Feila frå i går

Skjelvet under havbotnen i Indiahavet skaka ei heil verd. Når regionen skal byggast opp på ny, må vi ikkje gjenta gamle tabbar.

I den indiske delstaten Gujarat vart mykje utanlandsk hjelp pøst inn etter ein flaumkatastrofe i 2002. Ikkje alt var av det gode.  Foto: Lutheran World Relief

I den indiske delstaten Gujarat vart mykje utanlandsk hjelp pøst inn etter ein flaumkatastrofe i 2002. Ikkje alt var av det gode.
Foto: Lutheran World Relief

Jordskjelvet som skaka havbotnen utafor kysten av Malaysia, rydda plass for eit nytt ord i vokabularet vårt. Etter 2. juledag 2004 skal ein vere blind og døv for ikkje å vite kva «tsunami» tyder.Nå ventar gjenreisinga for dei som står att på raserte strender; og hjelparar verda rundt har travle tider. Skjønar hjelparane kva konsekvensane kan bli om dei trør feil?

TAKKAR NEI TIL HJELP

Teikna var der: 1-2 dagar før skjelvet som målte 9 på Richters skala, kunne kystfolk melde om hundrevis av delfinar som søkte opp i elveos. Samstundes fekk mange fiskarar langs denne delen av Malaysiakysten rekordstore fangstar. Det vart tala om «mirakelfiske».

Livet i havet flykta medan menneska vart att. Nesten ingen hadde føresetnader for å forstå kva som var i ferd med å skje. Berre dei som har erfaring frå utsette soner langsmed Stillehavet, veit kva det tyder når havet brått trekkjer seg attende. Dei for til skogs då vatnet forsvann. Slik er det også med gjenreisinga: Berre dei som har opplevd uforstandige gjevarar, og mottakarar, veit kor gale det kan gå. Som India. Landet vart hardt råka av flodbølgjekatastrofen. Likevel valde styresmaktene å takke nei til hjelp frå utlandet. Det synest arkitekt og postdok. ved NTNU, Hans Skotte, var ei klok avgjersle:

– India har erfart kva slik hjelp kan føre til, og dei vil ikkje ha det igjen.

KLIENTIFISERING

Etter storflaumar i dei indiske delstatane Orissa og Gujarat, med fleire titusen omkomne, strøymde hjelpa inn frå utlandet. Det var ikkje berre bra. Når store mengder med pengar og bistandsfolk frå heile verda fossar inn i lokalsamfunn som ikkje på noko vis er budd, kan resultata bli særs negative, også på lang sikt.

Kva talar vi om? Korrupsjon, misbruk av makt, undergraving av lokal produksjon. Klientifisering. Vi snakkar om kva som skjer når eit land, ein region, ei folkegruppe, som før greidde seg monaleg bra, vert råka av ei ulukke, så får mykje hjelp, altfor mykje, og som følgje av det ikkje får attende evna til å greie seg sjølve.

NTNU TILBYR HJELP

Fleire av NTNUs fagmiljø har kome med innspel om moglege bidrag til gjenreising av katastrofeområda, og NTNU-leiinga er i dialog med Utanriksdepartementet om saka. Eitt av forslaga er at arkitekturmiljøet ved NTNU stiller lærarpersonell til disposisjon for universitet nord og aust på Sri Lanka, slik at delar av staben der kan frigjerast til å planlegge gjenreisinga.

PÅ GJEVARENS PREMISSAR

Hans Skotte har røynsle frå gjenreising i Bosnia-Herzegovina. Han fortel om stor internasjonal godvilje og mykje pengar – og om eit samfunn som i dag, ti år etter, er prega av stillstand. Dette har fleire årsaker – årsaker som er direkte relevante for situasjonen ein står overfor etter tsunamien, meiner Skotte.

– I Bosnia vart dei overkjørt av internasjonale organisasjonar, til dømes EU, som sette som vilkår for finansieringa av attreising av hus, at bustadene vart reist på ruinane av dei gamle. Men den etniske reinsinga hadde gjort dette umogleg mange stader. Resultatet er at kvart femte hus – om lag 25 000 – står tomme i dag, seier Skotte. Når bistand vert kanalisert utanfor lokale institusjonar, vert desse svekka. Når hjelpa kjem på gjevarens premissar, tek ein ikkje omsyn til lokale røynsler, ein ignorerer lokal kompetanse. Dette blir eit svært problem den dagen dei internasjonale aktørane trekkjer seg ut.

KORRUPSJON

Sjølve storleiken på dei summane som vert køyrd inn, vert også eit problem, poengterer Skotte.

– Eigentleg er det pussig at vi ikkje er meir merksam på dette – vi som er så opptekne av at ikkje for mykje av oljepengane skal bli sprøyta inn i norsk økonomi, fordi vi fryktar skadeverknadane for eigen industri. Men det er jo dette som skjer, berre mykje sterkare, når store summar vert tømt inn i skrinne u-landsøkonomiar. Dette fører også til korrupsjon.Kven får, kven får ikkje? Uklare rutinar og uprofesjonelle, private bistandsaktørar gjer vondt verre.

– Manglande profesjonalitet hos bistands- NGO-ar (nongovernmental organizations) kan vere eit større problem enn lokal korrupsjon, meiner Skotte.

KVA KAN VI FORLANGE?

Var det då betre om den internasjonale bistanden heldt seg vekke, etter at den reine nauda er avhjelpt? Skottes instituttkollega, professor Hans Bjønness, synest ikkje det. Han er samd i at India står seg bra på å takke nei til utanlandske gjevarar, men poengterer at andre land i regionen er så fattige at dei ikkje har noko val. Men føresetnaden er at ein samarbeider tett med dei som skal ta imot hjelpa:

– Det verste som kan skje, er om vi trær våre løysingar ned over hovuda på folk. Slik gjenreising er ein vanskeleg sak, poengterer Bjønness.

– Kor skal ein bygge opp att? På den eine sida kan det vere at folk bør flytte på seg, fordi dei bur i høgrisikoområde. På den andre sida er det slik at fattige buset seg der dei kan få arbeid. Og skal ein då forlange at dei flytter dit dei inga inntekt får? Slike dilemma har ingen enkle svar.

FORSKARAR UTFORDRAR MAKTA

Cathrine Brun ved Geografisk institutt forskar på tvungen migrasjon, og har røynsle frå mellom anna Sri Lanka. Ho trur at forskarar kan vere nyttige i fasen med planlegging for gjenreising av sosial og fysisk infrastruktur og av bustader etter katastrofen.

– Eg trur forskarane kan hjelpe til med å få fram stemmene til lokalbefolkninga, og deira unike kompetanse. Forskarane kan også utfordre lokale aktørar og maktstrukturar, seier Cathrine Brun. Vest-Europa fekk Marshallhjelp etter andre verdskrigen. Dette er ein dårleg idé for landa som er ramma av flodbølgjen, seier Skotte.

– Dei har ikkje det mottaksapparatet som skal til for å administrere ein så omfattande hjelp.

– Trur du at denne regionen vil ende opp som bistandsklientar?

– Nei, eigentleg ikkje. Men eg trur regionen vil vere fattig svært lenge. leiglendingar.

 

Av Tore Oksholen