Rett mann på rett plass?

Usikker på kva du skal bli her i livet? Ta ein test!

Dersom du er nevrotisk og utadvendt, og synest planlegging er noko herk, passar du i media. Om du er inneslutta og strengt planmessig, bør du bli SAS-pilot.

Vi veit det nå: Ting er ikkje tilfeldige. Det finst eit mønster i tilveret, mønster som legg føringar på kva vi gjer, eller bør gjere – grunnstrukturar i personlegdomane våre, strukturar vi ber med oss livet ut. Det er tale om preferansar, vaner, kva vi føretrekker: ting vi har lagt oss til gjennom oppveksten; resultat av oppdraginga vi fekk.

Eller det kan vere lagt ned i arvestoffet vårt, i måten hjernen er arrangert. På det prosaiske planet kan det dreie seg om du er høgre- eller venstrehendt. På det meir kognitive planet kan det handle om kor lett du har for å oppfatte emosjonelle signal frå dei rundt deg. Når kollegaen din kjem inn døra ein morgon medan tårene renn frå nase og auge: Helsar du god morgon og går inn på kontoret ditt medan du tenker at, stakkar, ho har visst fått ein allergisk reaksjon – eller går du bort til henne og spør korleis ho har det? Tek du signalet?

Det er ikkje éin måte å vere på som er moralsk meir høgverdig enn ein annan. Folk er ulike, heilt enkelt. Poenget er at det du driv med, må vere tilpassa det du er. Derfor er det ein marknad for ulike formar for testing og klassifisering av personlegdom: «Kom til oss, og vi skal fortelje deg kven du er!»

Trur vi på dei? Og er det i så fall klokt?

Ekstreme yttergrenser

Ved Luftkrigsskulen i Trondheim trur dei på personlegdomstestar. Christian Moldjord er høgskulelektor og tidlegare yrkesoffiser. Han fortel at dei nyttar testane til å gjere kadettane betre kjent med seg sjølv. – Vi opererer i ekstreme yttergrenser. Då har det verdi å få meir innsikt i korleis ein reagerer, og ikkje minst kvifor ein reagerer som ein gjer.

Til dømes kan det vere nyttig å samanlikne testresultata til ein person med måten han vert oppfatta på av andre han daglig arbeider saman med, seier Moldjord.

Han presiserer at han og hans kollegaer ikkje nyttar testane til å sile kandidatar ved opptak. Liknande testar er nok likevel eit aktuelt verkty for dei som tek seg av dette, men då nytta saman med mange andre former for testing av fagleg, fysisk og mental evne.

Moldjord meiner det må vere greitt å nytte slike testar til utveljing, dersom ein er på jakt etter ein bestemt personlegdomstype. Men han presiserer at dette må kombinerast med personleg intervju.

Personlegdom finst

– Forbausande stabil på tvers av språk og kultur.Det er professor i psykologi, Hilmar Nordvik ved NTNU, som seier dette, og han seier det om metoden som vert kalla NEO PI-R og som måler «femfaktormodellen» for personlegdomstrekk. Dette er den metoden for testing av personlegdom som nå er akseptert verda over, seier han.

Mange er skeptiske til om det i det heile finst nokon «personlegdom» å måle – eit slags sjelelig minste felles multiplum som psykologane kan fange inn ved å nytte ulike former for spørjeskjema. Finst personlegdomen, har den ein objektiv eksistens, eller blir den til undervegs? Blir vegen konstruert medan vi går?

På rett hylle? Enkelte av oss valde kan hende ikkje det yrket som høver best til personlegdomen vår. Tegning: Lars Hegdal

På rett hylle? Enkelte av oss valde kan hende ikkje det yrket som høver best til personlegdomen vår.
Tegning: Lars Hegdal

Professor Nordvik har forska på personlegdomstesting i lange tider. Han er ikkje i tvil om at personlegdomen finst – men det tar tid før den kjem tydeleg fram, ofte ikkje før vi har fylt tretti. Men personlegdomen vert ikkje testa direkte, derimot er det ulike trekk ved den ein søker å fange inn og måle.

Fagfolka er samde om at ein personlegdom føreset individualitet – du må ha ei kjensle av å vere ein person. Vidare må personlegdommen vere konsistent: Den må ikkje vere sett tilfeldig saman, og den må vere stabil over tid. Eit menneske som heile tida endrar reaksjonsmønster, frå den eine situasjonen til den andre eller frå den eine dagen til den andre, manglar konsistens.

– Det må også vere ei indre årsak til vår veremåte. Personlegdomen sit inni oss, og styrer kva vi tenker og føler, korleis vi handlar, forklarer professor Nordvik.

