Andreas Aase (t.v) (gitar) og Sturla Eide (fele) i aksjon. Foto: Thor Nielsen/NTNU

Gitarspel som disputas

  • Publisert 06.11.07

Andreas Aase improviserer seg gjennom sitt stipendprogram. Når tida er inne, blir resultatet lagt fram i form av ein konsert – med improviserte tonar.

Andreas Aase er nemleg kunststipendiat ved NTNUs Institutt for musikk.

Universitets- og høgskolelova likestiller kunstnerisk utviklingsarbeid med forsking, og stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid er ein parallell til forskarutdanningane organisert som doktorgradsprogram.

Stipendkonserten blir dermed for ein slags doktordisputas å rekne.

Slått treffer gitar

Andreas Aase studerer gjennom å spele gitar. Han har jamleg kontakt med den kjende folkemusikkutøvaren Geir Egil Larsen på Verdal. I møta med han blir grunnlaget lagt:

Kunststipendiaten blir tilført det materialet av slåttar han skal bruke. Slåttar er i utgangspunktet litt framand for gitaren. Dermed blir utforsking nødvendig:

– Eg høyrer på slåttane, eg arrangerer dei for gitar, tek ut nokre motiv og bearbeidar dei musikalsk, og improviserer, seier Aase.

Ulesbart

Her er det snakk om immateriell kunnskap. Dokumentasjonen av Andreas Aases arbeid skjer ved lydopptak. Han uttrykkjer det slik:

– Vi leverer kunstprodukt, ikkje litteratur. Som noen har sagt: Kvar utøvar er sitt eige dokument.

Dette handlar om mennesket som kunnskapsberar:

– Vi deler det vi veit med andre, men vi kan ikkje trykkje det.

Sluttbedømminga skjer da òg på grunnlag av ein konsert og eit munnleg forsvar av det arbeidet som er gjort. Notat frå arbeidet blir òg lagt fram som dokumentasjon.

Flyte eller skrive

Går vi frå samtalen med stipendiaten til ein konsentrert undervisningstime med John Pål Inderberg, lærar på jazzlinja ved musikkinstituttet, får vi spontant ei forklaring langs same liner:

Førsteamanuensis John Pål Inderberg (t.v.) og professor Bjørn Alterhaug ved NTNU held kurs i improvisering for bedrifter og andre. Foto: Gorm Kallestad/NTNU Info

Førsteamanuensis John Pål Inderberg (t.v.) og professor Bjørn Alterhaug ved NTNU held kurs i improvisering for bedrifter og andre. Foto: Gorm Kallestad/NTNU Info

– Vi kan ikkje stoppe og skrive ned det vi har komme fram til, då kjem vi ikkje vidare.

Prinsippet blir ikkje endra av at ein stipendiat bruker arbeidsnotat. Dei er arbeidsmiddel undervegs, ikkje mål.

Men oppsummerande merknader for ein observerande journalist går ikkje ut over flyten i Inderbergs time, dei går heller inn i den.

Læraren er midt oppi ei økt med seks førsteklassestudentar. Det han seier som oppsummering, spring rett ut av undervisningsituasjonen:

– Vi prøver å forske i praksis på kva forsking er.

Øve øret

Førsteklassingane er gjerne ikkje komne fullt så langt i utforskinga. Dei skal øve opp gehøret før dei får lov til å improvisere.

Dei må spele og synge note for note i ein Coltrane-solo frå femtitalet – dette for å kunne oppøve sitt viktigaste hjelpemiddel: øyra.

Mykje blir oppnådd allereie no, læraren seier til ein student:

– Din måte å høyre John Coltrane på er gjennom instrumentet via gehøret. Og til ein annan:

– Då eg høyrde at du spelte feil no, høyrde eg at du høyrde rett!

I lova heiter det «Forskning og faglig og kunstnerisk utviklingsarbeid».

Formelle sondringar må vere i orden, men i praksis er det ikkje greit å bygge vasstette skott. Ein kan óg leike med ord og uttrykk: utforsking, forsking på kontra forsking i.

Improvisering gammalt nytt

John Pål Inderberg er Andreas Aases rettleiar. Aase prøver å finne ut korleis ein kan kontrollere slåttematerialet improvisatorisk.

Og det blir kanskje noko igjen til forsking i den tradisjonelle tydinga av ordet, på slåttar og spelemenn:

– Eg ser kva eg kan ta med meg av fortida. Elles trur eg for min del at dei gamle spelemennene improviserte.

Improviserande spelemenn, det er det ein heile tida kjem attende til. Inderberg og andre – som Bjørn Alterhaug ved Institutt for musikk – har elles gjort mye for å spreie kunnskap om kva ein kan få ut av improvisasjonsmomentet til ulike område i samfunns- og næringsliv.

Andreas Aase trur at i den grad jazzlinja ved NTNU står sterkt, så er det i stor grad fordi lærarane der har funne ut at ein ikkje kan undervise i noe ein ikkje gjer. Det er utøvande folk, mye av tida er dei på spelejobb.

Av Kjell Håve