Fagfolka kritiserer, men bebuarane trivst i drabantbyane

Straks drabantbyane vaks fram, byrja kritikken av dei. I mange drabantbyar set bebuarane stor pris på nettopp det som fagfolka kritiserer.

Beboarane i drabantbyen Romolslia set stor pris på dei store opne grøntområda mellom og rundt blokkene. (Foto: Hilde Nymoen Rørtvedt)

Beboarane i drabantbyen Romolslia set stor pris på dei store opne grøntområda mellom og rundt blokkene. (Foto: Hilde Nymoen Rørtvedt)

Fleire forskarar har no retta blikket mot drabantbyane, og dei ser på desse bydelane med nye augo. Rettare sagt med bebuaranes augo.

I Oslo leier sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen eit forskingsprosjekt om livet i Groruddalen. I Trondheim er Romolslia satt under lupa. Denne bydelen er en typisk representant for fenomenet drabantby.

Landskapsgeograf Hilde Nymoen Rørtveit ved NTNU tek i sin doktorgrad for seg skiljet mellom korleis drabantbyen blir forstått og definert «utanfrå», av fagfolk, og korleis dei som bur der opplever den. Ho har funne at bebuarane jamt over trivs umåteleg.

– Eg ser ein tendens til at mykje av det som fagfolk kan definere som negativt, opplever bebuarane som noko positivt.

Baby ble døropnar

Da Rørtveit ville intervjua bebuarar i drabantbyen Romolslia, møtte ho mykje skepsis. Bebuarane er vane med at folk utanfrå har eit negativt syn på bydelen, og ikkje alle var så interesserte i å snakke med ein forskar.

Det var først da Rørtveit spurde om ho og den nyfødde dottera hennar fekk vera med i ei barselsgruppe i Romolslia, at isen vart broten. Da var vegen inn til gode samtalar opna.

– Eg vart overraska over kor lik denne drabantbyen eigentleg er andre buområde, til dømes Tyholt der eg sjølv bur. Men mange har ulike oppfatningar av dei to bydelane, og bebuarane i Romolslia opplever at dei ofte må forsvare at dei trivst der dei bur, seier Rørtveit.

Einsemd i villa, sosialt i blokk

Kvalitetar som bebuarane i Romolslia nemner er nærleiken, det sosiale nettverket og tryggleiken som dette inneber.

Fleire av dei Rørtveit intervjua, seier at dei ser på livet i villa som både utrygt og einsamt. I drabantbyen har dei naboar vegg i vegg, noko som opplevast som trygt.

«Når jeg sitter ute, vet jeg at det kommer noen som jeg kjenner. Jeg trenger ikke å dra andre steder for å treffe folk jeg trives sammen med. De er her. Det synes jeg gir en veldig god hjemmefølelse og trygghet», seier ei kvinne i 30-åra som Rørtveit har intervjua.

Livet på landet

Mange drabantbyar er bygd opp med store grøntareal mellom og rundt husa. Slik er det også i Romolslia. Fagfolk har definert dei opne områda som golde stader kor menneska kjenner seg små.

Bebuarane i Romolslia opplever derimot dei opne områda og grasplenane som ein stor kvalitet. De seier det gjev ei landleg kjensle med rikelig luft og lys.

Her går dei tur, ungane leikar på friområda og dei vaksne treffast rundt kaffi og prat på plenane. Mellom husa er det mange stader bilfritt. Det gjer det trygt å ferdast, både for små og store.

Romolslia_None.full

Fagfolk definerer dei store opne områda mellom og rundt husa som golde, mens beboarane sett stor pris på den landlege opplevinga. (Foto: Hilde Nymoen Rørtvedt)

– Bebuarane fortel at det er nesten som å bu på landsbygda, konkluderer Rørtveit.

«Vaktmestrene klipper enorme plenareal hver sommer, det er svære parker her. Jeg går ofte tur med hunden bak høgblokkene og oppå haugene, og når jeg ser utover, synes jeg det er en estetisk nytelse. Jeg synes Romolslia er vakker», seier ein eldre mannleg bebuar.

Trygg oppvekst

Rørtveit fann òg at mange unge flytter tilbake til bydelen når dei skal etablere seg med eigen familie. Unge familiefolk påpeiker at her har dei eit godt og tett nettverk av vener, foreldre og kanskje besteforeldre.

Dei peiker òg på at dei sjølv har hatt ein god oppvekst i bydelen og vil gje ungane sine den same.

«Det var et enormt samhold hele tiden. Det gjorde at det var ganske trygt å vokse opp her, noe som jeg tror er årsaken til at mange velger å flytte tilbake. Jeg kjenner mange som har kommet tilbake. Og så er det mange som alltid har bodd her liksom! Klart man kan kanskje si at det er lite fantasifullt å velge å bosette seg der man faktisk har vokst opp. Men det handler egentlig om hvor man kjenner seg hjemme. Og det er jo der man har mest lyst til å være», reflekterer ein mann i 40-åra.

