Kjøpt og betalt av det offentlege

Samfunnsforsking kan bli både brukt og misbrukt politisk. Er oppdragsforskarar meir i faresonen her, enn andre forskarar?

Av Tore Oksholen

I månadsskiftet oktober/november i fjor rauk to forskarar i hop i avisspaltene. Saka er denne: To forskarar frå Sintef Teknologiledelse, Ny praksis let seg intervjue av Adresseavisen om ei undersøking om arbeidslivet. Avisa slår opp at 89 prosent trivst på jobben. Kort tid etter publiserer MMI/Arbeidstilsynet ei anna undersøking. Den konkluderer med at førti prosent har opplevd så mykje vedvarande stress siste året, at dei har fått plager med helsa.

Så kritiserer overlege Håkon Lasse Leira ved Arbeidsmedisinsk avdeling ved St. Olavs Hospital Sintef-undersøkinga. Leira, som også er førsteamanuensis II ved NTNUs Institutt for industriell økonomi og industrileiing, karakteriserer den som “tendensiøs” og “metodologisk svak”. I intervju med journalisten seier han at “resultatene avhenger mye av hvordan spørsmålene stilles og ofte også av hvem som har betalt undersøkelsen”. Leira er uroleg for at undersøkinga skal bli brukt i den politiske argumentasjonen.

Sintef-undersøkinga er delvis finansiert av Næringslivets hovudorganisasjon (NHO).

På den andre sida: Også avdelinga til Leira får pengar frå NHO.

Forskingssjef Tore Nilssen ved Sintef reagerte sterkt på kritikken frå Leira, og tilbakeviste denne. Vår reportasje skal ikkje handle om for og imot denne rapporten, men i staden sette søkelys på politisk bruk av samfunnsforsking på oppdrag. Er oppdragsforskarane mest utsett for politisk bruk og misbruk – eller er det slik at Leira og andre statstilsette forskarar nyttar høvet til å henge slike vanskelege konfliktar på private forskingsinstitutt som til dømes Sintef?

Gemini samla Leira og Nilssen til debatt. Dei er samd om noko – og svært ueinig i anna.

Fallgruvene

– Kvar finn vi dei største fallgruvene når det gjeld politisk bruk av forskingsresultat?

Leira: – Forskingsresultata er oppdragsgjevarens eigedom. Dette kan føre til at resultata vert presentert på ein måte som han synest er passande for seg sjølv. Den som betaler lønna di, har ei viss innverknad på korleis du tenker. Eit tenkt døme: NHO har eit oppdrag. Du har ti forskarar som driv på eit område, og to av dei har markert seg på ein måte som fell saman med NHOs interesser. Er det då urimeleg å tru at det vil oppstå ein tettare kopling mellom NHO og desse to forskarane enn mellom NHO og dei andre? Det er ikkje tilfeldig kva for institutt som får dei ulike oppdraga.

– Trur du dei let seg sensurere?

Leira: – Det ligg ein tendens til at resultata vert dregne i ei retning som passar oppdragsgjevaren.

– Meiner du med dette at statleg tilsette forskarar ikkje bør drive med oppdragsforsking?

Leira: – Det seier eg ikkje. Den som sit fullfinansiert, kan bli passiv. Ein bør vere nøydd til å gå ut og konkurrere om pengane, for slik skjerpar ein seg.

– Kjem de då opp i nokre av dei same problema som reine oppdragsforskarar?

Leira: – Vi kjem sjølvsagt ikkje utanom, vi heller.

Nilssen: – Ein kan spørre om det finst forskarar som ikkje er avhengig av oppdragsgjevarar. Eg vil snu på det og seie at det er mykje meir risikofylt om ein statstilsett forskar, til dømes ved universitetet, på toppen av løna si får ein slant pengar til eit særskilt oppdrag. Det er viktig å vere uavhengig av særskilde investeringskjelder. Her inkluderer eg staten. I mine auge har vi her eit større problem med truverdet. Når det gjeld den undersøkinga som Leira kritiserte, har vi minst fem ulike investeringskjelder.

