Vidbjorn reiste stein etter Erinbjorn, far sin…

…for Vidbjørn hadde viktige ting å slå fast – om seg sjølv.

Av Lisa Olstad

Når svenske Vidbjørn saman med brørne sine for tusen år sidan hyra ein runekyndig kar til å riste ord i stein, var det neppe berre for å hedre ein elska far. Andre grunnar kunne vere vel så maktpåliggjande.

Kan hende Erinbjørn-sønene trong å vise at dei og ætta deira hadde makt og status. Kan hende dei ville ha slått fast for all ettertid at dei var rettmessige arvingar til faren. Kan hende dei ville syne verda at dei var gode kristne – eller for den del sta heidningar.

I alle fall: Runesteinane står der som vitnesbyrd om ein sosial, økonomisk, politisk, juridisk og religiøs røynd – frå ei tid vi elles nesten heilt saknar skriftleg materiale frå, i vår del av verda.

Til no har steinane mest vortne tolka av lingvistar og runologar. Historieprofessor Birgit Sawyer meiner ho er bland dei fyrste til å lese dei som historiske dokument. Og ingen har teke eit samla grep om heile materialet før.

Fortel mykje om tida

Professoren med vikingtida som spesialfelt kjenner sjølvsagt til det skribentar som islandske Snorre Sturlason og danske Saxo Grammaticus skreiv om tida, nokre generasjonar etterpå. Ho kjenner og dei mellomalderske lovene, slik dei etter kvart vart nedteikna. Men ho har alltid undra seg på korleis røynda såg ut bak propagandaen – ikkje minst det som hadde å gjere med kvinnene og rettane deira.

Dei mange tusen runesteinane som står rundt om i Skandinavia, har mest alltid ein tekst som byrjar med at ein namngitt person reiser stein over ein annan namngitt person. Så kjem ofte ei oppramsing av andre slektningar – og kan hende nokre avsluttande ord.

Steinane har derfor vore sett på som minnesmerke over avlidne personar. Men Sawyer meinte at inskripsjonane kunne tale om heilt andre ting, og bestemte seg for å sjå nærare på dei.

Etter 15 års gransking av 3000 steinar er ho ikkje i tvil: Dette er skriftlege kjelder som fortel mykje om tida dei vart reist i – og som gjev opphav til ei mengd hypotesar.

– Først og fremst ser eg moten med å reise stein som eit krisesymptom, seier Sawyer.

Kompensasjon for det som forsvann

Perioden 900-1100 e.Kr. var ei omskifteleg tid i Skandinavia. Kyrkja og sentralkongemakta var på frammarsj. Lokale høvdingar mista makt, og gamle skikkar vart forbodne. Det er da også i denne perioden vi ser ein rein eksplosjon i runesteinar.

– I ei slik tid hadde dei gamle makthavarane bruk for å syne kven dei var, overfor både kongsmakt, kyrkjemakt og sambygdingar, meiner Sawyer.

– Ein fin stein reist ein stad der alle kunne sjå han, var ein bra statusmarkør. Denne hypotesen stemmer med det faktum at vi ikkje finn runesteinar på Island, der det heller ikkje var nokon krise rundt kongedømet.

Med kristendomen vart gamle gravskikkar forbodne. Ikkje fekk du haugleggje mor di, og ikkje fekk du gje ho gravgods med på vegen. “Gje heller gåvene til kyrkja,” oppmoda prestane, “så skal vi lese bøner for sjela til mor di.”

Samstundes var enno ikkje kyrkjegardar og gravsteinar slik vi kjenner dei, tekne i bruk.

– Då fylte runesteinane også det behovet. Dei vart ein kompensasjon for ritualet med hauglegging, og dei slo fast statusen til ho som var daud og ikkje minst til ætta hennar, seier Sawyer.

Bøner til Guds mor – og til æsene

Dei fleste steinane er kristne. Det ser vi av kors og andre kristne symbol, og av innskriftene.

Men vi finn og heidenske runesteinar, der reisaren til dømes ber guden Tor vigsle staden.

– Det kan vere ein heidensk protest mot denne nye kristentrua som slett ikkje alle ønska velkomen, trur Sawyer.

Det finst og nokre få steinar der til dømes husbonden knytast til åsatrua og kona hans til kristentrua.

