Det heilage moderskapet

Eit barn kjem til verda. Farskapet er udiskutabelt.
Men kven er no eigentleg mor til den velsigna ungen?

Illustrasjon: Lars Hegdal

Forplantning er ikkje kva det ein gong var. Før i tida måtte folk pent halde seg til gammelmåten, og jamvel om ein aldri kunne vere heilt trygg på kven som var far til eit barn, var det ingen tvil om mora.

No snur genteknologien tradisjonen på hovudet. Egg- og sædceller har blitt laboratorievare, og ein kan få ungar på så mange slags vis – her heime med donorsæd, utanlands også med «lånte» egg.

Kva gjer moderne bioteknologi med våre førestellingar om kva det vil seie å vere mor og far? Vert dei endra – eller er det slik at tradisjonen vert forsterka av det nyaste genteknologane får til? Dette spørsmålet stiller sosialantropolog Kristin Spilker ved NTNU i doktorgrads-arbeidet sitt.

Som så ofte når nokon stiller eit anten–eller-spørsmål, får ein eit både–og-svar. Våre tradisjonelle haldningar vert stroke både medhårs og mothårs av genteknologien. Men nokre av dei får skikkeleg juling.

Som ein sår… • «En ting er at menn sprer sine gener ved sæddonasjon, en annen ting er hvis vi (kvinner) skulle begynne å strø om oss med egg.»

Dette sitatet er henta frå ein av Spilkers informantar, og fortel om kor nært donasjon av egg og sæd er knytt saman med normer for seksuell åtferd:

– Den klassiske, historiske førestillinga er denne: Kven mor er, er eit faktum, medan fars identitet alltid vil vere usikker, seier ho.

Den nye «Lov om humanmedisinsk bruk av bioteknologi» vart vedteken i 2003. At vi nå har ein bioteknologilov som tillet donasjon av sæd, men ikkje egg, har å gjere med den historiske førestellinga, trur Spilker, og siterer ein stortingsrepresentant frå Høgre, som under debatten om den nye lova sa at «ved at man tillater eggdonasjon, bryter man ett av de hittil mest ubrytelige bånd: at mor er mor, og at det biologiske båndet mellom kvinnen som føder, og barnet, er udiskutabelt. Hvilken rett har vi til å fjerne dette bandet?»

Egget midt i solsystemet • Spilker har djupintervjua kvinner og menn som på ymse vis har vore påverka av bioteknologien, til dømes gjennom å ha gått gjennom assistert befrukting. Ho har også intervjua ekspertar, og gått gjennom og analysert politiske debattar og stortingsdokument. Her ser ho altså at både dei som regulerer lovene for bioteknologien, og dei som nyt fruktene av denne teknologien, heng fast i vante tankar om moder- og farskap.

På eit vis gjer ny bioteknologi at det for somme vert ekstra viktig å halde fast ved tradisjonelle tankar om dette.

– Når denne tradisjonsbundne forståinga vert utfordra, vert det viktig for mange at iallfall moderskapet står som ei påle. Det er dette livet kretsar rundt, seier Spilker. Ei av informantane hennar liknar tilh øvet mellom egg og sædcelle med eit solsystem: «For meg er det sånn at egget kan være sola, så er sædcellene alle planetane rundt.»

Andre kommenterer storleiken på egget, at det er mange gonger større enn sædcellene.

– Dette synet, at storleiken fortel noko grunnleggjande om kva som er viktigast, er ei gjennomg åande haldning hos informantane mine, seier ho.

Lik rett til eggceller? • Under Stortingets handsaming av den nye lova nytta dei borgarlege partia og SV tradisjonen som viktig argument for sin motstand mot eggdonasjon. Arbeidarpartiet sto åleine om å gå inn for donasjon av både sædceller og egg – og dei argumenterte ut frå likestilling.

– AP meinte at menn som var gift med infertile kvinner, burde ha same sjanse til å bli biologiske foreldre. Dessutan var desse representantane opptekne av at det ikkje m åtte bli klasseskilnader her, ved at berre dei med god råd kan reise utanlands for å gå gjennom eggdonasjon, seier Spilker.

Rot i rekneskapen • Uansett kva ein argumenterar med: Så langt verkar det ikkje som om folk tek inn over seg at dei siste nyvinningane innan bioteknologien, saman med endringar i bioteknologilova, faktisk no snur tradisjonelle «sanningar» på hovudet, seier Spilker.

– Det paradoksale er farskapet kan slåast fast med bortimot eitt hundre prosents tryggleik – medan moderskapet har blitt noko usikkert.

Forklaringa er som følgjer: For det fyrste har ein i den nye bioteknologilova oppheva anonymiteten i samband med s æddonasjon. Alles rett til å vite kven far er, er nå stadfesta ein gong for alle. For det andre har ein fått utvida rett til testing av farskapet.

Dermed har ny teknologi, saman med nye lovparagrafar, gjort farskapet sikkert. Samstundes har ny innsikt i samspelet mellom kromosom og protein i eggcella ført til at ein som er fødd gjennom eggdonasjon, på eit vis kan seiast å ha to biologiske mødrer.

– Kven skal reknast for å vere den biologiske mora? Ho som donerer egget, eller ho som ber fosteret i ni m ånader og som føder det? Når barnet har ei genetisk mor, og ei anna som ber det fram, får ein «rot i rekneskapen», seier Spilker.

Og rotet veks… • Men nettopp dette rotet er noko som kan hjelpe til å sette heile denne debatten i eit litt større perspektiv. For slikt rot – i meininga at ikkje alle har den far eller mor som ein skulle tru – finst i svært mange familiar, seier Spilker.

– Om du spør folk om tilhøva i nær familie, vil du svært ofte få til svar at, jo ein har eit søsken som har ein annan far, eller partnaren har eit søsken som er adoptert – eller eigne barn kjem frå meir enn eitt kull. Poenget er at slikt går stort sett heilt greitt, seier ho.

Med nye lover som tillet homofile og lesbiske å adoptere, veks «rotet» i omfang. Det er denne vegen utviklinga går, og då vert fokuset på «det heilage moderskapet» noko utdatert, trur Spilker.

 

Av TORE OKSHOLEN