Båre under høgtrykk

Korleis transportere ein kritisk skadd metningsdykkar, ein som opererer på store djup, opp av havet utan at ryggsøyle eller andre vitale kroppsdelar vert ytterlegare skada? Ein skada dykkar må transporterast gjennom tronge hol, ut av dykkarklokka og inn i trykkammeret, kor han vert dekomprimert før eventuell vidare transport til sjukehus. Her duger tradisjonelle bårer ikkje.

Safe Exit er ei båre som er utstyrt med eit ledd i hofteregionen til pasienten. Dermed kan båra bli bøygd for å kome gjennom tronge passasjar, samstundes som pasientens rygg vert halden stabil.

Konseptet er utvikla av masterstudent Marikken Høiseth ved Institutt for produktdesign. Både legar og ambulansepersonell har vore tekne med på råd for å gjere greie for dei medisinske behova. Dei tekniske spesifikasjonane er gjeve av verksemda Thelma AS.