Terje Lohndal
Under overflata handlar språkforskinga om dei store spørsmåla, som kva det vil seie å vere menneske.
Foto: Kristoffer Furberg/NTNU UA

Utforskar matematikken i språket

Under overflata handlar språkforskinga om dei store spørsmåla, som kva det vil seie å vere menneske.

Terje Lohndal (28) er ein av mange som vil tale på Prestasjonskonferansen i Oslo som byrjar i dag i regi av mellom andre NTNU og Olympiatoppen. Føredraget sitt har han valt å kalle: «Flaks, talent eller hardt arbeid?».

Lohndal kan verte ein av tidas yngste professorar nokon sinne. Skuldast det flaks, talent eller hardt arbeid?

Du kunne kanskje ikkje gjette det berre ved å sjå på han, men Terje Lohndal ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU er allereie førsteamanuensis. Faktisk er han den aller yngste innanfor humaniora i historia.

– Det er litt morosamt, men då eg var på restaurant for ei lita tid tilbake, stoppa kelneren plutseleg opp med å helle vin oppi i glaset mitt, og spurte: Kor gamal er du eigentleg? Eg måtte no berre svare at eg er 28 år, og då vart ho litt flau og sa at ho var like gamal. Det forfølgjer meg overalt, men eg kan ikkje gjere noko med det. Eg tek det berre som eit kompliment, eg, seier Lohndal med eit lunt smil.

Genierklært

Han ser kanskje heller ikkje ut som den klassiske professoren i mange sine auge, med langt skjegg og store glasbriller, men til neste år kan han kanskje kalle seg nettopp det, professor. Han vert i så fall ein av dei yngste nokon sinne, og kan stille seg i ganske eksklusiv rekkje saman med Arne Næss, som var 27 år då han vart professor. Reglane er derimot slik at det er søknadsdatoen som tel, og Lohndal søkte om opprykk til professor tre veker før han vart 28.

– Det vil vere artig om det skjer så tidleg, men no får vi vente og sjå kva opprykkskomiteen konkluderer med, seier han beskjedent.

Ung eller ikkje. Han har fått til mykje på kort tid. Noko det akademiske miljøet og media har oppdaga. Fleire aviser var tidleg ute og genierklærte 28-åringen og gav han kallenamn som språkorganisten, stjernelingvisten, lingvistikkens Mozart og språkforskinga sitt svar på Magnus Carlsen. Han er på fornamn med den kjente lingvisten Noam Chomsky, kjent som den moderne lingvistikken sin gudfar – og i fjor hamna namnet hans der oppe blant Noregs ti mest framragande unge forskarar i Morgenbladet si kåring.

Inspirert av Dæhlie

Sjølv bryr han seg ikkje om verken kallenamna eller opphausinga av eigen person. For Terje Lohndal dreier kvardagen seg om å analysere ørsmå detaljar. Detaljar som dei fleste kanskje ikkje ville legge merke til så små dei er, men som når ein legg dei saman – vert store. Under overflata handlar språkforskinga nemleg om dei store spørsmåla som kva det vil seie å vere menneske.

Prestasjonskonferansen vert arrangert av Olympiatoppen i samarbeid med Den norske Opera & Ballet, Accenture og NTNU. Målet med konferansen er å fremje prestasjonstenkinga i toppidretten, organisasjonane og det norske samfunnet, og å etablere en møteplass for utøvarar og leiarar som søker prestasjonsutvikling.

– Eg vart sjølv inspirert av ein idrettsutøvar. Det var då eg las boka om Bjørn Dæhlie på slutten av 90-talet om korleis han måtte trene sjølv på julaftan og nyårsaftan, at det gjekk eit lys opp for meg. Eg fann ut at det kanskje var nødvendig å legge ned så mykje tid og krefter i noko for å verte verkeleg god, seier Lohndal.

Arbeidar hardt

Sjølv valte han ikkje trening 365 dagar i året utan stopp, men språkforsking. Han meiner det ligg mykje flaks i å verte best i noko, og viser til at store gjennombrot innan forsking som antibiotika var ei tilfeldig oppdaging. Men det nyttar ikkje berre med flaks, ein må ha ein viss dose talent også, ifølge lingvisten.

– Skilnaden på dei som er best og dei nest-beste, er at dei beste arbeider sjølv når dei er utslitne og eigentleg ikkje orkar meir. For å klare det, må ein ha ein viss dose talent og evne til å gjere det, og på den måten utviklar nokon seg til å verte endå betre som til dømes idrettsutøvarar som legg ned den siste treningsøkta, seier han og fortel at han meiner han berre vert betre av å arbeide hardt.

Terje Lohndal

- Fødd 1985. Vaks opp i Lyngdal i Vest-Agder

- Har bachelorgrad i lingvistikk frå Universitetet i Oslo og doktorgrad i lingvistikk frå University of Maryland i USA (2012), eit av verdas fremste senter for språkvitskapleg forsking.

- Førsteamanuensis i engelsk lingvistikk ved NTNU. Søkt om opprykk til å verte professor.

- Han leiar forskargruppa Experimental and Theoretical approaches to Human Language (ETHL), ei av NTNU sine sju Horisont 2020-grupper.

- Han har publisert ei lang rekke artiklar i leiande tidsskrift, redigert bøker og våren 2014 kjem han med ein monografi på Oxford University Press.

- Han har vorte invitert til å halde føredrag over heile verda, og leiar Ph.D-programmet i språkvitskap ved NTNU.