Kyrkja oppfordra folk til å gje sjelegåver, blant anna i form av veger og bruer, så misjonærane lettare skulle ta seg fram. Mange av runesteinane er plassert nettopp ved tusen år gamle veger og bruer, som Eiksteinen i Sokndal kommune: “Sakse gjorde denne brua for at Gud som løn skulle hjelpe sjela til mor hans, Turid.” Her slo Sakse fleire fluger i ein smekk: Han fekk synt fram at han ikkje var nokon kven som helst. Han fekk laga eit ritual rundt mora si død – og han heldt seg inne med Kvitekrist og prestane. Ikkje minst fekk han sagt klårt frå om at han var arvtakar til Turid.

Syner arveretten

– Det slo meg tidleg at runesteinane ikkje kunne vere gravminne i vår forstand av ordet, seier Sawyer.

– Hovudpersonen er jo ikkje den steinen er reist over. Hovudpersonen er han eller ho som har reist den, det er alltid første namnet. Kvifor var det så viktig å nemne steinreisaren? Og kvifor var det så viktig å vise slektskapen mellom alle personane som er namngitt? Då tenkte eg: Her møter vi arvingane!

No er det berre på rundt fem prosent av steinane at arven vert eksplisitt omtalt. Likevel meiner historieprofessoren at svært mange av steinane handlar om arveretten. Når jærbuen Tore Hordsson reiste stein “…over Åsgerd, kona si, dotter av Gunnar (som var) bror til Helge på Klepp…”, så er det ei oppramsing av korleis arven går i familien: Dei barna Tore og Åsgerd hadde, hadde altså rett på arv frå både Gunnar og Helge.

– Alt som står i ein innskrift, har relevans, slår Sawyer fast.

– Steinen vitnar om slektslinene, og det som er rista i stein, står fast. Ingen skal kome etterpå og krevje ein annen rett. Og dette var viktigare enn nokon gong før, i ei tid då både konge og kyrkje var ute etter godset ditt. Steinane er ikkje rettsdokument, men dei speglar tida sin rettspraksis.

Rike kvinner, utsette jentebarn

– Det er og interessant å merke seg at kvinnene vert omtalt i heile 20 prosent av dei innskriftene som kan knytast til arv. Etter Frostatingslova hadde nemleg kvinner svært avgrensa arverett. Det lærer oss at lovene ikkje seier alt.

At kvinner så ofte vart nemnt som arvingar, har truleg å gjere med at deira levealder steig frå 1000-talet; det veit vi frå gravfunn. Kvinner fekk medgift, og ei kvinne kunne godt overleve både to-tre ektefellar og ei rekke ungar. Slik vart ho ofte sittande att som einaste arvtakar.

Dei norske, danske og vestsvenske steinane nemner ikkje så ofte døtrer. Men det gjer dei austsvenske – og då påfallande ofte fire soner og ei dotter. – Eg trur dette må tyde at dei enno dreiv med å setje ut spedbarn, seier Sawyer.

Bok og database

Professoren er klår på at det ho kjem med, er hypotesar. Dei er ikkje verifisert. Men indisia er sterke, meiner ho sjølv.

– Eg håper at nokon no kan gripe fatt i materialet og samhalde det med til dømes britiske runesteinar. I Storbritannia finst det steinar som vart reist før skandinavane kom, fortel ho.

Birgit Sawyer sitt arbeid med dei 3000 runesteinane har nedfelt seg i ei bok som har kome ut på Oxford University Press: The Viking-Age Rune-Stones: Custom and Commemoration in Early Medieval Scandinavia.

Registreringa finst og i ein stor database som Sawyer håper ho kan få gjort tilgjengeleg for alle.

Gemini fakta:

  • Runesteinane er blant dei eldste skriftlege kjeldene vi har i Skandinavia.
  • Dei fleste steinane er frå 900-1100-talet. Vi finn om lag 1700 av dei i Sverige,
  • 250 i Danmark, 50 i Noreg – men ingen på Island.
  • Det finst og rundt 50 runesteiner frå folkevandringstida, rundt 400-600 e.Kr.
  • Mange er reist nær dei vigsla heidenske plassane.
  • Dei står for det meste der de vart reist, men nokre er tatt inn i kyrkjer og på museum.
  • Nokre steinar har heidensk tekst eller symbol, men dei fleste er klårt kristne.
  • Dei kan ha både bokstavar, bilete og ornament. Nokre er enkle, andre reine kunstverk.