Testane i NEO PI-R består av opptil fleire hundre utsegn som ein skal ta stilling til: «Eg er ikkje spesielt glad i å småprate med ukjende.» «Det hender kollegaer på jobben motarbeider meg utan grunn.» «Eg har ein svært livlig fantasi» og så bortetter. Testane prøver å fange inn strukturelle trekk ved personlegdomen. Det betyr at desse indikatorane måler meir eller mindre det same. Men testane varierer i kor grovmaska dei er. Om personlegdomen var ei fjellkjede, nøyer dei enkle testane seg med å skissere dei største fjelltoppane. Andre tek med småknausane innimellom.

Fem slags folk

Kva kallast så fjelltoppane? Kvar topp har sitt navn.

  • Nevrotisisme – handlar om kjensler, og om kjensler som er vonde og gjer at du fungerer dårligare. Det motsette av nevrotisisme er emosjonell balanse.
  • Ekstraversjon – trivst du best på bortebane, eller på heimebane, fungerer du best i trygge og kjente omgjevnader, eller søker du helst nytt og ukjent terreng?

    KOLERIKAREN: Privatsjåfør/livvakt Emanuel Desperados er hissig og oppfarande. Ein kombinasjon av ekstraversjon og nevrotisisme.

    KOLERIKAREN: Privatsjåfør/livvakt Emanuel Desperados er hissig og oppfarande. Ein kombinasjon av ekstraversjon og nevrotisisme.

  • Openheit – let du deg lett og gjerne engasjere av nye idear, fantasi, alternative muligheiter og verdiar, eller er du «jordnær,» skeptisk til nye påfunn og luftige spekulasjonar? Søker du mot det abstrakte, eller mot det konkrete?
  • Medmenneskeligdom – er du grunnleggjande interessert i korleis andre menneske har det, lyttar du framfor å tale (skryte?) sjølv? Stoler du på andre, eller trur du at andre er ute etter å «ta deg»?
  • Planmessigheit – legg du planar, stakar ut vegen og følgjer den til målet er nådd? Held du avtalar for einkvar pris – eller let du deg lett avspore når interessante og morosame ting dukkar opp undervegs? (Det vert hevda at dei som ligg høgt på denne faktoren, ofte gjer karriere, medan dei som ligg lågt her, er meir lykkelige og tilfredse.)

Nordvik seier at universaliteten til denne modellen går på tvers av ulike kulturar. Men det kan godt vere slik at nokre kulturar/etniske grupperingar skårar høgare på ein faktor (til dømes er meir ekstroverte) enn andre.

Den rette

Personlegdomstestar kan brukast til fleire ting. Eit grunnleggande skilje er om dei vert nytta til sjølvtesting, eller til testing av andre. Sjølvtesting kan vere eit hjelpemiddel til å bli betre kjent med seg sjølv og sine muligheiter. Brukt på andre, er testing av personlegdom ofte eit verkty til å plukke rett mann/kvinne til rett jobb. Attende til piloten: Vi vil ikkje ha ein drøymande kunstnarsjel bak spakane i det flyet vi er passasjer i…

Slike testar kan også vere nyttig til å peike ut gode leiaremne: Litt lenger ned denne vegen kan testane nyttast til å skilje ut folk med manglande integritet.

MELANKOLIKAREN: Sykkelreparatørassistent Ludvig er nedslått og trist til sinns. Ein kombinasjon av introversjon og nevrotisisme.

MELANKOLIKAREN: Sykkelreparatørassistent Ludvig er nedslått og trist til sinns. Ein kombinasjon av introversjon og nevrotisisme.

Stoler vi på det?

Vi kan snu på det, og spørje om det finst andre metodar til utveljing vi stolar meir på, ved til dømes tilsettingsprosessar.

Alle metodar for utveljing har sine fallgruver. Den første er det berømmelige førsteinntrykket: Det første blikket, handtrykket, den første replikken – som kan bli styrande for resten av jobbintervjuet. Den andre fellen er det forskarane kallar «halo»-effekten – at vi generaliserer ut frå eitt einaste kjenneteikn, utan at det er dekning for det.

I slike samanhengar kan personlegdomstestar vere ein garanti mot å fare vill i tilsettingsprosessen, meiner Nordvik. Men han åtvarar mot misbruk, og nemner spesielt risikoen for overfortolking.

– Dette er eitt av fleire verkty til utveljing, og må nyttast saman med andre verkemiddel.

– Kan du, ved å bruke ein slik test, finne ut kva for jobb ein passar til?

– Eg kan nok finne ut om vedkommande heller bør bli rørleggar enn sosionom, men ikkje om ho eller han heller bør bli lege enn sosionom, svarar Nordvik. Med andre ord: Ei viss grovsortering er mulig, men ikkje meir.

FLEGMATIKAREN: Sykkelreparatør Reodor Felgen er treg og rolig. Ein kombinasjon av introversjon og emosjonell stabilitet.

