Foto: Frode Inge Helland/Wikipedia

Før fjellet går i fjorden

  • Av
    Publisert 31.08.15
    Tidligere skribent i Gemini, NTNU

Åknes på Sunnmøre er verdas kanskje mest gjennomgranska fjell. Her kan du sjå korleis forskarane overvakar fjellet.

Katastrofefilmen «Bølgen» minner oss på kva som kan skje ein dag når fjellet rasar ut. Åknes er ikkje det einaste norske fjellet som før eller seinare vil hamna i fjorden. Men raset her reknast som det største og verste vi har i vente.

Forskarar frå ei rekke fagfelt arbeider med overvaking. Utstyret, som er plassert her,  på nærare 100 målepunkt, sender informasjonen trådlaust til overvakingssenteret, døgnet rundt.

Illustrasjonen under fortel meir om kva slags reiskap forskarane nyttar:

Illustrasjon: nyhetsgrafikk.no

Klikk på bildet for større visning. Illustrasjonen er henta ifrå Gemini si papirutgåve, og er difor ikkje så leselig frå mobil. Ill: nyhetsgrafikk.no

 

Åknes er eit vakkert fjell i Sunnylvsfjorden, midt mellom tettstadene Hellesylt og Stranda. Men inni berget bur eit troll: eit system av djupe sprekkar som sakte, men sikkert vert større år for år. Den største kallast Åknesremna. Han er om lag 600 meter lang og slynger seg nedover frå eit punkt 900 meter over fjorden. Åknesremna utvidar seg med ca. tre centimeter i året. Men også andre delar av fjellet er i bevegelse.

Vi snakkar om i verste fall 50–60 millionar kubikkmeter ustabil masse. Dersom alt dette dundrar i fjorden på ein gong, får vi ein tsunami som tek strake vegen inn til Hellesylt på berre fem minutt, med ei høgd på 85 meter. Etter ti minutt har han nådd turistperla Geiranger. Den andre vegen, utover fjorden, er det seks minutt til industriplassen Stranda. Tsunamien vil total- rasere store delar av dei små samfunna langs fjorden og gjere skade heilt ut til kysten.

Det er ikkje spørsmål om viss, men om når. Det kan gå femti år – eller fem hundre. Det beste ein kan håpe på, er at skredet kjem i fleire mindre vendingar. Og det einaste ein kan gjere, er å syte for at folk vert varsla og evakuert i tide.

Sidan 2005 har forskarar frå ei rekke fagfelt arbeidd med Åknes. Dei har målt, undersøkt, analysert, berekna, modellert og simulert – alt for å komme katastrofen i forkjøpet. Dei kjem frå Norges Geotekniske Institutt (NGI), Norges geologiske undersøkelse (NGU), NTNU, SINTEF, Universitetet i Oslo og forskingsinstituttet Norsar, og frå utanlandske universitet.

Ved SINTEFs bølgjelaboratorium har dei laga ein fysisk modell for å finne ut korleis tsunamien vil oppføre seg inn- og utover fjorden. Grunnlaget er stabilitetsberekningar frå NTNU og flodbølgjeberekningar frå NGI.

Det er Åknes/Tafjord Beredskap på Stranda som no har ansvaret for den døgnkontinuerlege overvakinga. Dei nyttar avanserte, trådlause overvakingssystem som gjer det muleg å varsle raset fleire dagar, kanskje veker, før det går.

Dette er en oppdatert artikkel fra papir-Gemini fra 2012.