Don Quijote

Folk som har vindmøller rundt seg, er endå meir positive enn før møllene vart satt opp.

Jørgen Løvseth (70) slåst både for og mot vindmøller. Foto: Rune Petter Ness

Jørgen Løvseth (70) slåst både for og mot vindmøller.
Foto: Rune Petter Ness

YTST PÅ FORBLÅSTE SMØLA står dei. vindmøllene og deira mest trufaste våpendragar. Nå er dei alle i svevet. Anleggsbrakkene står tett i tett, og dei står ikkje tomme.

Ti nye møller er under oppføring, og det kan bli fleire. For vindentusiast Jørgen Løvseth tyder dette at tretti år med aldri sviktande engasjement til slutt ber frukter.

Når du køyrer av ferja og over siste brua, legg du samstundes dei fleste topografiske kurver bak deg. På Smøla er det meste flatt. Berga her ute er slipt ned til slake ovalar, medan dei låge trea minner om fjell- Noreg like under tregrensa.

Derfor gjev vindmøllene eit formidabelt inntrykk når dei dukkar opp i synsranda. På geledd står dei der, ranke og elegante, værar med snutene mot vinden, snur seg heile tida dit vindkasta kjem frå. Dei har eitt mål for auge: trekke mest mogleg energi ut av været.

Løvseth er ein slank sprett. Når fotografen ber han flakse om kapp med mølleblada som susar bak han, veiver han med armer og bein, lett som berre det. Likevel: Han har nyss fylt sytti. Då vart det halde eit seminar til hans ære. Det handla om vindmålingar og vindenergi og hadde bilete av vindmøller på invitasjonen. Vindmøller har vore livet hans – i alle fall den profesjonelle delen av det. For ein som kjem på vitjing, ser møllene flotte ut.

Men kva meiner dei som bur her ute, og er nøydd til å sjå på dei dagstøtt?

– Eg er glad for at du spør. For faktum er at eg kan gje eit eksakt svar: Vi har spurd dei, og før den første vindmølla vart sett opp på øya, var 60 prosent for det. Etterpå er talet 70 prosent. Så om noko generelt kan trekkast ut av denne undersøkinga, er det at folk som har dei rundt seg, er endå meir positive enn før.

Kort fortalt, Løvseth: Kva er så bra med vindmøller?

– Kort fortalt?? Greitt. Altså: Noreg har ein kapasitet på vindkraft som er minst like stor som vasskrafta. Ved å gje vindmølleparkar om lag ein prosent av arealet i landet vårt, vil møllene kunne produsere like mykje energi som vassfalla. Møllene vil stå der det bles mest, til dømes ytst langs kysten slik som her, kor busetnaden er spreidd. Derfor vil dei ikkje stå i vegen for folk. Så er dei jo pene å sjå til.

Er vindmølleforsking eit avslutta kapittel?

– På ingen måte. Du ser det på utviklinga i produksjonskapasiteten deira. For tjuge år sidan produserte ei vindmølle om lag 50 kilowatt. I dag er produksjonen 5,5 megawatt. Når storleiken på turbinane på to tiår aukar med ein faktor på 100, tyder det at vi ikkje sit med ein moden teknologi. Her er mykje å gjere.

Kvar ligg den største utfordringa?

– I at levetida på vindkraftverk i Noreg er heller kort og at driftskostnadane er for store. Årsaka er det harde klimaet, med kraftig og ofte uberekneleg vind. Påkjenninga aukar bratt med auka fart på vinden. Dette er ein teknologisk utfordring: Kvart blad må styrast individuelt i tilhøve til vindstyrken, både for å verne seg sjølv mot overlast, og for å suge ein høveleg mengde energi ut av vinden. Opp til liten kulings styrke går turbinane for fullt. Vidare oppover mot storm og orkan koplar møllene seg gradvis ut av vinden, då tek dei berre akkurat så mykje som tårn og generator tåler.

MINI-CV

  • Førsteamanuensis ved Institutt for fysikk, NTNU.
  • Fylte sytti år i haust.
  • Har forska på vindog solenergi i ein mannsalder.
  • Meiner at vindkraft er like billeg som vasskraft, om utbygginga er omfattande nok.

Kvifor driv du med dette?

– Eg synest klimaproblematikken er viktig. Slik sett er dette idealisme. Eg har i alle høve ikkje tent pengar på det. Men nå trur eg kanskje det lausnar. Både amerikanske og europeiske prognosar seier klart at vind snart vert den billigaste kjelda til elektrisitet. Fleire og fleire i Noreg trur og på det. Berre synd at vi ikkje får nok pengar til forsking, så norsk industri kan stå rusta for dei unike moglegheitene Noreg har i dette gamet. Du slåst for vindmøllene. Don Quijote slost mot dei – berre at han trudde dei var krigerske riddarar og uforstandige representantar for dei som styrte.

Har du slåst mot slike?

– Der kan eg trygt svare ja. Ny fornybar energi er i ferd med å bli konkurransedyktig i pris. Samkjøring med vasskraft gjer det mogleg å spare vatn når det bles, og det bles mest i vinterhalvåret når tilsiget er lite. Det er til og med tenkjeleg å byggje ut pumpekraft, slik at vindkraft pumper vatn opp frå eitt magasin til det neste, om vi skal ha svært stor utbygging. Derfor har du slagordet «Vind og vatn, hand i hand». Likevel er både Noregs forskingsråd og NTNU trege med å engasjere seg. Noreg har med vind og vasskraft, seinare kan hende også bølgjekraft, unike moglegheiter for eksport av elkraft frå fornybare kjelder. Og vi bør få ein norsk vindkraftindustri. Det kan gje ein ny blomstring for verkstadindustrien og distrikta våre.