FLEGMATIKAREN:
Sykkelreparatør Reodor Felgen er treg og rolig. Ein kombinasjon av introversjon og emosjonell stabilitet.

Jungiansk typeindeks

Ved NTNUs Studentservice tilbyr dei personlegdomstesting som verkty til å finne seg sjølv. Her dreier det seg om ein metode som, med Nordviks ord, kartlegger hovudtoppane, men ikkje småknausane i personlegdomen.

Jungiansk typeindex» – JTI – er ein av fleire testar i marknaden som har til felles at dei tek føre seg fire av fem fjelltoppar: Den femte, og kan hende den mørkaste og farlegaste, nevrotisisme, vert halden utafor.

JTI er positivt forma, på den måten at resultatet er positivt, i alle høve. Om du er open eller planorientert, ekstrovert eller introvert, så er ikkje det eine betre enn det andre. Det handlar om å finne muligheitene i seg sjølv, seier studie- leiar Jan Erik Tangen.

– Dette er meint å gje studentane høve til å skaffe seg meir sjølvinnsikt, og kunne ta betre val, seier Tangen, som legg til at ein må passe seg for å tolke for mykje inn i resultata. Han meiner likevel at JTI er eit godt verkty til å finne «retninga” i eins personlegdom.

Professor Nordvik har ikkje stor tru på informasjonen som testar av typen «Jungs typeindex» gjev. – Dei er hakket betre enn astrologi og grafologi (tyding av handskrift), men ikkje mykje. Men for all del: Så lenge du ikkje legg for mykje i resultatet, er slike testar rimeleg harmlause.

– Er det mulig å lure desse testane?

– Nokre testar har innebygd løgndetektor: Spørsmål som, når dei vert kombinert, avslører deg om du prøver å manipulere inntrykket testen gjev. Dette handlar om at det må vere ein indre konsistens i svara du gjev, seier Nordvik, før han legg til:

SANGVINIKAREN: Sagbruksarbeidar Solan Gundersen er lett og lystig. Ein kombinasjon av høg ekstraversjon og emosjonell stabilitet. __________________ Å analysere trekk ved personlegdomen er ikkje ei nymotens oppfinning. Allereie i antikken skildra den greske legen Hippokrates fire hovudtemperament: det sangvinske, det flegmatiske, det koleriske og det melankolske. Temperamenta vart knytt til individuelle blandingar av kroppsvæsker som blod, galle og slim – men omfattar kjensler, tankar og ytre atferd, og er nettopp tendensar til typiske reaksjonsmønster.  Ill.: www.bjergkobingspillet.dk

SANGVINIKAREN: Sagbruksarbeidar Solan Gundersen er lett og lystig. Ein kombinasjon av høg ekstraversjon og emosjonell stabilitet.
__________________
Å analysere trekk ved personlegdomen er ikkje ei nymotens oppfinning. Allereie i antikken skildra den greske legen Hippokrates fire hovudtemperament: det sangvinske, det flegmatiske, det koleriske og det melankolske. Temperamenta vart knytt til individuelle blandingar av kroppsvæsker som blod, galle og slim – men omfattar kjensler, tankar og ytre atferd, og er nettopp tendensar til typiske reaksjonsmønster.
Ill.: www.bjergkobingspillet.dk

– Det einaste måtte vere om du konsekvent kryssa av for det motsette svaralternativet du naturleg ville valt. Slik ville du fått fram eit negativ av din personlegdom: Profilen er konsistent, men den er motsett av deg. Dette ville nok vore mulig å få til, men du ville fort blitt avslørt av psykologen i det obligatoriske intervjuet som følgjer, seier professor Nordvik.

Christian Moldjord ved Luftkrigsskulen fortel at dei nyttar testar over heile spekteret, frå Jungs typeindex til NEO PI-R. Eit bruksområde er å sikre at team vert sett saman av folk som utfyller kvarandre, og slik fungerer betre til å løyse oppdrag i felten. – Det kan vere at eit lag stort sett består av idérike nytenkarar, og heilt manglar detaljisten, kvalitetssikraren. Nokre er opptekne av detaljane, andre av heilskapen. Slik er det. Vi treng dei begge, og det prøver vi å gjere kadettane medvitne om.

Men kjærleiken, då?

Om det er mogleg å finne ut kva du bør bli her i livet, kan vi ikkje nytte slike testar til å finne kjærleiken, presiserer professor Nordvik.

– Dette har eg faktisk forska på. Det er ikkje slik at like barn leikar best: Det er heller ikkje slik at ulike barn leikar best. Poenget er at dette er heilt tilfeldig. Nokre par er like, andre svært ulike, andre igjen midt imellom. Det er heller ikkje noko mønster i kva for par som held ut lengst med kvarandre, seier Nordvik.

Kjærleiken let seg ikkje teste.

Tekst: TORE OKSHOLEN