– Ein god del forsking vert halde hemmeleg. Er det ikkje eit problem at publikum ikkje får høve til å vurdere grunnlaget for hemmeleghald?

Nilssen: – Dette skjer svært sjeldan, men når det hender, dreier det seg om å verne seg mot konkurrentar i næringslivet. Det kan ikkje vere vanskeleg å forstå.

– Men for å ta eit tenkt døme: Eit fagforbund ber dykk om å vurdere potensialet for nye medlemmer, og forskaren finn at ein kategori medlemmer ønskjer å melde seg ut av forbundet: Oppdragsgjevaren reagerer med å krevje akkurat dette funnet halde hemmeleg. Kva gjer du då?

Nilssen: – Vi har hatt slike situasjonar. Vårt svar er at rapporten skal vere offentleg tilgjengeleg. Då risikerer vi å ikkje bli spurt om å ta eit oppdrag derifrå seinare. Men det må vi tåle.

– Tyder dette at praksisen dykkar er at anten vert alt, eller ingenting, publisert?

Nilssen: – Dette vert regulert i kontrakten. Det som ikkje vert eksplisitt nemnt, kan ikkje oppdragsgjevaren i ettertid krevje at vi skal halde hemmeleg.

Kjøpt og betalt av det offentlege2Oppdragsforskaren: – Verre før

Alt var ikkje betre før. På nokre område var det mykje verre. Til dømes var det ille at samfunnsforskinga var dominert av statleg tilsette professorar som forvalta etablerte sanningar gjennom eit autoritært offentleg system. Derfor er det svært bra for forskingas fridom at ein i dag har fått private institutt som tek oppdrag, meiner seniorøkonom Per Schreiner i Econ Senter for økonomisk analyse.

– At ulike utgreiarar kjem fram til ulike resultat, kan vere av det gode. Vi talar om det kontradiktoriske prinsipp: Gjennom motsetningar vert ein samd.

Econ fekk kjørt seg i programposten Brennpunkt i NRK tidleg i haust. Let senteret seg styre av oppdragsgjevarar til å kalibrere undersøkingar slik at ein produserer ønska resultat? Econ avviste skuldingane, men debatten raste i riksmedia i tida etterpå. Schreiner har lang fartstid som toppbyråkrat i Finansdepartementet, og sat såleis tidlegare på andre sida av bordet.

Han har inga tru på at det er noko stort problem at oppdragsforskarar let seg bruke politisk av dei som betalar for jobbane.

– Oppdragsgjevarane kjøper seg ei utgreiing med vårt stempel på. Både dei og vi er avhengig av tillit til at det stempelet ber bod om kvalitet. Dersom den vert øydelagd, har analysane dei har betalt for, liten bruksverdi, seier Schreiner.

Schreiner ser eit problem i organiseringa av oppdragsforsking gjennom statlege forskingsinstitutt, som han meiner kjem i for tett kontakt med dei som gjev oppdraga. Her kan ein sjå konturane av eit nærast symbiotisk tilhøve mellom oppdragsgjevar og oppdragsforskar, meiner han.

Econ har som politikk at dersom resultata vert brukt offentleg av oppdragsgjevaren, skal alle resultata publiserast, ikkje berre dei som gagnar betalaren.

Econ godtek med andre ord at oppdragsgjevar kan halde resultata for seg sjølv: Føresetnaden er at han held alt for seg sjølv.

– Ofte kjem kundane til oss rett og slett fordi dei vil vite meir om eit eller anna – ikkje fordi dei ønskjer å bruke forskinga vår som argument for eller imot eit eller anna. I slike situasjonar kan vi ikkje krevje offentleggjering, meiner Schreiner.

Etikk-eksperten: – Ikkje godt nok!

– Sorry, men dette er ikkje godt nok. Slik reagerer Matthias Kaiser på Schreiners grunngjeving av Econs praksis når det gjeld publisering av forskingsresultat. Å seie at oppdragsgjevar må få halde resultata hemmeleg når ein berre er ute etter ny innsikt, held ikkje, meiner Kaiser, som er sekretariatsleiar ved Dei forskingsetiske komiteane.

