Valdebutanten

Av Tore Oksholen

Vi er midt oppe i kommunevalet. Landet over skjelv ordførarane for kjedene sine – og i Trondheim kommenterar dr.polit. Toril Aalberg valkampen på TV for NRK Midtnytt. Valet i haust er eit lokalval. Men sidan vi nå har med ein valforskar å gjere, nyttar vi høvet til å spørje om noko vi har lurt på lenge, nemleg:

Når blir Carl I. Hagen statsminister?

– Eg trur vel aldri han blir det. Sjølv om han har rydda opp i partiet sitt det siste året, er han likevel for ekstrem i meiningane sine.

Men når Anders Fogh Rasmussen kan bli det i Danmark, og Hagen jobbar med å gjere både partiet og seg sjølv stuereine – er det ikkje då ein reell sjanse for at han vinn neste stortingsval?

– Fogh Rasmussen representerer det liberale partiet Venstre, som har vore eit av Danmarks fire største parti sidan 1945. At han i 2001 blei valets vinnar, var mykje på grunn av si anti-innvandrings-haldning og fokus på lov og orden. Men partiet kan likevel ikkje samanliknast med det norske Framstegspartiet. Det danske valet i 2001 blei halde eit par månader etter 11. september, noko som sikkert kan forklare kvifor innvandringspolitikk fekk dominere valkampen. Men Hagen kan kome til å gjere det svært godt dersom innvandringspolitikk blir viktigaste sak føre neste stortingsval.

Rikspolitikken spelar ei viktig rolle også i lokalval. Trur du regjeringspartia kjem ut som vinnarar?

– Nei. Hovudgrunnen er ein utstrakt regjeringsslitasje, som vi ser har utvikla seg. Slik sett er det lettare å vere i opposisjon. Samstundes har det vore slik i ei årrekkje nå at Høgre gjer det godt i lokalval.

Den reelle politiske makta vert i aukande grad flytta, dels over til næringslivet, dels til overnasjonale organ Får val etter kvart mindre å seie?

MINI-CV:

  • Dr.polit. i statsvitskap
  • Post doc.-stipendiat ved Institutt for sosiologi og statsvitskap, NTNU
  • Aktuell som: Valkommentator på NRK

Nei, val er framleis viktig, jamvel om politikarane sjølvsagt ikkje er allmektige. Framleis er det slik at dei folkevalde kan bestemme om einskilde saker bør regulerast gjennom næringslivet eller internasjonale avtalar. Stortinget er framleis det lovgjevande organet. I prinsippet kan nasjonalforsamlinga til dømes velje å sei opp EØS-avtalen.

Veljarane vandrar meir enn nokon gong mellom partia. Kva for konsekvensar får det for din jobb som kommentator? Blir den vanskelegare?

– Det var kan hende enklare å forklare åtferda til veljarane den gongen då stemmegiving mest spegla den sosiale og økonomiske bakgrunnen deira. Stabiliteten var større. På den andre sida har forskinga kome lengre, og vi har fleire studiar å støtte oss på. Samstundes vert nok det å kommentere valkampen oppfatta som like utfordrande og vanskeleg nå som tidlegare. Media har dårleg tid, og forskarane skulle gjerne hatt meir tid til å studere datamaterialet.

Du er ung, og kvinne i ein bransje totalt dominert av middelaldrande og eldre herrar – synest du ikkje det er vanskeleg?

– Nei.

Kvifor ikkje?

– Det seier seg sjølv at dei som har halde på lengre, kan uttale seg med større tyngde. Dei har ei heilt annan referanseramme, dei kan seie «hugsar du valet i 1981…». Då var eg elleve år, og politikk var det siste eg tenkte på. Men ein kan lese seg opp på svært mykje, og ein kan uttale seg om ting sjølv om ein ikkje har levd lenge og har opplevd alt personleg.

"Den variabelen som forklarer veljaranes åtferd best, er den forskarane ikkje greier å fange opp: personlegdom"

Men kjønn og alder er viktige variablar når forskarane skal forklare kvifor folk vel som dei gjer. Er dei ikkje også viktige når det gjeld dei som forskar på val?