TOGET VI MØTER

Ein sterk dur

vaknar frami mørkret,

nærmar seg i rasande hast,

veks,

fyller heile høyrsla:

no er det her – no!

Eit møtande tog,

larm og lys,

stryk forbi vårt

i stjernelaust vintermørke.

 

Med andletet klemt

mot ei dirrande rute

står vi og stirer

mot dei som er

på det andre toget,

og dei mot oss.

Men berre ein skimt –

 

berre ein skimt

inn i flygande vogner

i kvitt lys,

berre ei flimring

av andlet og andlet,

bleike og utviska

utan blikk

jager dei fram og er borte

i same sekund.

Av Halldis Moren Vesaas (1907-1995)

Diktet er hentet fra samlingen Vår uro med alt, samlet av Ove Røsbak og utgitt av Norske Sivilingeniørers Forening.