EDBeethoven!

No kan du komponere og framføre i same millisekund. Og variasjonane du kan lage over eitt enkelt tema, er uendelege.

Sjå for deg ein konsertsal og ei scene. Sjå for deg eit symfoniorkester som framfører Ludwig van Beethovens niande symfoni, med elektriske instrument og høgtalarar.

Sjå for deg komponisten sjølv (for anledninga ikkje døv), som ruslar rundt mellom symfonikarane på scena, medan dei byrjar på fjerdesatsen.

Med sitt eige instrument, som er ein blanding av ein laptop og ein lydgenerator, fangar komponisten opp dei ulike tonane, prosesserer dei og sender dei attende i stadig nye variasjonar.

«Ode an die Freude» blir sampla (digitalisert) til nye og uventa fraseringar – men heile tida er det mogleg å kjenne att det musikalske grunntemaet.

Symfonien blir fullendt i stadig nye variantar, fordi komponisten er ein del av framføringa av komposisjonen.

Uendelege variasjonar

For gamle Ludwig sjølv er det for seint. Men musikken hans kan vi leike med. Og dagens komponistar har fått eit heilt nytt instrument: eit dataprogram for prosessering av lyd, der sjølve komponeringsarbeidet er bygd inn som ein integrert del av instrumentet. Og der komponeringa skjer samstundes med framføringa, i sanntid – live, som det heiter på musikkspråket.

Det er eit verkty for improvisasjon og variasjon. Eit dataprogram og eit musikkinstrument på same tid. Vi kan kalle det eit datainstrument.

Han som har utvikla det, er 36 år gammal og heiter Øyvind Brandtsegg.

Han er komponist, musikar og programmerar; og instrumentet er rett og slett doktorgradsarbeidet hans.

Mellom anna snakkar vi om ein ny type lydgenerator, ein partikkelsynth. Den tek tak i ein strofe – eit gitarriff, ei verseline, ein tromme solo, eller noko heilt anna – og gjer strofa om til ei rad svært korte lydpartiklar, som kan ligge ein stad mellom 1 og 10 millisekund.

Desse fragmenta kan stokkast om på i det uendelege. Det gjer det mogleg å variere utan at det musikalske emnet som ligg i botnen, blir borte.

– Å endre eit musikkparti til noko som ikkje kan kjennast att, er lett. Det er det motsette som er vanskeleg: å lage variasjonar kor det musikalske temaet er tydeleg, seier Brandtsegg.

Nytt og betre krut

Med dette datainstrumentet har Brandtsegg oppretta ein ny link mellom komposisjon og improvisasjon. På ein måte finn han opp krutet på nytt: eit nytt og mykje betre krut.

For det han gjer, har mellom anna jazzmusikarar gjort til alle tider – dei har ein komposisjon i botn, og så går dei opp på podiet og varierer over grunntemaet.

Men det er grenser for kva for lydar sjølv ein Louis Armstrong kunne lokke ut av ein trompet. – Med dette instrumentet utvidar eg den musikalske paletten med nye klangvariasjonar. Det er også nytt at sjølve komposisjonsprosessen kan styrast i sann tid.

Arbeid som tidlegare kravde papir, blyant (og viskeler!) og mange timar, kan gjerast på ein augeblink med eit instrument på scenen, seier komponisten.

Gode hjelparar

Han er sjølv utdanna ved jazzlinja ved Musikkonservatoriet, NTNU.

– Her lærte eg å improvisere på tradisjonelt vis, men eg søkte noko meir. Eg forsto at for å få dette til, måtte eg lære meg dataprogrammering, og forstå elektronikk, seier han.

Undervegs har han mellom anna utvikla ImproSculpt, ein programvare som gjorde det mogleg å sample omgjevnadane under ei framføring, og å kontrollere prosessen via kroppssensorar.

Han speler også Marimba Lumina, eit slaginstrument tillagt elektronikk som let rørslene til spelaren påverke lyden.

I arbeidet med å utvikle det nye data instrumentet har Brandtsegg vore nøydd til å søke hjelp andre stader ved universitetet.

Såleis har folk ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap assistert han med programvaren sin arkitektur, og akustikkgruppa ved Institutt for elektronikk og telekommunikasjon har vore til hjelp med ut viklinga av partikkelsynthen.

Konsert i jomfrueleg landskap

Øyvind Brandtsegg er den første ved NTNU som gjer ferdig ei doktorgradsutdanning innafor «Stipendprogrammet for kunstnarisk utviklingsverksemd». Programmet fører fram til kompetanse som førsteamanuensis, og er mellom dei første i sitt slag i Europa.

«Prøveforelesinga» var ein konsert han heldt i desember i fjor. Her hadde han ei gruppe musikarar med seg på scenen, der han var både komponist og utøvar.

– Eg legg opp ein musikalsk kurs, sender ut musikalske strofer som musikarane arbeider vidare på. Så kan eg ta deira strofer, prosessere dei og sende dei attende. Slik utviklar konserten seg.

Det er som å gå i eit jomfrueleg kvitt snølandskap, ei vidde utan eit spor nokon stad, der det er mi oppgåve å stake ut ein kurs, gå i ei retning, og så rekne med at musikarane og datamaskinane følgjer etter.

Av Tore Oksholen