FERDIG FILETERT

Dei fleste fiskelarver har berre bruskskjelett den første levetida. Finnestråler og kalkskjelett vert ikkje utvikla før etter 4-6 veker. Mange av disse organismane er nærast usynlege for det blotte auge.

I mikroskopet ser vi at dei er fantastiske, funksjonelle og vakre skapningar som er fulle av livskraft. Har larva dårlege oppvekstvilkår, kan mykje gå gale når skjelettet skal dannast. Ved NTNU studerar forskarane

«VIRVLER».  Torskelarve, 38 dagar.

«VIRVLER».
Torskelarve, 38 dagar.

mellom anna kva slags fôr fiskelarvene treng og korleis dei veks. Misdanningar i skjelettet kan gi svar på kva som manglar i fôr eller miljø. Deformert fisk er ikkje ønskeleg, verken med tanke på velferda til fisken eller på oppdrettarane sin økonomi.

Bioingeniør Tora Bardal fotograferer tynne snitt og små organismar som ho saman med forskarane studerer nærare. Desse motiva er tatt med lysmikroskop og lupe. På fritida bruker Bardal eit meir kunstnarisk blikk på preparata. Ho endrar ikkje på strukturar og former, men bruker fargar for å framheve dei naturlege mønstra i vev og mikroskopiske planter og dyr.

Foto: Tora Bardal, Institutt for biologi, NTNU.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

«FISKEBENSMØNSTER».  Piggvarlarve, 25 dagar.

«FISKEBENSMØNSTER».
Piggvarlarve, 25 dagar.