen mot den nåverande president Bush viser seg på så ymse vis. Til og med i ein skrekkroman, som ikkje har noko med politikk å gjere, skimtar vi sinnet: I sin siste grøssar «From a Buick 8» refererer Stephen King til president George W. Bush og visepresident Dick Cheney som «The Florida Presidency».

Den nedsettande nemninga refererer til det skandaløse rotet omkring oppteljinga av stemmer under presidentvalet i 2000. Delstaten Florida, som vert kontrollert av guvernør Jeb Bush (George W. sin veslebror), godkjente resultatet av ei oppteljing som gav fleirtalet til Bush, jamvel om demokratanes kandidat Al Gore fekk flest stemmer.

NYKONSERVATISME

Med rekordlåg valdeltaking (så vidt over femti prosent) og uklart mandat (Gore fekk fleire faktiske stemmer) skulle ein tru at Bush d. y. ville velje ein forsonande presidentstil. Det motsette skjedde. – George Walker Bush representerer ein ny form for republikansk konservatisme, seier David C. Mauk ved NTNU. Han er førsteamanuensis i amerikansk kulturkunnskap ved NTNU. Mauk har skrive boka «American Civilization – an introduction» saman med NTNU-er John Oakland. – I motsetning til faren, den førre president George Bush, som førte ein tradisjonell republikansk politikk basert på motstand mot eit sterkt og omfattande statsapparat, satsar junior på «big government» for å få gjennomført sin høgreradikale agenda, seier Mauk.

EIN LIBERAL TRADISJON

Samstundes eksisterer ein sterk liberal tradisjon i USA. Den har sine røter i nord og i dei store byene. Men den demografiske utviklinga gjer at det sosialt konservative sør veks i folketal. Derfor er det lenge sidan nokon frå det nordlege USA har vunne presidentvalet. Clinton kjem frå Arkansas, Carter frå Georgia. Av republikanarane kjem Bush senior og junior frå Texas medan Reagan var guvernør i California før han vart president. Situasjonen i USA før haustens presidentval er altså denne: Det politisk/sosiale høgre veks, og under George W. går det lenger mot høgre. Medan dei liberale står att ein eller annan stad til venstre for sentrum.

FIENDSKAP FRÅ STARTEN

– Fiendskapen og dei bitre motsetnadane vi ser nå, har djupe røter. Denne splittinga i nasjonen var der heilt frå då den vart oppretta. Slik sett var den amerikanske borgarkrigen den endelege erkjenninga av at det ikkje var mogleg å forlike dei splitta partane. Krigen enda med at nordstatane vann og slaveriet vart oppheva, men todelinga varte ved. Den kalde krigen gjorde at nasjonen såg ut til å vere sameint, men det var på overflata. Så snart den kalde krigen tok slutt, kom dei gamle motsetnadane til overflata att. Det nye er eit nytt og meir respektabelt språk: Nå talar ein om konservative familieverdiar. For sjølv om det framleis finst mange rasistar i USA, representerer rasisme enno ikkje akseptable haldningar, seier førsteamanuensis Jennifer Bailey ved NTNU.

FORRÆDARAR

– Dei bitre motsetnadane vart fyrt opp på nytt under vietnamkrigen, som mange enno meiner USA tapte på grunn av «det liberale forrædariet» mot soldatane i felten. Denne linja kan førast fram til krigen som framleis går føre seg i Irak. For mange er dette ein revansj for Vietnam, eit prov på at USA kan vinne slike krigar, berre ein vil. Jennifer Bailey har sjølv røtene sine i sørstatane – familien kjem frå Virginia og North Carolina, og faren hennar er yrkesmilitær. Han tok dottera si med rundt på stadene kor dei store slaga i borgarkrigen utspelte seg. Historia lever. – Men trass i alt dette har vi hatt ein nasjonal konsensus om å byggje bru over motsetnadane i styret av landet og ta politisk omsyn til den andre part. Vi har hatt ein felles kjensle av å høyre til ein nasjon. Dette bryr ikkje dei nye republikanarane omkring Bush seg om lenger, meiner Bailey.

SAMFUNNET FINST IKKJE

Mauk meiner George W. leiar ein type konservativ politikk som liknar på Storbritannia under Margareth Thatcher. Det var ho som uttalte orda «There is no such thing as society» – samfunnet er uinteressant, det er familien og slekta som tel, som syter for kvarandre. Både Mauk og Bailey viser til George W.s innanrikspolitiske agenda, som kan vere vanskeleg å få auge på for utlendingar som er mest oppteken av krigen i Irak: utdanning og trygder. Bush junior ønskjer å privatisere delar av det offentlege pensjonssystemet. Dette kan få store konsekvensar for amerikanarane om det vert gjennomført. Det andre viktige tiltaket er den store utdanningsreforma, med namnet «No Child left Behind» . omfattande reform ned over hovuda på delstatane, noko som var uhøyrt for tradisjonelle republikanarar, seier Mauk. – Reforma gjer det mogleg for foreldre som er misnøgd med den offentlege skulen, å flytte ungane over i private (religiøse) skular – og dei offentlege pengane følgjer eleven. Slik vil delstatar bli tvungne til å finansiere «home schooling» enten dei vil eller ikkje.

MEST ORD

Historikar Tore Tingvold Petersen ved NTNU har utanrikspolitikken til USA som sitt spesiale. Han åtvarar mot å legge for stor vekt på den harde ordkrigen som utspelar seg mellom republikanarar og demokratar. – Denne ordkrigen er mykje akkurat det – ord. George W. fører eit anna språk, ein annan retorikk, men amerikansk utanrikspolitikk er til dømes stort sett lik under demokratar og republikanarar. Om du ser på valet nå, så støttar til dømes John Kerry Irak-krigen, jamvel om han ville ha gjort det på litt anna vis, seier Petersen, og minner om at også demokratiske presidentar har vore villige til å bruke mykje pengar på militær oppbygging. – Ein snakkar om at Ronald Reagan gjennomførte ei gigantisk opprusting. Men ikkje mange er merksam på at det var det siste budsjettet til Jimmy Carter som sette i gang den auka pengebruken på forsvaret, seier Petersen.

TO NASJONAR?

Men Petersen er samd med Bailey og Mauk i at Bush tek USA til høgre når det gjeld sosialpolitikk – og i religiøse og moralske spørsmål som går på abort, homofili og religion i skulen. I skrivande stund er det heilt ope kven som vinn valet – Bush eller Kerry. Men Bailey er ikkje i tvil om at den politisk-kulturelle avstanden mellom republikanarar og demokratar vil auke, uavhengig av kven som vinn. – Noko av det som uroar meg mest, er den nemnde tendensen til at folk trekker ungane sine vekk frå offentleg skule, seier ho. Ho trur likevel ikkje at det er fare for at USA vert delt i to nasjonar. – Det er inga aktuell problemstilling i dag og heller ikkje på lang tid. Det er heller ikkje slik at folk er busett ut frå kor ein høyrer til politisk, kulturelt og sosialt. Men ein ser faktisk at folk i aukande grad flytter til område kor dei kjenner seg heime, også politisk, til dømes konservative som flyttar til konsevative bustadsområde, seier Jennifer Bailey.

Tekst: Tore Oksholen