Jakta på gamle grekarar

For to og eit halvt tusen år sidan vart ei kvinne gravlagt på øya Paros. I sommar vart gravfreden broten.

Tekst og foto: Lisa Olstad

Om lag 400 år før Kristus: Ei kvinne med namnet Frini døyr i byen Parikia – på Paros, ein av dei største og viktigaste bystatane i Egeerhavet. Ho blir lagt i ei steinkiste, slik skikken er, på byens gravplass. På toppen legg dei etterletne eit rundt og solid steinlokk.

Slik søv Frini uforstyrra gjennom tusenåra – medan kulturlaga veks i metervis over ho.

På kurs i førti pluss

Sommaren 2003: – Alexandra! Kom! Vi har funne noko!

Det er dirrande varmt i utgravingsfeltet. Gradestokken har for lengst passert 40, og sola steiker på krumbøygde ryggar. Medan turistane ligg langflate på stranda, sit tretti norske studentar på kne og rotar i jorda. Dei har hakker, spadar, graveskeier, store kostar, små penslar – og masse drikkevatn.

Dei kjem frå NTNU. Nokre har tatt arkeologi grunnfag, andre har studert antikkens kultur. Nå har dei blitt med amanuensis Alexandra Angeletaki frå Vitskapsmuseet til Paros på feltkurs.

Arkeologistudiet ved NTNU handlar mykje om norsk mellomalder. Angeletaki er gresk, og utdanna i Hellas. Ho vil gjere studentane sine kjende med klassisk arkeologi også, og med gresk kultur, før dei går laus på mellomfaget. Og feltmetodar skal dei lære i alle fall.

– Arkeologi i praksis kan berre lærast på feltet. Utgravingsmetodane er dei same i Hellas og Noreg. Vi bruker same teknikkar og same verkty. Det er berre jordsmonn og gjenstandar som skil, seier Angeletaki.

Slike steinlokk vart brukt som gravdeksel.

Slike steinlokk vart brukt som gravdeksel.

Antikk mølje

Tilbake til 1980-talet: Folket i Parikia skal byggje kultursenter. Ei fin tomt har dei, rett ved sjøen og kort veg frå sentrum. Så skjer det som ofte skjer i Hellas: Når dei set spaden i jorda, dukkar ting opp – vasar, bein, graver og sarkofagar. Nybygg er berre å gløyme.

Det viser seg at tomta har vore brukt som gravplass i ein samanhengande periode på heile 1200 år – frå om lag 800 før Kristus til 400 etter Kristus. Tidsrommet dekker dei periodane vi kallar den geometriske, den arkaiske, den klassiske, den hellenistiske og den romerske.

I åras løp har greske arkeologar avdekka graver og gravminne av alle slag på denne plassen: Her finst enkle steinkister og fint tilhogne sarkofagar. Her finst leirkrukker med beinrestar i. Her finst minneplater og høge steinsøyler som blei reist for å markere grava. Forskarane har funne enkeltgraver, familiegraver og ei kjempestor felles soldatgrav. Dei har spadd fram gravgods – pyntesakar, våpen, leikety, all slags reiskap – og funne restar etter offergåver. Her finst brente og ubrente bein – og søppel frå dei siste 2000 åra.

Kvar stein, kvart bein og kvart potteskår har ei historie å fortelje. Om ulike tider, skikkar og levevis. Men ennå gøymer jorda mange løyndommar.

Kunst eller kontekst?

Sommaren 2003: NTNU-studentane har funne uendelege mengder potteskår. Så mange at det ikkje heilt er same stasen lenger. Kvart skår skal skrubbast med tannkost, mellom anna, og merkast. Det er mest eit slit. Men så artig når dei finn ein dekor som fortel når skåra er frå, eller eit segl som viser kvar krukka blei laga!

Dei har funne glas, oljelampar, kister, bein og konkyliar og sanneleg også ein gullring. Nå har dei grove seg ned til ein stor, rund stein. Den liknar eit grytelokk. Men dei veit godt at det ikkje er nokon suppegryte som skjuler seg under.

