Foto: Åge Hojem/NTNU Vitskapsmuseet

Det løyndomsfulle havet

  • Publisert 15.02.12

Forskingsfartøyet Gunnerus og to fjernstyrte undervassfarkostar (ROV Minerva og AUV […]

Forskingsfartøyet Gunnerus og to fjernstyrte undervassfarkostar (ROV Minerva og AUV Remus 100) har vore på sitt første tokt i regi av NTNUs nye laboratorium for avansert undervassrobotikk. Målet var å demonstrere bruk av ulike teknologiplattformer for kartlegging og gransking av havrommet. For første gong vart det nye systemet for automatisk presisjonsstyring av ROV vist i praktisk bruk. Det gule bandet er «navlestrengen» mellom Gunnerus og ROV.