Ikkje metanol i kakene, men brann og smell. Foto: Colourbox

Risikerer du metanol i kakene om du bruker treform?

Professor Ivar Ståle Ertesvåg svarar på spørsmålet du ikkje visste du trengte svar på. Det lengste svaret overraskar kanskje.

NTNU TechZone er ein blogg om teknologi, naturvitskap, forsking og undervisning. Av og til får dei interessante spørsmål. Mellom anna dette:

Spørsmål

Jeg har laget en kakeform av furu som jeg tenker å steke kaker i. Har hørt at metanol dannes ved oppvarming av tremateriale. Vil det være farlig og kan det dannes uønska metanol i kakene om jeg bruker treform? Eller kan jeg trygt bruke denne formenOvnen har en makstemperatur på 300 grader, men. Ser fram til svar!

Svar

Ivar Ståle Ertesvåg er rett person å spørja. Han er professor i teknisk varmelære, med spesialisering prosessteknikk og forbrenning:

Det kan seiast mykje om dette, men då må omstenda og vilkåra presiserast nærare. Det enkle svaret er at det ikkje vert danna tresprit. Med nokre atterhald er det neppe særleg farleg på andre måtar, heller.

I verste fall kan det samle seg ei gassblanding med luft og flyktige stoff i omnen, som kan brenne. Foto: Colourbox

Tresprit  (metanol) vert danna ved “tørrdestillasjon” av trevirke; altså oppvarming utan luft/oksygen. I ein omn er det vanlegvis luft, og då vert det ikkje danna tresprit.

Ikkje metanol, men brann

Når trevirke vert varma opp i luft, vil det gasse av ein del andre flyktige stoff. Dette er gassar og vil ikkje gå inn bakverket, men nokre av dei er brennbare.

Utviklinga går sannsynlegvis så seint at dei mest brannfarlege stoffa reagerer med oksygen etter kvart, utan at ein merkar det. 
 
I verste fall kan det samle seg ei gassblanding med luft og flyktige stoff i omnen, som kan brenne.

Kan gje ein smell

Gassmengda – og energimengda – er ikkje svært stor. I verste fall kan det gje ein liten smell og ei kortvarig flamme som står ut av omnsdøra.

Smell og ei kortvarig flamme som står ut av omnsdøra.

Er ein svært uheldig, kan nokon verte treft av omnsdøra som opnar seg – og/eller få svidd hårlugg og skjegg.
 
Og har bakaren hjarteproblem frå før, kan ein slik kipp utløyse eitkvart.

Ivar Ståle Ertesvåg. Foto: NTNU

Når temperaturar opp mot 300 grader varer ei stund, kan trevirket fatne – og du får ein liten brann. Omnen vil nok avgrense dette – men baksten vert øydelagd, og du får eit svare strev med å gjere reint.
 
Kort sagt: eg trur ikkje eg ville freista, men eg trur heller ikkje det er særleg farleg.

Kort sagt: eg trur ikkje eg ville freista, men eg trur heller ikkje det er særleg farleg.

Meir informasjon

For å gje eit heilt sikkert svar, måtte vi gjere ein del forsøk med slike treformer i laboratoriet.

Det kan vere avhengig av tidsforløpet; altså kor fort og høgt stig temperaturen ; det vil vere avhengig av utforming/geometri av forma;  av omnstype og -storleik med meir. 
 
Om du er interessert i å lære meir om forbrenning, kan du ta en titt på eit utval populærvitskapelege artiklar på Gemini.