Det harmoniske møtet

Innsikt i kampsport hjelper antropolog å forstå samspelet mellom menneske i den virtuelle verda.

Arbeid i den moderne verda er sjeldan ein isolert aktivitet. Vi arbeider saman, er i nettverk, utvekslar informasjon og tenester med folk nær ved og langt borte.

Samstundes er den audiovisuelle teknologien nå blitt så avansert, og så enkel å bruke, at det er mogleg for kollegar å møtast i det virtuelle rom.

Likevel reiser folk i jobbsamanheng som aldri før. Terskelen er låg for å ta morgonflyet til Oslo for å ha ein times jobbsamtale. Vi kan gjerne dra til eit anna land, eller ein annan del av verda, for å høyre på eit foredrag og sjølv halde eit innlegg.

Kvifor er det slik? Og kan vi gjere noko med det, slik at vi får meir lyst til å spare atmosfæren for endå fleire klimaøydande flyreiser?

Håkon Fyhn er stipendiat ved NTNU. Han er også ein røynd utøvar av den austlege kampsporten aikido. Han trur svaret er ja. Men då må vi lære oss nærvær på ein ny måte.

Sansar gjennom kroppen

Når vi gjer noko saman med andre menneske, er vi nær dei. Dette nærværet erfarer vi på mange plan samstundes: Vi ser dei, høyrer dei, rører ved dei, luktar dei. – Mange av sanseopplevingane er vi medvitne om. Men vi erfarer mykje meir enn det, gjennom kroppen, forklarer Fyhn.

– Dei små lydane, kremtet, hmm-et. Den lyse, syngande tonen som fortel om begeistring, eller aninga av eit kvelt gjesp som vitnar om at nokon har trøytna. Rasling av matpakkepapir eller pipet frå ein mobil-SMS. Lukta av nytrekt kaffi eller parfymen frå kollegaen ved sida av deg. Alt dette og mykje meir gjer deg nærverande og aukar sjansen for at du og dei du er saman med, deler oppleving, seier Fyhn.

Magien i det å møtast andlet til andlet ligg i deltakinga i denne umiddelbare, men for ei stor del usynlege, sfæren. Derfor flyg vi gjerne over Dovre, eller Atlanterhavet, for å treffe dei andre andlet til andlet.

Virtuelt nærvær?

– Manglande nærvær er ikkje like synleg når vi er i det virtuelle rom, forklarer Fyhn. – Så om du til dømes har ein videokonferanse der du forklarer eit eller anna, og dei andre ikkje forstår noko som helst, men er for høflege til å seie ifrå, legg du ikkje utan vidare merke til det. Du forstår ikkje intuitivt at det er slik, fordi du ikkje deler erfaring med dei andre. Og denne erkjenninga verkar framandgjerande.

Let det seg gjere å finne dette nærværet i det virtuelle rom? Fyhn trur det. Det er dette som er utgangspunktet for forskinga hans.

Og for å forstå korleis kunnskap, røynsler og innsikt kan delast, tek han filosofien i aikido til hjelp.

Å bli eitt med dei andre

– Eg bruker aikido som ein inngang til å forstå kollektivt nærvær, forklarer Fyhn. – Det vestlege, dualistiske synet på kunnskap fokuserer det einskilde individet. Vestleg tenking er oppteken av kva som skil oss frå kvarandre. Vi treng ein alternativ tenkemåte.

Ai-ki-do kan omsetjast med noko i reting av «det harmoniske møtets veg.» Det er ein kampsport, men det er og ein tenkemåte som er særleg oppteken av møtet mellom menneskesinn.

Aikido er ein form for nærkamp der ein følgjer motstandaren. Men i staden for å nedkjempe motstandaren, prøver forsvararen å bli eitt med åtaket. Det handlar ikkje om å reagere på motstandarens rørsler, men om å prøve å stemme seg inn mot det punktet der sjølve intensjonen om å røre seg tek form hos motstanderen.

– Når det skjer, deler du erfaring med den andre. Treninga for å greie dette lærer deg også noko om nærvær, forklarer Fyhn.

Det er dette møtet Fyhn undersøker: møtet der fleire menneske deler røynsler og «blir eitt» – der det blir skapt eit felles medvit. I dette spontane, kreative medvitet kan noko nytt bli skapt. Det er dette som er «det kreative møtet» kor deltakarane er spontant nærverande.

Korleis får ein til slike kreative «møte mellom menneskesinn» i det virtuelle rom?

Ritual, rytme og flyt

Det er nokre føresetnader som må vere oppfylt, er Fyhns konklusjon etter å ha vore med på nokre feltforsøk.

– Vi ser kor viktig det er å ha eit fysisk møte først, og å sette dette møtet i scene – skape eit ritual omkring det, og etablere ein felles plattform for kommunikasjon, seier han. – Når ein så møtest neste gang i det virtuelle rom, kan deltakarane flyte vidare på denne kollektive opplevinga.

Kva vil det seie i praksis?

– Vi etablerer ein sams portal, kor alle dokument og alle filar som er relevant for møtet, vert lagra på eit virtuelt bord der alle har tilgang. Her kan deltakarane gå inn og opne dokument undervegs, og alt ein gjer, vert tilgjengelig for alle andre i same augneblink, seier han.

Det er avgjerande at deltakarane ikkje opplever nokon form for forseinking i kommunikasjonen, som i satellittelefoni.

– Å meistre nettmøte er som å meistre eit språk: Det er ikkje før vi snakkar flytande, og språket sjølv blir usynlig, at det verkeleg gir nærvær, seier Fyhn, som fortel at dei har opplevd dette virtuelle nærværet i nokre korte glimt under feltforsøk.

– Det er eit punkt i medvitet der det formlause tek form. Ei erkjenning av at ein veit

kva folk skal til å seie før dei seier det. Nokon begynner på ei setning, og ein annan fullfører ho. Ein felles rytme er etablert, og dei som er til stades, kan merke den. Dei er i flytfasen. Det er dette som er essensen i aikido, forklarar Håkon Fyhn.

Tore Oksholen