Klikk på ein krig

Snart kan du klikke deg inn i dei historiske konfliktane som har funne stad dei siste femti åra.

I 1998 støtte militære styrkar frå Etiopia og Eritrea støtte nok ein gong saman Det var byrjinga på ein krig der bortimot 50 000 menneske mista livet det fyrste året.

Ein annan plass, i ei anna tid, blei om lag 20 000 drepne i ein konflikt mellom Ungarn og Sovjet. Dette året var 1956.

Begge konfliktane er skildra i bøker, oppslagsverk og historiske atlas. Men kan ein samanlikne konflikten mellom Etiopia og Eritrea med den i Ungarn? Kvifor varer ein konflikt noen stader kortare enn andre stader? Er det ein samanheng mellom fattigdom og krig? Svara på desse spørsmåla kan du finne i eit dataprogram. Det gir visuelle kartbilete av konfliktar på ein helt ny måte, der du får informasjon i både tid og rom.

Brukaren avgjer

Universitetslektor Jan Ketil Rød har utvikla eit program som gjer det mogleg å handsame historisk kunnskap meir interaktivt. Programmet kallast ViewConflicts og har tilgang til ein database der alle konfliktar i perioden 1946-2000 er systematisert og registrert.

Sjølve skjermbiletet viser eit verdskart. Samstundes finst det ulike funksjonar som brukaren kan velje blant. Du kan zoome inn på kontinent og innover i land. Du kan sjølv avgjøre både tid og stad i verda for dine konfliktstudiar. Korleis var konfliktbildet i Latin-Amerika i 1960? Kor utbreidd var den indre konflikten i Togo i 1991? Var det fleire borgerkrigar i perioden frå 1989 til 2000 enn det var i 1978-1989? Det er óg mogleg å legge inn indikatorar som økonomisk situasjon og naturressursar. Ein kombinasjon av fargar og symbol som fortel om eit land sin økonomiske situasjon og om konflikttettleik, kan gi verdifull informasjon.

Klikk på ein krig2Førebels demoversjon

– Dette programmet kan vere med på å skape nye tankar om konflikt, trur Jan Ketil Rød. Dataverktøyet er ennå ikkje ferdigutvikla, men demoversjonar er tatt i bruk. Det har tidlegare vore vanskeleg å illustrere ei temporal utvikling i kart, men dette er eit forskningsfelt i rask utvikling.

Forskarar som har prøvd programmet, er begeistra. Men databasen er langt frå ferdig utvikla. Stipendiat i statsvitskap, Halvard Buhaug, arbeider i doktorgradsprosjektet sitt med å lokalisere kvar i landa dei forskjellige konfliktane har funne stad. I dag er ikkje dette dokumentert godt nok.

Det er Institutionen för freds- och konfliktforskning ved universitetet i Uppsala som saman med Institutt for fredsforskning i Oslo (PRIO) som har etablert databasen over væpna konfliktar internasjonalt. NTNU sitt bidrag er å utvide denne databasen til også å innehalde data av romleg art – altså kvar i landa kampane faktisk går føre seg. Sjølve prosjektet med dataprogrammet er eit tverrfagleg samarbeid mellom Institutt for geomatikk, PRIO og Institutt for sosiologi og statsvitenskap.

Her kan du sjå fleire bilder og lese meir om prosjektet:

www.geomatikk.ntnu.no\konflikt

Klikk på ein krig3Av Tore Hugubakken