Hengebru

sykle over nesten

luft

brua; ein lang kropp

som svara deg

mot rørslene dine

den levande utspende

pusten i tunt treverk

og smale vaierar

under oss drog elva

eit råske drag opp mot oss

eit kaldt rom å gli gjennom

frå fast grunn til fast grunn

brua bar oss

så vi kunne flyge

det fekk oss til å tru

at det er mogeleg

samstundes

vere heilt fri

og heilt trygg

Av Paal-Helge Haugen

Diktet er hentet fra samlingen Vår uro med alt, samlet av Ove Røsbak og utgitt av Norske Sivilingeniørers Forening