Tek rotta på rotta

I det sørlege Afrika fortærar rotter årleg mais som kunne fødd millionar av menneske. Ein økonom har nøkkelen til løysinga på problemet: Rett timing.

Mastomys natalensis heiter ho, ei storvekst rotte som med jamne mellomrom straumar inn over maisåkrane i det sørlege Afrika. Eit område av verda som frå før har meir enn nok av natur- og menneskeskapte katastrofar å stri med, vert ytterlegare svekka av at smågnagarar et opp store delar av avlingane.

NTNU-professor og samfunnsøkonom Anders Skonhoft har mykje røynsle med å byggje modellar for norsk forvaltning av vilt og rovdyr som ulv, bjørn og elg. No har han granska den glupske, afrikanske gnagaren og kan fortelje at avlingssvikten på grunn av rotteskade i Tanzania er estimert til å ligge på ein stad mellom fem og femten prosent.

– Maten som forsvinn, kunne brødfødd om lag to millionar menneske årleg, seier han.

Ein har ikkje samanliknande tal frå nabolanda, men lite tyder på at situasjonen er monaleg betre her. Også i andre stader i verda er problemet merkbart. Ein reknar til dømes med at skadeverknadene i Indonesia er like store som i Tanzania.

Kva kan ein gjere med det?

REAGERER FOR SEINT

– Den tradisjonelle måten å kjempe mot rotteplagen på, har vore å legge ut gift når dei strøymer på. Men då er det for seint, seier Skonhoft.

I ein fersk studie som snart blir publisert i tidsskriftet Environment and Development Economics, forklarer Skonhoft og ei gruppe biologar frå Universitetet i Oslo korleis dei har nærma seg problemet på ein ny måte og funne fram til kor ein bør sette inn verkemidla. Når rottene har yngla, og svermar inn over maisåkrane, er det nemleg for seint å verje seg frå åtak.

Biologane har vore i felten og skaffa fram kunnskap om åtferda til rottene; korleis dei veks og formeirar seg, og korleis dei skadar avlingane. Dei har også studert kva dei lokale bøndene gjer med avlingane og med rotteplaga, og korleis klimaet påverkar det heile. Så har dei saman med økonomen modellert rotteøkologien og kostnadene ved rotteplagene i komplekse system.

Forskarane har funne at det er to tider på året at gnagarane vert ein plage – på våren, når dei et av såkorna, og på seinsommaren, når dei meskar seg med fullvaksne maiskolbar.

– Rottene gjer størst skade på såkorna. Derfor er det her motangrepet bør setjast inn, seier Skonhoft.

– GLØYM UTRYDDING

– Først og fremst handlar det om å late innsatsen bli styrt, ikkje av observasjonar av rottemengda, men av kalenderen, seier økonomiprofessoren.

Han og biologane rår bøndene til å gje opp målet om å utrydde rottebestanden, for dei ynglar så fort at det i røynda er urealistisk.

– Ein får også eit samanfall i vekst i avlingane og vekst i gnagarbestanden gjennom at begge får veksten regulert av same faktor: regn. I tørre trakter er det vatn frå himmelen som set fart på både maisen og rotteynglinga, seier Skonhoft.

Derfor bør bøndene satse alt på å slå ned rottebestanden før og under utplantinga, for å hindre at dei et såkorna. Modellforsøka som er kjørt, viser at avlingane vil vekse samstundes som kostnadene som følgjer med, vert haldne nede.

– For fattige bønder i den 3. verda er marginane små, og utgifter til såkorn, gjødsel og rottegift må takast med i modellane. Våre utrekningar tyder på at dersom dei vel denne framgangsmåten, kan utgiftene kanskje bli halvert, seier Skonhoft.

ÅLMENNINGSPROBLEMET

Prosjektet er støtta med EU-pengar. Forskarane samarbeider med bøndene lokalt for å få sett den nye framgangsmåten ut i livet. – Skal dette ha ein god effekt, er det avgjerande at bøndene samarbeider, seier professor Skonhoft.

Den såkalla ålmenningsproblematikken viser korleis det går an å vere «gratispassasjer» når nokre går til kollektive tiltak. Om ein bonde bestemmer seg for å late vere å nytte rottegift ein sesong, kan han trygt gjere det så lenge dei andre held seg til avtalen. Det løner seg slik sett å vere asosial, men totalt sett gjer det dårlege resultat.

– Dette vert vrangsida av ålmenningsproblemet: Dersom ein bonde går til krig mot rottene på rett tidspunktet, mens nabobøndene ikkje gjer det, vil han li for det ved at rotter i naboområda strøymer inn, seier Skonhoft. Han og dei andre forskarane skal nå ta tak i desse spørsmåla.

SPARAR PENGAR OG MILJØ

Gjennom denne modelleringa, som går under nemninga økologisk basert rottekontroll, har forskarane altså kome fram til ein metode som sparar både pengar og miljøet. I staden for å bruke dyr og kanskje miljøskadeleg gift mot rottene kor dei ikkje gjer nokon skade (i alle høve mot avlingane), sett ein inn eit kort og hardt støyt der det gjeld.

– Dette har vi kunne fått til gjennom samarbeid mellom økologar og økonomar. Dette samarbeidet gjev mange moglegheiter, og vi er i gang med nye prosjekt, seier professor Anders Skonhoft.

Av Tore Oksholen