ung person på laptop

LESERREAKSJONER

Leserreaksjoner stiles til redaktørene: [email protected]

eller [email protected] og merkes «leserbrev».

Sosionomar og tru

Espen Solnørdal i København er sosionom og diakon, og takkar for at Gemini i artikkelen «Tabu!» sett fokus på eit viktig tema. «Det viktigaste eg fekk med meg frå utdanninga er understrekinga av at alle er åndelige, truande, tvilande, undrande eller kva ein vel å kalle seg. Det å opne opp for å snakke om livets store spørsmål for å kunne komme styrka ut av ein vanskeleg situasjon, er eksistensielt.

Eg har som sosialarbeidar gode erfaringar med å opne opp for å snakke om tru og dei store spørsmål, med menneske i alle aldrar og tilhøyrande forskjellege religionar,» skriv han og håper Gemini-artikkelen kan vere med på å auke frimodet til sosialarbeidarar og dempe redsla for å snakke om noko ein føler som eit tabu. «Meir livssyn inn i utdanninga kan kanskje hjelpe ein til å lettare kunne snakke om dette,» meiner Solnørdal og anbefaler samstundes Thorborg Aahlen Lenderts bok «Tro og profesjon».

Feil skjerm?

Siv.ing. og Mac-entusiast Tore Halset i Stavanger beklager at artikkelen om datasikkerhet, «Den nye fienden», ikke nevnte at det finnes alternativer til «de hullete produktene til Microsoft», og at det er vanlig blant journalister å omtale egenskaper ved Windows-produkter som om det skulle være egenskaper ved informasjonsteknologi generelt.

«Typisk nok har dere illustrert artikkelen med en fengende flott Apple-skjerm. (…) Det hadde nok vært mer korrekt om det hadde vært en Windows-logo med en hodeskalle over,» skriver Halset.