KJEMISK KUNST

I ny og ne treng Reidar Edvald Stølevik eit avbrekk […]

I ny og ne treng Reidar Edvald Stølevik eit avbrekk frå undervisning og formlar. Då plukkar han fram nokre av dei små glasa han har ståande ved datamaskina, og på eit blunk er kontoret gjort om til atelier. Teori vert til kunst når kjemiprofessoren blandar vatn og ulike kjemikaliar og let dei virke med kvarandre. Når blandingane vert dryppa på ein plastfolie, oppstår vakre mønster og fargar. Til slutt kan Stølevik gjere utsnitt og overføre motivet til papir.

Dette landskapsbildet, som for tida er professorens favoritt, har blitt til ved at to plastfoliar med ulike motiv er lagt oppå kvarandre i kopimaskina.

Kjelde: Professor Reidar Edvald Stølevik, Institutt for kjemi, NTNU