Fugleinfluensa: Poker med grisen som joker

  • Publisert 01.04.04

Kvar vinter kjem influensavirus av ulike slag luskande og sett oss ut av spel. Dei bitte små inntrengarane skvisar seg inn i cellene våre, der dei setter i gang massiv kopiering av seg sjølve, og dreper vertscella. Heldigvis har kroppen vår eit effektivt forsvarssystem mot mange av desse angrepa, og heldigvis er ikkje alle virustypar i utgangspunktet i stand til å true oss menneske. Dette gjelder for eksempel fugleviruset som har herja Asia i år.

Grunnen er at det på overflata av eit virus finst eit slags festeapparat som må passe med reseptorar på cellemembranen hos mennesket, akkurat som ein nøkkel i eit nøkkelhol. Det er stort sett umulig for nøkkelen i fugleviruset å låse seg inn i våre celler. Men plutselig kan viruset mystisk nok finne ei menneskecelle kor nøkkelen passer, og det første hinderet inn i verda vår er overvunne.

Mye skal likevel til før eit fuglevirus klarer å spreie seg mellom menneske og starte eit verdsomfattande utbrot. Det ekspertane fryktar mest, er at ein person som er smitta av fugleinfluensaen, samtidig blir smitta av eit vanlig menneskeinfluensavirus. Resultatet kan i verste fall bli ein ny undertype av viruset, med dei sjukdomsframkallande eigenskapane til fugleinfluensaviruset og smitteeigenskapane til eit vanlig influensavirus. Men ennå er det så ulikt menneskevirus at våre antistoff ikkje kjenner det igjen og dermed slepper det gjennom forsvaret.

Dersom det i tillegg skjer noen små, «vellykka» feilkopieringar eller mutasjonar av den nye undertypen, kan ein supereffektiv og dødelig variant av fugleviruset vere skapt.

For å komme så langt, må viruset altså over ei rekke tøffe hinder. Da held fleire ekspertar ein knapp på grisen som virusets «joker» i dette spelet. Grisen kan nemlig lett bli smitta av både fuglevirus og menneskevirus, og det er langt meir sannsynlig at ein ny og meir tilpassa undertype virus blir danna hos grisen enn hos oss menneske.

Tekst: Elin Fugelsnes