UNGE OG FRAMRAGANDE

Professor Arne Brataas ved Institutt for fysikk og førsteamanuensis Thomas Tybell (bildet) ved Institutt for elektronikk og telekommunikasjon, NTNU, er peika ut som «yngre, framragande forskarar» av Noregs forskingsråd. Brataas vann med prosjektet «Fundamentals of Nanoscale Systems.».Tybell arbeider også innanfor nanoteknologi med prosjektet «Nanoscale Ferroelectrics for Oxide Nanoelectronics.»

Ordninga vart sett i gang i fjor og gjev ei pengestøtte til kvar forskar på 1,4-2 millionar kroner kvart år i inntil 5 år.

Ordninga skal hjelpe til med å dyrke fram forskingsleiarar av internasjonal toppklasse. Kandidatane må være 40 år eller yngre i søknadsåret og vere tilsett ved et norsk universitet eller forskingsinstitutt. Hovudkriteriet for utveljing vil vere vitskapleg kvalitet på høgt nivå i forhold til internasjonal standard.