Kva skjer med pasienten når fastlegen sluttar?
Nær alle er einige om at det er gunstig å ha den same fastlegen over tid. Men er det farleg for deg, om fastlegen din flytter eller pensjonerer seg?
Dette er ein kronikk. Den gir uttrykk for meininga til forfattaran.
Fastlegeordninga vart innførd i 2001. Den ga alle innbyggarar rett til å velje ein allmennmedisinsk lege i eigen kommune. Dette legg til rette for personleg kontinuitet mellom legen og pasienten.
Slike langvarige lege-pasient-forhold er assosiert med mindre bruk av akutte helsetenester og lågare dødeligheit, både internasjonalt og i Noreg.
Ein mykje omtalte norsk studie frå 2022, viste at pasientar med same fastlege i meir enn femten år, hadde 25 prosent lågare risiko for å døy enn pasientar med same fastlege i eitt år eller mindre.
Samtidig har det vore aukande fastlegemangel dei siste åra. Status i juli 2024, er at litt over 188 000 personar i Noreg er utan fastlege, nær 3,5 prosent av landets befolkning.
Sidan langvarige lege-pasientforhold framstår meir gunstige enn kortvarige, er det fort å anta at tap av fastlege kan vera uheldig. Du vil jau då havne i gruppa med personar som har eit kort forhold, til din nye fastlege.
Men – det er mange faktorar som påverkar kontakt og varigheit med fastlegen, som alder, kjønn og helseplager, og dessutan at folk kan bytte fastlege opptil to gonger per år.
Dette er trekk og tendensar som òg har samanheng med helse, helsetenestebruk og død. Det kan dermed vera vanskeleg å skilje kva som er effekten av eit langvarig lege-pasient-forhold, mot effekten av andre forhold ved pasienten.
Det er ikkje tilfeldig kva for pasientar som bytter fastlege oftare og dermed har kortare lege-pasientrelasjonar. Det kan gjerne vera dei som har fleire helseplager, eller opplever seg mangelfullt undersøkt, slik at dei òg vil ha tendens til fleire henvisingar til sjukehus, grunna det – og ikkje kun lege-pasientrelasjonen.
Nokre brot i lege-pasientforhold er derimot tilfeldig for pasienten, som når legen har ferie, obligatorisk teneste i sjukehus, flytter eller pensjonerer seg.
Det er rimeleg å anta at desse brota er uavhengige av forhold ved pasientane og det blir mogleg å studere effekten av å tape ein fastlege, utan forstyrring av slike trekk som påverkar både varigheit og helseutfall.
Trass fastlegemangel i mange land, har få studert dette.
Då Noreg har særs gode data på befolkninga, helsetenestebruk, død og fastlegar, vart me inspirert til å undersøke konsekvensane av fastlegesluttar, som oppstår grunna forhold ved legen og som er uunngåelege.
Mellom 2011 og 2021, gjekk 819 fastlegar av med pensjon og 228 flytta mellom fylker. Me studerte effekten på helsetenestebruk og død over fem år, ved å samanlikne dei nær 1,2 millionar pasientane tilknytt desse legane, mot liknande pasientar og fastlegar, der ein kunne anta at relasjonen heldt fram.
Me fann at for kvar 1000 pasientar som mista fastlegen, var det 13 til 16 ekstra kontaktar med legevakt og akuttmottak (sjukehus) det fyrste året. Over alle fem åra, var det rundt 148 fleire kontaktar per år i allmennpraksis og 51 ekstra planlagde kontaktar i sjukehusa kvart år. Samanlikna med pasientane som heldt fram med same lege, utgjorde dette 3 til 5 prosent auke.
Me fann ingen forskjell i død mellom pasientar som opplevde at fastlegen flytta eller pensjonerte seg, og ikkje.
Me konkluderar med at det kan vera fleire årsakar til at det er gunstig for helsa å ha den same fastlegen over tid og at det ikkje er farleg for deg om fastlegen din skal flytte eller pensjonere seg.
Auken i helsetenestebruk framstår liten til moderat og risiko for død er upåverka.
Funna står noko i kontrast til mykje forsking på kontinuitet. Det er eit teikn på at studiar av lege-pasient-forhold varigheit og brot er komplekse, slik at ulike forskingsmetodar er nødvendige, for å setje lys på ulike problemstillingar.
Fagartikkel:
Kristin Hestmann Vinjerui, Andreas Asheim, Kjartan Sarheim Anthun, Fredrik Carlsen, Bente Prytz Mjølstad, Sara Marie Nilsen, Kristine Pape, Johan Håkon Bjørngaard: General practitioners retiring or relocating and its association with healthcare use and mortality: a cohort study using Norwegian national data. BMJ Quality and Safety 2024