- I 2012 var han ein av 10 unge framragande forskarar i Morgenbladet si kåring.

Sit att i mørket

For sjølv om han var ein skuleflink ungdom, var han ikkje ein av dei ein kan lese om i media kvar vår som får seksarar i alle fag, har tid til å drive med idrett på høgt nivå og som samstundes maktar å vere sosiale i alt dei gjer.

– Eg arbeida veldig hardt på skulen, kanskje hardare enn eg trong. Eg la ned vanvittig mykje arbeid for å få gode resultat, og ofra nok mykje på vegen dit eg er no. Det er vanskeleg å opparbeide seg ein stor vennekrets når ein har veldig store ambisjonar, og eg ga opp fleire ting, som hobbyen min skyting. Framleis arbeidar eg hardt, og for meg er det umogleg gå frå jobb før fire. Som regel er eg den som sit att når alle lys er slukte og alle andre har gått heim, seier han.

Når døgeret berre har 24 timar, er det kanskje ikkje så rart at han må jobbe til alle tider av det. For det er mykje han skal nå over. I tillegg til å vere forskar er han òg leiar for doktorgradsprogrammet på det humanistiske fakultet, førelesar i engelsk språk og ein av NTNU sine faste forskingsformidlarar og har stadig kronikkar og artiklar i media.

Kunne vorte fysikar

Før han byrja på bachelorgraden sin i lingvistikk og nordisk på Universitetet i Oslo, hadde han lese heile pensumet før han byrja, og vart fort like flink som fleire av førelesarane. Men eigentleg hadde han aldri trudd han skulle bli lingvist, då han også var fagleg sterk i realfag, og fekk beskjed at han ikkje burde satse på språkfaga.

– Alle rundt meg meinte nok at eg burde bli noko anna. Det er ofte slik i dette landet når ein er flink, at alle meiner ein bør bli jurist, lege, økonom eller ingeniør. Familien ville også at eg skulle ta ei anna utdanning enn noko dei færraste veit kva er, men på den andre sida, kva visste dei om språk? Ingen i nær familie har høgare utdanning og var ikkje vante med akademisk kultur. Det har heldigvis endra seg no når dei har forstått meir av det eg driv med, seier han.

Språkmatematikaren

Å lære språk er ikkje det morosame for Lohndal. Det er systema han er oppteken av – grammatikk og logikk. Han er ein lingvist som prøver å forstå det abstrakte i språket, med andre ord kva som ligg under, eller matematikken i språket. Han kan jobbe med kva språk det måtte være, sjølv om han ikkje kan det, då hans jobb går ut på å sjå på strukturane i språka og å analysere dei.

– Eg arbeidar med å finne ut kva byggeklossane til språk er. Akkurat som kjemikarane har funne sin grunnstofftabell, prøver vi å finne ut kva grunnstoffa i språk er og dei byggeklossane som utgjer heilheita i det vi alle brukar og opplever kvar dag. Å få ei fullstending forståing av systemet bak språket er ikkje noko vi kjem til å oppnå i mi levetid, men eg håpar å vere med på å bidra til å dra fram nye sider ved det som å sjå på språk frå ulike ståstadar, seier Lohndal.

– Kva skil ape frå menneske?

Innan språkforskingsmiljøet ved NTNU er det fleire prosjekt i gang som alle ser språk frå ulike vinklar. Blant anna ser forskarar nærare på samanhengen mellom språk og minne. Sjølv held han for tida på med eit prosjekt som omfattar tospråklege språkbrukarar, grammatikk og språkblanding.

Menneskeape snakker. Foto: photos.com

Menneskeape søker kontakt. Foto: photos.com

Noko som er veldig forståeleg innan språkforskingsmiljøet på Dragvoll, men som vil være som gresk for dei fleste på Prestasjonskonferansen i Oslo. Difor har han prøvd å lage eit føredrag om språkvitskap som forsamlinga kan forstå og kjenne seg att i. Og Lohndal har funne det perfekte opningsspørsmålet:

­

­– Kva skil ein ape frå eit menneske? Jo. Språket. Du kan lære ein ape å forstå ordet «banan», men ikkje så mykje meir. Vi menneske kan produsere uendeleg mange ulike setningar. I fortid, notid og framtid. Vi kan spekulere og reflektere. Det skil oss frå andre dyr. Det gjer oss til menneske. Men kvifor er det slik?

– Mennesket er spesielt

Han tek seg tid til å stoppe og byggje opp ei spenning og forventning til kva det neste steget hans vert. Kva svarar han, og kva ligg eigentleg bak språket?

– Chomsky og mi hypotese er at det ligg noko spesielt i mennesket. Vi er preprogrammert til å lære språk. Andre forskarar meiner derimot at dette ikkje er tilfelle, men at det er summen av kognitive evner som gjer at vi kan hugse og prosessere informasjonen, og at det er det som gjer at vi kan lære språk. Eg meiner at begge perspektiva kan hjelpe oss vidare i å løyse gåta, seier han.

Med føredraget sitt framfor dei store namna på Prestasjonskonferansen, håpar han å kunne vise at NTNU er eit breiddeuniversitet, og at det skjer mykje meir enn teknologi på universitetet i Trondheim. Det er eitt av mange felt han har ei sterk meining om i universitetsdebatten. I tillegg til det, etterlyser han sterkare leiarar og ei avliving av janteloven. Han slår også eit slag for humanistisk forsking – berre for å nemne noko.