May i alle kanalar

May Thorseth (46), er ikkje klona. Det berre ser sånn ut.

Den eine dagen er saka medisinsk etikk, og May Thorseth held innleiing. Den neste dagen er saka etikk i næringslivet, og May Thorseth held innleiing. Den tredje dagen gjeld saka globalisering, og May Thorseth held innleiing.

Den dama er overalt.

Overalt vert etikken etterlyst: Ny bioteknologilov vert vedteken før jul, og forskarar raser – kor er etikken? Korrupte næringslivsleiarar smør til seg kontraktar og karrar til seg feite bonusar – kor er etikken?

Filosof og forskar Thorseth er dagleg leiar for Program for anvendt etikk ved NTNU. I tillegg har ho ei rad tillitsverv innanfor nasjonalt profesjonsetikknettverk, regional forskingsetisk komité, forskingsbiobank, osb. Vi har ikkje plass til meir her.

Ho er etikkspesialisten vår. Men:

Treng vi sånne som deg? Kan vi ikkje rekne med at folk veit skilnaden på rett og gale?

Ein skulle tru det, men vi lever i ei tid der etikken er privatisert, der mange tenker at det er ikkje så farleg om vi snyt litt på skatten eller ordnar ein liten forsikringssvindel. Folk kjenner seg fritekne frå etikken. Den kantianske sinnelagsetikken, med utgangspunkt i handlingsreglar som kan generaliserast universelt, kan sjå ut til å vere på vikande front.

"Vi lever i ei tid der etikken er privatisert, der mange tenker at det er ikkje så farleg om vi snyt litt på skatten"

Er det den reine nytteetikken som tek over, der det berre er følgjene av handlingane våre som tel?

Vi kan i alle høve leike med tanken.

Er sånne som deg då eit teikn på at noko er gale?

I så fall vil vi ikkje bli sett på som ein kur mot ei plagsam liding, som nokre piller du tek for å bli kvitt problemet. Vi driv med anvendt etikk, etikk i praksis. Men etikken må ikkje vere noko utvendig. Han må tvert imot bli integrert i den profesjonelle tenkinga, anten du er medisinsk forskar, leiar i næringslivet eller noko anna.

Kva er anvendt etikk?

Du kan dele etikken inn i den grunnleggjande etikken på den eine sida, og etikk på det einskilde området på den andre – medisinsk etikk, etikk i næringslivet, osb. Slik områdeetikk er ein kombinasjon av grunnleggjande etikk og fagleg kompetanse. Det er jo ikkje slik at grunnlagsetikk gjev ferdige løysningar på praktiske problem.

Vi treng også kompetanse på spesifikke fagområde. Slik er det fordi vi innanfor nokre fag, til dømes genetikken, no vert stilt overfor moglegheiter vi knapt kunne drøyme om tidlegare. Vi treng med andre ord ein dobbeltkompetanse. Han kan vi anten få gjennom grunnlagsdisiplinar som filosofi eller teologi, og så skaffe oss ekstrakompetanse på det aktuelle fagområdet. Eller vi går motsett veg.

MINI-CV

  • Dr.philos. i filosofi
  • Tidlegare forskar ved SINTEF Teknologi-leiing, og førsteamanuensis ved Filosofisk institutt, NTNU
  • No dagleg leiar av Program for anvendt etikk, og forskar ved Filosofisk institutt, NTNU
Treng vi nye lover for å regulere alle desse nye moglegheitene?

Heller enn å prøve å stanse utviklinga, må vi prøve å styre ho. Det gjer vi best gjennom å gjere aktørane etisk medvitne, og skolere dei i etiske problemstillingar.

Nye lovar kan ikkje gje svar på alle tenkelege og ikkje minst utenkelege dilemma ein kan hamne opp i. Eg ser det altså ikkje som ei løysing å møte nye, komplekse etiske dilemma med detaljerte lovverk og forbod. Då er faren at etikken vert redusert til juss. Det tener ingen på.

Kva meiner du om den nye bioteknologilova?

Lova vil forby genetisk undersøking av befrukta egg før dei vert ført inn i livmora. Argumenta kviler i frykta for sorteringssamfunnet. Derfor er det også skjerpa inn på kva fagfolka får lov til å sjå etter av skavankar når dei utfører ultralyd på foster.

Eg tykkjer lova demonstrerer ein form for paternalisme. Folk må få reflektere etisk over kva for val dei bør gjere. Den retten vert teken ifrå dei med denne lova. Vi skal ikkje få vite om noko er gale med fosteret, for då kan vi finne på fullstendig irrasjonelle ting. Bioteknologilova oser av mistillit til vanlege folks dømekraft. Ho nærast føreset at folk vil reagere uetisk.

Lova vil og oppheve anonymiteten til sæddonorar. Det er lett å skjøne dei sikkert gode tankane bak, at barnet skal ha rett til å vite kven som er faren. Men igjen skimtar vi ideologiske over- og undertonar, i dette tilfellet som ein slags biologisering av foreldreskapet.

Dette kjem særleg til uttrykk i at ein skil mellom donasjon av sæd og donasjon av egg, der det siste vert forbode. Lova seier såleis at alle egg skal bli ført attende til den kvinna dei kom ifrå.

Teksten skil mellom biologisk og genetisk mor, og meiner tydelegvis at om eit egg veks til barn i ei anna kvinne, vert det biologiske opphavet tvilsamt. Dette viser ein biologistisk reduksjonisme, spedd med nokre metafysiske idear om Moderskapet.

Av Tore Oksholen