Som ein roper i skogen

Ein skog er ikkje berre ei samling tre. Skogen er natur, kultur, religion, arbeid, myter, historie og politikk.

På New Zealand valfartar folk til eit over 2000 år gammalt tre som bærer gudenamnet Tane Mahuta. Dette heilage treet stod der før europearane kom, og er eit handfast symbol på øyfolkets felles identitet og opphavlege kultur.

Ved gudetreet reflekterar newzealendarane over dei store og viktige spørsmåla i livet. Den høge alderen opnar for filosofiske tankar om æva. Vår eiga tid her på jorda blir både kort og uviktig…

Gull verdt

Tane Mahuta er eit kauritre, eit sakteveksande og svært solid treslag som kan bli utruleg gammalt. I nyare tid er det grave fram opptil 50 000 år gamle kauritre som ein gong i fortida vart dekt av jord under naturkatastrofar. Trevirket er gull verdt og brukast i alt frå luksusmøbel til seglbåtar av høgste prisklasse.

New Zealand vart kolonisert av britane først i løpet av 1800-tallet. Før den tida var landet dekt av svære skogar. Dei vart raskt utsette for storstilt hogst. På kort tid vart enorme landområde endra til sauebeite og jordbruksland. Enkelte satsa på skogbruk, og innførte eit hurtigveksande nåletre, radiata pine, for produksjon av tremasse. Trea vert dyrka i stor målestokk, har namnet Exotic timber og utgjer ein viktig del av nasjonalproduktet.

Natur, arbeid, fridom

Historikar Ingar Kaldal ved NTNU synes at denne store spennvidda – frå åndeleg dyrking og mystifisering av urskog, til industriell framstilling og utnytting av skog – er fascinerande. Han vil vite meir om skogen som kulturelt fenomen i ulike deler av verda. Derfor undersøker han kulturelle prosessar i ulike samanhenger der skogen har vore viktig. Det siste studiebesøket var på New Zealand. Studien er konsentrert om natur, arbeid og fridom.

– Viktige tema både i samtidsdebatten og i vår kulturelle forståing, meiner historikaren:

– Natur, arbeid og fridom har vore tema for grunnleggjande erfaringar, sterke visjonar og omfattande konfliktar. Dette har komme til uttrykk på fleire måtar i samanhengar som involverer skogen.

Skiftande ideal

– I vår tid er skogen det mest brukte sinnbildet på natur og på kva som er naturleg og ekte, slår Kaldal fast. – Skogen har vore knytt til arbeidskulturar som har prega vår tids tenkemåtar om kva arbeid er, og kva det ikkje lenger er. Dette omfattar alt frå draumen om å sanke det vi treng frå naturen, til det hardaste og mest idealiserte kroppsarbeid.

– Skogen har og vore tema i noen av de mest djuptgåande tankane om fridom. Tenk på gamle historier om fridomen som røvarar og fattige fann i skogen. Eller på nasjonale sjølvbilete, av folk som har funne kraft i skogen til sjølvstende. Eller tyske diktarars og turistars leiting etter die Waldeinsamkeit. Innhaldet har vore prega av både slåande likskapar, tankevekkjande ulikskapar og fleirtydig meiningsinnhald, seier Kaldal.

Natur eller kultur?

For nordmenn flest verker det innlysande at skog er natur. På New Zealand er dette meir komplisert.

– Newzealendarane skil mellom den naturlege skogen, som dei kallar native forest, og trefarmane. Trefarmane vert ikkje sett på som natur, men som dyrkingsland på linje med ein åker. Dermed vert dei ikkje omfatta av naturomgrepet.

Men her til lands gir vi òg skogen ulike tydingar når vi snakkar om den. Vi har bærskogen, elgskogen eller tømmerskogen. Sjølv den mest vitskaplege måten å sjå skogen på, som fylt av bestemte biotypar og organismar, byggjer på tenkemåtar som er kulturelt skapte. Det same gjeld når vi bruker trevirke som byggemateriale. Da omtalar vi det som ekte i motsetning til kunstig. Dette viser at naturomgrepet er både fleirtydig og i stadig endring, påpeiker Kaldal.

Trolsk og farleg – snill og trygg

I vår tid har skogen ein positiv symbolverdi, enda om vi i vår kultur ikkje går så langt som tilbeding av urskog og gudetre.

Men skogen har og hatt skremmande undertonar. Her finst hulder, troll og ville dyr. I vestleg kultur har skogbrynet ofte representert grensa mot det usiviliserte og ukontrollerte. Seinare har desse aspekta ved skogen blitt omtolka. Trolla er blitt snille, og skog omkring husa blir ikkje sett på som trugande, men som lunt og skjermande.

– Slik har forholdet til skogen variert. Og her er det ikkje lett å skilje ut eintydige kulturar. Sjølv for tømmerhoggaren har ikkje skogen berre vore ein natur med utelukkande økonomisk verdi, seier Kaldal.

Romantisering og realitet

Overalt i verda har skogen vore ein arbeidsarena prega av kroppsleg arbeid, ofte med enkle reiskap. Men i siste del av det 20. hundreåret vart han og arena for tungt maskineri. Skogsbygder er ofte marginale samfunn. Mange av dei har likevel gjennomgått store tider da skogen gav grunnlag for sysselsetting, levebrød og «stolte slitarar». Seinare har dette blitt omtolka i forteljingar om naturøydeleggingar og tapt arbeidsære.

Vi snakkar om tapte arbeidsplassar, om blodslit som forsvann, men og om korleis arbeidet i skogen «før i tida» var eit meir «ekte arbeid». Arbeid har blitt mindre kroppsleg, men opplevast likevel som lite meiningsfylt av mange. I tillegg kjem bekymringar over øydelagt miljø. Til saman gir dette næring til idealiserte bilete av fortidas skogsliv som det sunne og frie liv i pakt med både kropp og natur.

Fridom med atterhald

– Også når skogen har vore forbunde med «fridom», har tydingane variert, seier Kaldal. – Enten skogen har vore arena for arbeid eller rekreasjon, har han ofte vore sett som ein motpol til industriens og byens larm, stress, klokketvang og ufridom. Når skogen har vore brukt i forteljingar om nasjonal fridom og sjølvstende, har han vore knytt til ulike tydingar, frå stordom, styrke og individualitet til fellesskap, sameksistens og omsorg.

Og tydingane har ofte skifta innanfor same miljø. Nazitidas biologar såg det «naturlege» ved skogen i at den var ein stad der dei sterkaste artene fekk herredømme og skapte orden. Vår tids økologiske skog ser vi nærast som eit «fleirkulturelt» fellesskap der artene lever i symbiotisk harmoni.

Debatt på mange plan

Kaldal studerer skogskultur i eit historisk perspektiv, og håper nå å utvide prosjektet til å omfatte fleire fagfelt.

– I ei tid da både nasjonale og andre identitetar endrast, er det viktig å reflektere over korleis dei vert skapt, mellom anna gjennom forteljingar om ulike folks fridom i naturen.

Vidare er tilhøvet mellom menneske og natur eit aktuelt debattema på mange plan. For det tredje kan vi ved å studere arbeid i andre samanhenger enn dei vi kjenner frå industrielt og etterindustrielt arbeidsliv, vere med på å utvide våre refleksjonar omkring arbeidet og arbeidets framtid, seier han.

Tekst: SYNNØVE RESSEM