EIN BIT AV ZODIAKEN

Labyrinten er eit urgammalt teikn eller symbol som er gjengjeve i helleristingar, måleri, steinsettingar og plantingar over hele jorda. Kva den opphavleg sto for, veit ingen, men tolkingane har vore mange. Kyrkja tok den i si tid opp som veg for botsøvingar. Vegen inn mot sentrum er rett nok lang, men fører til slutt inn til midten som mål.

Bildet, Sagittarius (skytten), frå zodiaken (dyrekrinsen), er måla av Einar Myklebust (82). Han er utdanna arkitekt ved NTH, der han også var professor til 1970. Som arkitekt har han vore med på å teikne Munch-museet i Oslo, Odontologisk institutt i Bergen og ei rekkje skolebygg.

Som biletkunstnar er Myklebust autodidakt. Sidan han fylte 75 år, har han hatt ei rekkje utstillingar i inn- og utland. Han målar nå på heiltid i sitt atelier i Stavanger. Biletet har kunstnaren måla i fleire variantar. Eit heng i Sametinget i Kautokeino. Dette biletet er det Åse Strømme Brekke frå Trondheim som eig.

Maleri: Einar Myklebust

Fotografert av Rune Petter Ness