Spis mordarsniglane!

Dei svære, slimete iberiasniglane har invadert store delar av Trøndelag dei seinare åra, og gjer nå livet surt for mange hageeigarar. Men Dag Dolmen, som er førsteamanuensis i zoologi ved NTNU, gjekk i sommar ut i Adresseavisen og ymta frampå om at ein i staden for å drepe dei, kan ete dei. Men Dolmen åtvarar samstundes mot å putte dei små dyra rett i gryta: – Iberiasniglane må gå i tre dagar utan tilgang på mat først, slik at dei får tømt tarmen. Elles smakar dei drit, bokstaveleg tala, forklarar NTNUforskaren, og legg til at ein også bør halde dei i isolat i denne tida, slik at dei ikkje et kvarandre.