– I utgangspunktet skal all forsking bli publisert. Dette kravet er ufråvikeleg der offentlege pengar er involvert, seier Kaiser.

Det er eit generelt problem at ein på politisk nivå i departementa er mest oppteken av symbolverknaden til forskinga, meiner Kaiser. – Politikarane vil bruke forskingsresultat til å støtte opp om eigne standpunkt. Elles er dei minimalt interessert i forsking, seier han.

Som døme til skrekk og åtvaring trekker Kaiser fram eit sitat frå sosialminister Ingjerd Schou i “Rikets Tilstand” på TV2 i november i fjor. Temaet var ny forsking og alkoholpolitikk. Her sa sosialministeren mellom anna at “Men allikevel skal forskingsresultater og rapporter støtte opp om alkoholpolitikken, selvfølgelig skal de det”.

Kaiser fekk gjort ein utskrift frå programmet for å sikre rett sitat.

– Schou prøver her å oppdra oppdragsforskarane. Slike politikarhaldningar er håplause, seier han.

Kaiser presiserer at han ikkje har problem med at ein søker fagleg assistanse for å bygge opp eigen politisk argumentasjon. Ein må berre ikkje kalle det forsking, men heller konsulentverksemd.

Den største faren ved å oppdragsforske i ein situasjon med slike tette band, er ikkje at ein byrjar å lyge, men at ein – med eller utan medvit – vel metodar som produserer ønska resultat. Kaiser formulerer det slik: Ein internaliserer oppdragsgjevarens forventingar.

Oppdragsgjevaren: – Ikkje problem

Kjell Rosanoff er avdelingsdirektør i planseksjonen, Samferdselsdepartementet. Ved hans avdeling set dei ut oppdrag på aktuelle spørsmål: Til dømes rammevilkår for overgang av transport frå veg til jernbane, eller bruk av IKT i transportsektoren.

– Generelt innafor staten: Er det eit symbiotisk tilhøve mellom departement og statlege forskingsinstitutt?

– I nokre departement kan banda vere sterkare enn i andre, men eg opplever ikkje det som eit problem.

– Er du av og til freista til å leggje føringar på oppdraga du set ut?

– Nei. Då ville ikkje resultata ha nokon verdi for oss.

– Er det ikkje nokre gonger slik at du og dine kolleger syter for å kalibrere forskingsoppdraga slik at ein vert i stand til å fortelje politikarane det dei helst vil høyre?

– Nei. Viss du trur det, kjenner du departementet dårleg. Vår jobb er å fortelje politikarane kva vi trur vil skje, ikkje kva dei vil høyre.

Kva aviskrangelen gjaldt:

Håkon Lasse Leiras kritikk:

Nokre av forskingsmetodane er uegna til formålet, slik at resultata blir upålitelege. Til dømes er det bare brukt data om folk som er i arbeid, ikkje om dei som er ute av arbeid fordi dei ikkje har tålt påkjenningane

Stress blir målt ved å rangere 26 ulike årsaker etter ein skår over kor ofte dei nemnes av 2500 personer. Gjennomsnittet blir lavt (fordi det er så mange årsaker å velje mellom), og det blir tolka som at folk ikkje er stressa.

I rapporten er vesentlege resultat utelete, blant anna alt som skuldast kjemiske, fysiske og biologiske arbeidsmiljøtilhøve.

Tore Nilssens forsvar:

Vår forsking viser at:
A: Det er ikkje grunnlag for å seie at arbeidslivet i Norge blir stadig meir brutalt, og
B: Det er ikkje grunnlag for å hevde at det er ein innebygd målkonflikt i avtalen.

Ei for negativ framstilling av arbeidslivet er eit hinder for positiv utvikling. Det har vært ei overdriven fokusering på problema i arbeidslivet. Rapportens hovudkonklusjon er at det er ein minoritet som opplever stress og helseplager.

Vi er sjølvsagt einige i at det er viktig også å forske på og betre forholda for dei som opplever stress og helseplager i arbeidet, kor få eller mange dei er.