NORSK VANNKRAFTEKSPERTISE I FORVITRING?

Utbygging av vasskraft har i ein mannsalder vore ei norsk paradegrein. Nå er det nesten berre utanlandske studentar som fordjupar seg i temaet, men vi treng framleis mange fagfolk innanfor dette feltet, seier seniorrådgivar Anne Thidemann hos Energibedriftenes Landsforeining (EBL). Ho synest det er ottefullt at Noreg ser ut til å miste sin spisskompetanse på dette feltet. Instituttleiar ved Vass- og miljøteknikk, professor Hallvard Ødegaard, stadfestar at få norske studentar vel vasskraftutbygging som studium, mens utanlandske studentar står i kø for å ta mastergrad i «Hydropower development» ved NTNU. Av masterstudentane på vasskraftutbygging i år er 14 utanlandske, berre tre er norske. Av seks dr.ing.-studentar innanfor dette fagområdet er det for tida berre ein nordmann.