NYTT LIV TIL TRUA SPRÅK

Berre nokre hundre menneske snakkar i dag sørsamisk. Språket burde difor ligge på sotteseng. Men det nektar å døy.

Det finst om lag tusen sørsamar i Noreg, og kanskje like mange i Sverige. Dei bur spreitt, frå Femunden i sør til Saltfjellet i nord. Hovudnæringa er reindrift, og mange lever eit halvnomadisk liv. Det sørsamiske språket høyrer til den finsk-ugriske språkgruppa. Det gjer også nordsamisk, men dei to språka er ikkje gjensidig forståelege. Sørsamane er slik sett ein minoritet innanfor minoriteten, og skriftspråk fekk dei først i 1974.

Ingen veit nøyaktig kor mange som snakkar sørsamisk i dag. Men anslaget er ein plass rundt 500 personar. Nokre kan mykje, andre kan lite – og dei fleste har uansett norsk eller svensk som hovudspråk.

Så små språk har i vår tid statistikken imot seg. Sørsamisk står høgt oppe på FNs«raudliste» over trua språk. Likevel, og mot alle odds: Det sørsamiske språket er på veg opp frå sotteseng.

TABUA FELL I SNÅSA – Eg er faktisk optimist, seier Inger Johansen. Ho er doktorgradsstipendiat ved Samisk høgskole i Kautokeino, men har arbeidsplassen sin ved NTNU. Johansen forskar på det sørsamiske språksamfunnet, blant anna på korleis sørsamisk blir revitalisert.

For det er nettopp ei revitalisering vi nå er vitne til. Ho skjer på fleire plan, også på dei offisielle. I år – som også er FNs internasjonale språkår – vart nemleg Snåsa kommune, og med det også Nord-Trøndelag fylkeskommune, tospråkleg. Sørsamisk har for første gong blitt forvaltingsspråk på line med norsk – i praksis og ikkje berre i teorien. Det betyr at alle kommunale og fylkeskommunale tenester og all informasjon skal tilbydast på begge språk. I tillegg forpliktar kommunen seg til å bevare, styrke og fremme bruken av sørsamisk.

Snåsa er ein av dei plassane der sørsamisk står sterkast frå før – skjønt brukarane er neppe meir enn fem prosent av folketalet. Her finst det sørsamisk kultursenter, internatskule og barnehage

– Men, seier Inger Johansen, – heilt til dei siste åra har ein knapt høyrt samisk blitt snakka på open gate i Snåsa. Det har på eit vis vore tabu. Men nå fell tabua, og fleire og fleire sørsamar snakkar sørsamisk saman når dei møtest.

FRÅ LÆRE TIL LIV – Vi veit likevel at det kan vere langt mellom liv og lære. Lovfesta retter blir slett ikkje alltid følgd opp.

Rett nok vart sørsamisk godkjend som skulespråk alt i 1978. Rett nok har sørsamiske barn sidan 1992 hatt krav på utdanning på og i sitt eige språk, heilt opp på vidaregåande nivå.

Men dei færraste har fått desse undervisningstilboda utan å kjempe hardt for dei. – Om du då i tillegg er litt usikker på den samiske identiteten din, blir det lett til at du droppar heile greia – og det er det mange som har gjort, seier Johansen.

Nå trur ho ein dårleg spiral er i ferd med å snu. Den sørsamiske barnehagen i Snåsa har til dømes som mål at alle ungane der skal ha sørsamisk som daglegspråk. For eitt av dødssymptoma til eit minoritetsspråk er når det ikkje lenger brukast i heimen, slik at det kan bli overført til den yngste generasjonen.

Eit anna er når det er umulig å få utdanning i og på minoritetsspråket. I Elgå, i Engerdal kommune, starta dei i 2001 full grunnskuleundervisning i alle fag på sørsamisk. Dette er første gongen elevar har fått opplæring i sørsamisk som førstespråk utanfor ein av sameskulane i Snåsa og Hattfjelldal. – Det veks opp ein ny generasjon med eit heilt anna forhold til språk, stoltheit og identitet. Mange som ikkje lærte sørsamisk skikkeleg som barn, er nå fast bestemt på å ta opp att språket, bruke det som heimespråk og føre det vidare til sine ungar, seier Johansen.

Ho meiner også at det utruleg sterke samhaldet samane imellom, og vilja til å reise langt og ofte for å treffe slekt og venner, er viktig for å halde oppe samisk identitet og språk.

BLANDINGSSPRÅK – Sjølv skal Johansen framover mest forske på eit blandingsspråk. Norske sørsamar har nemleg minst tre språkvarietetar å spele på: Det er sørsamisk, som ofte er knytt til reinnæringa og til slektstil høve, men som dei færraste kan fullgodt. Det er norsk, som alle beherskar og bruker i storsamfunnet. Og imellom dei to er det eit blandingsspråk, eller ein etnolekt, som er mest norsk, men med samiske ord og til dels grammatikk blanda inn. Det er dette blandingsspråket som er det vanlege sørsamar imellom, men som enno ingen har beskrive.

– Eg trur dei som kan mykje sørsamisk, puttar inn fleire samiske element enn andre gjer. Slik sett kan det hende at blandings – språket er ein døropnar til sørsamisk: at mange i alle fall bruker litt sørsamisk der dei normalt ville brukt bare norsk. Men det kan og fungere motsett: at den norske språkstrukturen som ligg i botn for denne etnolekten, gjer at mange aldri får brukt store delar av den sørsamisken dei faktisk kan, seier forskaren.

MEKANISK SYN PÅ SPRÅKDØD • Ho er likevel, som vi sa innleiingsvis, optimist. Ho trur sørsamisk overlever. – Vi får lett eit mekanisk syn på språkdød og kva som driv prosessen. Sørsamisk skulle strengt tatt ha døydd ut for lenge sidan. Men nokre eldsjeler i kvar generasjon har heldt liv i det, og eg trur talet på slike eldsjeler berre aukar. Og nå veks det opp mange ungar som så å seie er funksjonelt tospråklege frå barndommen av. Dette gjer sitt til at optimismen er stor også innanfor den sørsamiske befolkninga, slår Inger Johansen fast.

Lisa Olstad