– Det er i tolking av utgravingsmaterialet at greske arkeologar skil seg frå norske, meiner Angeletaki: – I Hellas har vi lett for å sjå på gjenstandane som rein kunst, men gløyme konteksten. Det er nok fordi vi grev opp så mange kunstskattar. I Noreg har vi ei meir antropologisk tilnærming, der er konteksten det primære. Der spør vi: Kva fortel dette funnet om tida og samfunnet?

Frini frå Paros fekk ei skikkeleg jordferd.

Frini frå Paros fekk ei skikkeleg jordferd.

Er det nokon her?

Steinlokket ligg fritt for jord. Det har eit namn hogd inn langs kanten! FRUNH SOKLEIDOUS står det – Frini, dotter til Sokleidis.

Studentane flokkar seg spente om læraren og feltleiarane sine. Stunda er inne for å løfte på lokket. Er det berre eit av dei som blei slengt til side ein gong for lenge sidan, då nokon grov ei ny grav? Eller ligg ho der, ho som bar namnet Frini?

Ho gjer! For første gong på to tusen år skin sola igjen på vår venninne frå antikken. Meir graving, nå med dei finaste reiskapane, og hovudskallen blir langsamt avdekka, saman med ribbein, bekkenparti og nokre potteskår.

Christina Damatopoulou, konservatoren frå Paros arkeologiske museum, kjem springande. Ho må syte for ei mellombels konservering, og penslar kraniet med ei flytande plastblanding. Sidan skal det til museet og konserverast på skikkeleg vis.

– Å jobbe med arkeologi er å vekkje den historiske bevisstheita til folk. Der ser eg store skilnader mellom Noreg og Hellas. Vi grekarar er så omgjevne av historie og arkeologi at vi ikkje unngår å bli bevisste. Slik er det annleis i Noreg – sjølv om eg trur nordmenn har vorte meir bevisste på kva arkeologien betyr, enn dei var før, seier Angeletaki.

Alexandras draum

Angeletaki har ein draum om å bringe saman norske og greske arkeologar for å få ein diskusjon. – Når ein held på med det same i årevis, blir ein lett hengjande i gammal tenking, meiner ho.

Så ho har lagt opp eit breitt program for studentane sine. Om føremiddagen lærer dei korleis dei skal grave, og korleis dei skal vurdere og behandle funna. Om ettermiddagen møter dei både norske og greske forskarar, og lokale folk. Då lærer dei om antikkens teknologi og arkitektur; om natur og kultur på Paros, om restaurering av funn; og mykje anna. Innimellom dreg dei på utflukt til andre plassar i Kykladane.

Eit tett program blir det. Varmt er det. Likevel: Studentane stråler om kapp med den sola dei sveittar under. Feltkurset har iallfall ikkje tatt frå dei lysta på å bli arkeologar!

– Velkommen attende!

Det skjer nesten aldri at utanlandske grupper får delta på reint greskdrivne utgravingar i Hellas. NTNU-studentane var faktisk dei første frå Noreg. Og hadde ikkje Angeletaki sjølv arbeidd mykje på Paros, og hatt nære band til ho som er ansvarleg for utgravingsfeltet, hadde dei nok heller ikkje fått komme.

«Vertinna» sjølv – Fotini Zafiropoulou, ein nestor i gresk arkeologi – angra ikkje då kurset var over. – Studentane har gjort ein utruleg bra jobb! Eg vil gjerne ha dei tilbake hit, seier ho.

Kven ho var, vår Frini, får vi aldri vite fullt ut. Men når dei som steller med funna der nede på Paros, er ferdig med ho, veit vi meir. Skjelettgransking kan fortelje kva slags kosthald og levestil ho hadde, kva for sjukdommar ho hadde hatt, kor gammal ho blei og kva ho døydde av.

Då er ho enda ei lita brikke på plass i eit stort, historisk puslespel.