Fiskefeitt hemmar vekst av kreftsvulstar

I 2020 vil ein av to nordmenn ha fått kreft. Den andre er pårørande. Kreft rører oss alle. Kan hende blir fiskefeitt redninga for nokre av oss.

Forskarane slit med å stadfeste konkrete årsakstilhøve mellom kosthald og kreft.

At fiskefeitt er bra for helsa, og særskilt bra når det gjeld kreft, er kjent. Men har slikt feitt også ein terapeutisk effekt – kan det nyttast direkte i behandlinga av kreftpasientar?

Svanhild Schønberg har gode resultat med å hemme kreftcellar hos mus.

Svanhild Schønberg har gode resultat med å hemme kreftcellar hos mus.

Injiserte kreftceller

Forskar Svanhild Schønberg ved Institutt for klinisk og molekylær medisin har gjort forsøk på mus. Forsøka viser at fleirumetta feitt frå fisk verkar hemmande på utviklinga av visse former for tjukktarmskreft. Det dreier seg om coloncancercellene som kalles SW 480 og SW 620. Desse vart injisert i mus som så fekk ein diett med fleirumetta feitt.

Resultata ble lagt fram ved ein forskarkonferanse om feitt og kreft i Trondheim nylig, og vil snart bli publisert i eit internasjonalt tidsskrift.

Forskar Karl Johan Tronstad frå Universitetet i Bergen la også fram forskingsresultat ved konferansen i Trondheim. Desse viser at fettsyra TTA hemmar utviklinga av hjernekreftceller. TTA ser også ut til å ha effekt på andre former for kreft. Nå står utprøving på kreftpasientar for tur.

Mirakelkurene finst ikkje

Men det er lang veg å gå før desse funna kan omsetjast i effektiv behandling av kreftpasientar. Spørsmåla står i kø:

Olje frå torskelever - endå betre enn sitt rykte?

Olje frå torskelever – endå betre enn sitt rykte?

Er det bestemte former for umetta feitt som verkar, og spelar kvaliteten inn? At det fungerer på dyr, tyder det at det fungerer på menneske? Kan feittet takast i pilleform, eller må det vere ein del av kosthaldet?

Forskarane på området understrekar sterkt at ein har langt igjen.

Professor II ved Institutt for klinisk og molekylær medisin, Ursula Falkmer, la fram tal som viser at annankvar norske mann og kvinne vil ha kreft i år 2020. Den andre vil vere pårørande.

I dag er 150 000 nordmenn kreftsjuke til einkvar tid. 22 000 nye krefttilfelle vert oppdaga kvart år.

Steinar Tretli i Kreftregisteret forteljer at tre av ti krefttilfelle truleg skuldast kosthaldet.

Årsak og verknad

Med andre ord: Feil mat og drikke kan føre til kreft. Men derifrå og til å etablere klare årsakstilhøve, er ein vanskeleg veg.

For det første: Det er snakk om komplekse tilhøve, kor ei rad faktorar verkar saman. Det kan vere slik at forskarane først oppdagar at ein faktor X verkar bra. Men så oppdagar dei etter kvart at faktor X gjev positiv verknad bare dersom den verkar saman med faktorane A og B, og der faktor Z er fråverande. Og så bortetter.

For det andre: Når i livet er kosthaldet viktigast, i tilhøve til kva for kreftsjukdomar? Om du som 50-åring vert redd for å få sånn-og-sånn kreft, kan hende fordi andre i slekta har den, kan det vere at det var det du åt eller drakk (eller ikkje åt eller drakk) for 20 år sidan, som er viktig.

Kreftceller kan leve i kroppen i tiår før dei slår til, og brått veks og blir ein farleg svulst. Då er det kosthaldet den gongen kreftcellene festa seg, som er avgjerande.

For det tredje er det kan hende kosthaldet til mor di, medan ho gjekk gravid med deg, som var viktigast i tilhøve til den kreftformen du akkurat nå måtte lide av. Også her vert det forska meir.

Okkupasjonsmat og brystkreft

Epidemiologane veit til dømes at vaksne kvinner som var i ein viss alder under krigen, har klart lågare risiko for å få brystkreft. Dette heng venteleg saman med det spesielle kosthaldet ein hadde då, kan hende med at så mykje mat vart steikt i tran.

Men å kome vidare derifrå, til å seie kva som er lurt å ete/drikke eller ikkje ete/drikke, er ikkje så lett.