Prippen eller promiskuøs

Korleis plantene ser ut speler også ei rolle for evolusjonshistorien. Artar som er avhengige av insekt for å formere seg (pollinering), har innretta seg etter det. Målet er å være

Den promiskuøse: Sibirvalmuen sprer sine pollen for kven som helst. Foto: Rune Petter Ness

Den promiskuøse: Sibirvalmuen sprer sine pollen for kven som helst. Foto: Rune Petter Ness

så tiltrekkande som mogleg. Virkemidla er ei blanding av form, fargar, dekor og duft.

Tyrihjelm er blant dei mest eksklusive og vil utelukkande bestøvast av ein bestemt humleart. Lokkemiddelet er nektar som bare kan nås med ein lang sugesnabel. Berre den spesielle humlearten har redskap som duger og kan hente ut godsakene på lovleg vis.

Men det finst andre insekt som ikkje går av vegen for regelrett valdtekt. Dei borar seg ein snarveg direkte inn til honningkrukka. Attende sit blomsten, skjenda og ribba, men med heile pollenbehaldninga intakt.

Sibirvalmuen har det langt enklare. Den spriker i været med alt den har å by på, og held seg åpen for kven som helst.