Christian Frederik var bare konge i nokre hektiske veker sommaren 1814, før han ble tvunget til å abdisere om hausten. Han er derfor blitt kalt "sommerkongen"

Ingen ville bli svensk

Trøndelag og Nord-Noreg var nær ved å bli svensk i 1813. Men Carl Johan ville ha heile landet. Det skal vi kanskje vere glade for i dag.

”Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike.” Så seier Grunnlovas paragraf 1.

Ordlyden er endra sidan 1814, men ordet ”udeleleg” har vore der heile tida. Det har klar samanheng med trugsmålet om at områda frå Møre til grensa til Russland stift skulle bli svensk, meiner NTNU-forskar Jakob Maliks. Han har skildra stormaktspelet om Trondhjem stift i eit av kapitla i boka ”Trondheim 1814”, som kjem ut denne veka.

Tre gonger hurra!

På skysstasjonen på Berkåk i Trøndelag fikk prins Christian Frederik drikke av "Holshornet " mens folket ropte tre gonger hurra. Det skrev Adresseavisen i sitt referat fra2-5 Hoelshornet prinsens reise. Foto: Boka "Trondheim 1814".

– For fleirtalet på riksforsamlinga var det nok nesten-avståinga av Trondhjem stift som spøkte i bakgrunnen, og som var årsaka til at ordet ”udeleleg” kom med i Grunnlovas første paragraf. Dei ville hindre at det same nokon gong skulle skje igjen, seier Maliks.

Les også om Christian Frederik sin reise for tronen og landet.

Sendte ein diplomat

Kortversjonen om stormaktspelet er slik:

Forslaget om at kong Frederik skulle avstå Trondhjem stift vart først fremma av Russlands utsending til Stockholm i februar 1813, som eit kompromissforslag. Det kom opp att i eit felles svensk-britisk forslag i slutten av mai, dei såkalla mai-vilkåra: Kong Frederik skulle avstå Trondhjem stift med ein gong, og så velje mellom rest-Noreg og områder i Nord-Tyskland etter krigen. Framlegget vart blankt avvist i København.

Men det kom på bordet enno ein gong, etter Napoleons avgjerande nederlag ved Leipzig i oktober 1813. Stoda var kritisk for Danmark-Noreg. Austerrikes mektige utanriksminister, fyrst Metternich, sa seg villig til å mekle. Han sendte ein diplomat til København med eit nytt alliert forslag. Hovudpunktet var at Danmark-Noreg skulle slutte seg til alliansen mot Frankrike. Men det var samtidig eit ufråvikeleg krav at Trondhjem stift umiddelbart skulle avståast.

Kong Frederik 6. stritta imot til det siste. Men på eit statsråd i desember, det første på fem år, ga han etter og godtok avståinga, og ønska forhandlingar.

Les også om korleis ein flukt sikra kongelege brev.

Vanskeleg med sjølvstende i eit delt land

Men innan den meldinga nådde Carl Johan, hadde svenske styrker inntatt heile Holstein. Han hadde overtaket, og var ikkje lenger interessert i mellomløysingar. Han ville ha heile Noreg. Og det fekk han.

– Kieltraktaten vekte nok blanda kjensler i Noreg: På den eine sida var folk forarga over å bli overført frå ein monark til ein annan, men samtidig letta over at landet framleis var i eit stykke, seier Maliks.

– Det er vanskeleg å tenke seg sjølvstende i eit delt land. Faren ville vere stor for at den frådelte landsdelen ville bli tettare integrert i Sverige, jamfør det som skjedde med Skåne. I staden kunne vi, som samla land, utnytte den historiske opninga som situasjonen ga, seier Maliks.

Eineveldets tid var forbi

Eit døme på korleis denne historiske opninga vart utnytta, var den såkalla Trondhjemsadressen, omtala i fleire andre kapittel i boka ”Trondheim 1814”.

Adressen var stila til statthaldar og arveprins Christian Frederik, som i februar 1814 reiste til Trondheim for å lodde viljen til sjølvstende.

Adressen var underteikna av 59 leiande kjøpmenn og embetsmenn i Trondheim. I høflege ordelag gjorde dei det klart at eineveldets tid var forbi. Dei gjekk inn for at det vart samankalla ein ”Congres”, som skulle legge ”Grundvolden for Rigets Constitution for Fremtiden”. Det var truleg første gong tanken om konstitusjonelt monarki vart fremma i så klare ordelag.

– Adressen skil seg ut i at den er heilt klar i spørsmålet om konstitusjon, og dessutan ved at den er underteikna både av embetsmenn og kjøpmenn, seier NTNU-professor Ida Bull, hovudredaktør for ”Trondheim 1814”.

Trondheim hadde ein mektig kjøpmannsstand, med mange internasjonale kontaktar, og embetsmenn med utdanning frå utlandet. Dei hadde god kunnskap om kva som låg i tida, og utnytta det historiske vindauget, seier Bull.

Stormannsmøtet på Eidsvoll seinare i februar ga det same signalet som Trondheimsadressen, og Christian Frederik lét seg overtale til å gi avkall på arveretten.

 Bilete av Trondheim

”Trondheim 1814” inneheld mykje meir enn storpolitikk. Dei tolv forfattarane bidrar med bilete frå ulike vinklar av korleis livet i byen var kring 1814, også på det sosiale, økonomiske og kulturelle området.

– Vi ville bruke hendingane i 1814 som prisme for å spegle byens historie. For å forstå 1814 må ein også vite kva som rørte seg blant på det folkelige planet, seier prosjektleiar Merete Røskaft ved Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS), som står som utgjevar av boka.

Fleire av bidraga i boka bygger på NTNUs 1814-prosjekt, ”Grunnloven og regionene: hegemoni, kontinuitet og brudd”, som vart presentert i ei artikkelsamling tidlegare i vår. ”Trondheim 1814” rettar seg mot eit breiare publikum, og er rikt illustrert.

Boka blir lansert i samband med opninga av utstillinga ”Stormaktsspill, Trondheim 1814” ved NTNU Vitenskapsmuseet. Utstillinga gir glimt av det storpolitiske spelet. Men mest plass er brukt til å vise glimt frå dagleglivet i Trondheim på denne tida.

Utstillinga vil stå ut året.

Les mer om utstillinga og opningstider på NTNU Vitenskapsmuseet sine nettsider.