Illustrasjon: Line Halsnes

Orden i kaos

  • Publisert 15.02.12

Nye system for framtidas produksjon

Professor Ole Ivar Sivertsen fortel til journalist Lisa Olstad:

Professor Ole Ivar Sivertsen

Professor Ole Ivar Sivertsen

Tenk deg ei oljeplattform. Tenk på kor mange berekningar og modelleringar og simuleringar som skal til for å planlegge og bygge ei slik. Tenk på dei enorme datamengdene som blir generert innanfor design, dimensjonering, materiale, komponentar, nye maskiner, fagfolk, leverandørar, livssyklus, logistikk og ei rekke andre ting – for kvar einaste plattform som ser dagens lys.

I dag finst ei lang rekke ulike system for å lage eit ingeniørprodukt, anten produktet er ei oljeplattform eller noko heilt anna. Då snakkar eg om dataverktøy for berekningar og design. Problemet er at vi – eller industrien – ikkje alltid veit kva som finst av data eller dataverktøy, på kva for måte dei har blitt laga, kva for teknologiar dei inneheld, eller korleis vi skal nytte dei. Det kan samanliknast med ei ufatteleg diger og kaotisk boksamling på mange språk, der ingen har laga ein katalogiseringsnøkkel, ingen bruker same ordbok, og ingen har laga noko system for attfinning og deling av informasjonen som ligg der i kaoset.

NYE SYSTEM FOR FRAMTIDAS PRODUKSJON

EUROPEISK FORSKINGSPROSJEKT: LinkedDesign (Linked Knowledge in Manufacturing,
Engineering and Design for Next-Generation Production).
KOORDINATOR: SAP, Europas største IT-selskap. Prosjektleiar i Noreg: professor Ole Ivar Sivertsen, Institutt for produktutvikling og materialeNTNU.
DELTAKARAR: 13 europeiske partnarar frå industri og forskingsinstitusjonar. Frå Noreg: Aker Solutions og NTNU-institutta for produktutvikling og materiale; datateknikk og informasjonsvitskap; og produksjons- og kvalitetsteknikk. SINTEF Teknologi og samfunn er med som underleverandør til NTNU.

«Med automatisert konstruksjon kan du berre gå inn og endre ein parameter, og vips tilpassar heile designen seg dette.»

LinkedDesign har som overordna mål å integrere alt som finst av slike dataverktøy. Å lage nøklar for attfinning, og nye koplingar mellom systema og teknologiane. Å sørgje for at dei som treng informasjonen, finn han, kan nytte han, kode han, dele han med andre, og sjølv legge inn ny informasjon. Kort sagt: å gjere alle desse verktøya lett tilgjengelege og enkle å bruke.

Inni LinkedDesign-prosjektet ligg ei lang rekke delprosjekt. Eitt av dei handlar om det vi kallar automatisert konstruksjon. Tenk igjen på oljeplattforma. Ho er nitid konstruert av folk som har sete med sine datamengder og sine grafiske verktøy og teikna bit for bit. Kvar einaste komponent er omhyggeleg modellert og simulert, basert på ulike parametrar. Dette er vel og bra. Men dersom produsenten ein dag skal planlegge ei plattform som er nesten lik den førre, berre med nokre små endringar, må heile arbeidet gjerast opp att! Kvar einaste berekning, kvar einaste utteikning av kvar einaste komponent. Med automatisert konstruksjon kan du berre gå inn og endre ein parameter, og vips tilpassar heile designen seg dette. Utan å miste dei kvalitetane produktet må ha – som for eksempel styrke og tryggleik. Aker Solutions bruker allereie ein teknologi som gjer det muleg å automatisere slike design- oppgåver. I LinkedDesign vil vi forske på å gjere denne teknologien meir tilgjengeleg, brukarvenleg og transparent for ingeniørane som bruker han.

LinkedDesign

LinkedDesign er eit stort, europeisk samarbeidsprosjekt. Det skal integrere alt som finst av dataverktøy og system for berekning og design av teknologiske produkt.

Premissleverandørane våre er industrien. Det er dei som fortel oss kva dei treng, korleis dei vil at vi samhandlar, og gir oss konkrete prosjekt å arbeide med. I tillegg til IT-selskapet SAP er norske Aker Solutions, tyske Volkswagen og det italienske robotutviklingsselskapet Comau tungt inne i LinkedDesign. Vi hadde kick-off på prosjektet i september, og skal halde på i tre og eit halvt år. Til saman skal vi ved NTNU bruke seks og eit halvt årsverk på dette – og fleire av dei andre partnarane skal bruke endå meir. Så det er store greier.

Dette er eit artig prosjekt å arbeide med! Vi får jobbe saman med dei beste folka i Europa på området. Her ved NTNU er vi mellom anna gode på ingeniørretta samhandling. Det er viktig, når vi har ein liten bit vi er veldig gode på, at han blir sett saman med alle dei andre små bitane som finst rundt omkring. Eg synest òg det er viktig at Noreg, som legg mykje pengar i EU-kassa, passar på å hente dei ut att til gode forskingsprosjekt. Ved vårt institutt har vi no heile fem EU-prosjekt. Dessutan har vi fått til nokre nye og svært gode koplingar mellom fleire institutt og fakultet her ved NTNU.