Lyst og fleksibelt

Romolslia og andre drabantbyar, er teikna med inspirasjon frå blant anna funksjonalismen. Idealet var at leilegheitene skulle vere funksjonelle og at maksimalt med sollys skulle komme inn i romma og inn mellom husa.

Ein ville ut av det tette, tronge, mørke bymiljøet. Og lyset er noko bebuarane i Romolslia set pris på

Eit anna moment bebuarane ser på som positivt, er at her finn dei husvære i ulike storleiker slik at dei kan skifte bustad ut frå kva behov ein har. Veks familien, er det god sjanse for å finne seg ein større leilegheit i området.

– Ein kan behalde nabolaget, sjølv om behova endrar seg, seier Rørtveit.

«Vi tenker at vi etter hvert skal flytte over til en større leilighet her i Romolslia. Det er lettere å bytte et fysisk hus enn hele nabolaget, for her er det så mange kjente elementer», seier ei småbarnsmor som flytta til bydelen da ho og mannen skulle etablere seg med unger og familieliv.

Byen er idealet

Drabantbyane ble bygd dei tre første tiåra etter 2. verdskrig, men idéane bak har røter tilbake til tidlig 1900-tal da industrialiseringa og sterk urbanisering skapa problem i byane.

Drabantbyane skulle gje folk høve til å busette seg utanfor dei trongbudde, forureina bysentra. I små lokalsamfunn rundt byane skapte arkitektane nye bumiljø med høghus og blokker med store, opne grøntareal mellom husa. Få år etter at drabantbyane vart bygd, byrja kritikken mot konseptet.

– Kritikken var spesielt hard på 70-talet. Da blanda den seg med kampen for dei saneringstrua indre bydelane. I ettertid har drabantbyen og den tradisjonelle byen blitt ståande som motpolar.

– Det vaks fram ein oppfatning om at det gode livet var i den tradisjonelle byen. I skuggen av dette idealet, blir ikkje drabantbyen forstått på sine eigne premissar, men samanliknast ofte med kva han manglar i forhold til den tradi¬¬sjonelle byen.

– Drabantbyen blir ofte karakterisert som framandgjerande og kald, men eigentleg er det blitt tenkt lite kritisk rundt drabantbykritikken, understrekar Rørtveit.

Og det er nettopp det ho har gjort i si doktorgradsstudie.

Går bak mytane

Kritikken av drabantbyane har sjeldan tatt utgangspunkt i bebuarane sine eigne erfaringar, men har i større grad handla om byform og arkitektonisk design. Ei dominerande oppfatning blant fagfolk er at drabantbyane er dårleg planlagde og byr på lite trivelige bumiljø.

Ofte blir levekårsstatistikken tolka som å bekrefte nettopp dette, for her kjem drabantbyane ofte dårleg ut; arbeidsløysa er større, nivået på inntekt og utdanning er gjennomsnittleg lågare enn i mange andre bydelar.

I Romolslia finnes ulike leilegheiter slik at bebuerane kan velje etter behov. (Foto: Hilde Nymoen Rørtvedt)

I Romolslia finnes ulike leilegheiter slik at bebuerane kan velje etter behov. (Foto: Hilde Nymoen Rørtvedt)

Media har òg bidrege til å forsterke det etablerte bildet av drabantbyane. Undersøkingar viser derimot at trivselen ofte er god og stadstilknyttinga er sterk.

– Det er avstand mellom korleis bebuarane opplever drabantbyen og korleis fagfolk tolkar han. Noko av årsaka til det er at ein manglar kunnskap om korleis drabantbyen eigentleg fungerer som heim.

– Mitt prosjekt er å gå bak mytane gjennom å ta bebuaranes eigne erfaringar som utgangspunkt, seier Rørtveit.

Sosiale møteplassar

Dei siste åra har idealet vore fortetting og urbane bymiljø. Når arkitektar og byplanleggarar kjem med innspel for å forbetre eller pusse opp drabantbyane, kjem denne tankegangen inn, meiner Rørtveit.

– Når ein skal betre bumiljøet i drabantbyane, vil ein gjerne gjere den meir lik den tradisjonelle byen, ved å bygge tettare og få inn fleire funksjonar. Men den landlege kvaliteten kan òg vere ein ressurs, eit gode.

– Ønsket om fortetting må ikkje gå på kostand av turområder kor folk møtast og blir kjend. Det er ein utbredt oppfatning at drabantbyane manglar sosiale møteplassar, som torg, kafear og bydelsparkar.

– Men møteplassane er der allereie, dei finst på plenane mellom blokkene og dei finst innomhus i leilegheitene.

Referanse:

Eit utdrag av Hilde Nymoen Rørtveits doktorgradsarbeid «Drabantbyen som hjem i spennet mellom boligfaglige idealer og levde landskap» presenterast som eit kapittel i boka Om hus, hjem og sted».

Boka kjem ut på nyåret og er ein antologi av geografar ved NTNU. Boka gjev innsikt i kva ein heim kan vere, og korleis ein heim kan forståast på ulike vis, på ulike stader.