Livet mellom 0 og 1

Letizia Jaccheri sitt profesjonelle liv spelar seg ut i spennet mellom dei einaste to digitale talla som finst.

forskerintervju

Foto: Geir Mogen

«KJÆRLIGHET OG COMPUTER» er tittelen på boka som professor Jaccheri lanserte på norsk i mai. Jaccheri har levd med informatikk i heile sitt vaksne fagliv, som vil seie om lag tjue år. Ho har programvareskaping som forskingsfelt. Korleis vert dataprogram bygd opp frå grunnen av? Korleis vert brukarar/programmerarar samde om kva for programvare dei treng? Dette er problemstillingar ho arbeider med.

Trass i at Jaccheri knapt har fylt førti, har ho vore med frå dei første datamaskinane vart tekne i bruk av vanlege folk tidleg på åttitalet. Ho byrja å forelese i informatikk som 26-åring. Til Trondheim kom ho første gongen gjennom eit studentstipend, og kontakt som vegleiaren hennar hadde med professor Reidar Conradi ved NTH. I 1995 kom ho attende og – i rask rekkefølgje – gifta seg med ein norsk mann, fekk to barn og vart professor ved NTNU.

Letizia Jaccheri har sitt eige blikk på datafaget. Det er lett å komme på den tanken at kjærleik ikkje har nokon plass i eit fag som er tufta på ein einskild binær motsetnad – på to tal, 0 og 1, og kor ingenting anna finst. Så skriv ho ei bok med desse to orda i tittelen, og nyttar dei 94 sidene mellom dei to permane til å vise at kjærleik og computar kan foreinast. Boka vart først gjeve ut på italiensk i 2003. Førsteopplaget på 3000 vart selt ut. Nå kjem den altså ut i norsk språkdrakt, på Tapir Akademisk Forlag.

Kvifor skreiv du ei slik bok?

Kanskje ein kan seie at eg skreiv ho som eigenterapi? Det handlar om å skaffe seg innsikt i eigen kompetanse. Sjølvinnsikt er også eigenterapi. Dette er forresten eit viktig mål med Ekspertar i Team, som eg er engasjert i. Når det gjeld boka, starta det med at eg skulle dra til Italia medan eg hadde sabbatsår, men av ulike årsaker ikkje kunne reise likevel. Så kva skulle eg finne på, anna enn å starte opp med undervisinga igjen? Ein dag oppretta eg eit dokument og tok til å skrive. Det blei bare slik. Etter kvart innsåg eg at teksten blei eit middel til å finne ut av mi eiga historie. På den tida var eg litt lei av både data og Noreg.

Fungerte terapien?

Eg er framleis ikkje heilt frisk! Du finn vel aldri heilt ut av deg sjølv. I dag er tilhøvet mitt til både data og Noreg godt, men litt ambivalens er alltid til stades. I alle høve vil eg seie at å skrive denne boka hjelpte mykje. Eg fekk rydda ein del ting på plass.

Du skriv om dine forsøk på å forklare folk – studentar, venninner, foreldre – sentrale omgrep i dataverda. Er dette ei populærvitskapleg bok?

Kanskje? Eg veit ikkje heilt… det er nok ikkje så reint lite pedagogikk i den første delen, men etter kvart går eg meir over til å skrive om meg sjølv. Slik sett er det ein del sjølvbiografi i boka også. Eg veit ikkje heilt kva ordet «populærvitskap» betyr. Eg begynte berre å skrive.

«Informatikkepoken snart er over,» skriv du. Kva meiner du med det?

Eg skriv vidare at den vil gje plass for drømme-epoken. Det kan sjå ut som at den tida då informatikk var eit lukka fag, snart er forbi. Informatikk er ein ung vitskap, men dei sentrale omgrepa er i ferd med å bli ålmenne, og då kan ein nytte alt faget byr på, til det ein ønskjer – til dømes til å drømme. Drømmeepoken er ei tid der korkje overleving (som i den industrielle epoken) eller effektivitet (informatikkalderen) står i fokus. Det er ei tid kor søking etter drømmer som vi deler med andre, og inspirasjon, vert den viktigaste drivkrafta i mennesket.

Mot slutten av boka fortel du ei lita historie om den unge hackerstudenten som kjem bort til deg etter ei forelesing og seier sjenert at du som er så flink, sikkert kan få jobb utanfor universitetet om du vil – og så fortel du om eit forsøk på å få deg jobb i dataverksemda Fast. Men dei unge mannfolka meinte at du, som var over tretti, var for gammal og for treg. Er det mange arrogante gutar i tjueåra i databransjen?

Det var iallfall slik på nittitalet.

Finst det eit liv for dataprofessorar etter fylte seksti?

Det trur eg nok. Du kan jo bare sjå på professorar som Kjell Bratbergsengen og Reidar Conradi, som er modne herrar og som er svært godt oppdatert på utviklinga i faget. Men for min eigen del vil eg seie at det kan godt vere at eg gjer på noko heilt anna når eg, i ei fjern framtid, fyller seksti. Ein er ikkje nøydd til å gjere det same heile livet.