Mindre grubling kan utrydde depresjonar

Eit nytt forskingsprosjekt kan vise seg å hjelpe deprimerte til å bli varig friske ved å tenkje mindre og gje meir blaffen i grublinga.

– Vi lærer pasientane våre å gje meir blanke i tankane sine, seier førsteamanuensis Roger Hagen. Saman med professor Odin Hjemdal leiar han studiet som starta i januar, og som tek sikte på å behandle pasientar med depresjonar ved å nytte metakognitiv terapi. Det er ei relativt ny og for mange – ukjent behandlingsform. Såleis har ti deltakarar vore inne til behandling på poliklinikken hjå Psykologisk institutt på NTNU, og fleire kjenner allereie stor framgang.

Den nye folkesjukdomen

Depresjon

  • Ein depressiv episode vert kjenneteikna av eit svært nedsett stemningsleie, som varer i minst to veker. Dette kan vere snakk om ein enkelt episode, eller episodane kan vere tilbakevendande.
  • Depressiv liding påverkar i betydeleg grad relasjonar til familie og vener, og kan gå ut over arbeid, søvn, appetitt og helse.
  • Ein utviklar ei manglande evne til å glede seg over aktivitetar som tidlegare har vore lystbetonte.
  • Menneske ramma av depresjon kan vere opptekne av å gruble over kjensler der innhaldet er verdiløyse, skuld eller anger som er ute av proporsjonar, hjelpeløyse, håpløyse og sjølvforakt.
  • Andre symptom inkluderer nedsett konsentrasjonsevne og minne, dårleg søvn, tilbaketrekking frå sosiale situasjonar og aktivitetar, redusert seksuell lyst og tankar om sjølvmord.
  • Episodane kan vere milde, moderate eller alvorlege. Alvorleg depresjon verkar sterkt inn på evna til fungere i arbeidslivet og i sosiale settingar.
Ifølgje Helse-og omsorgsdepartementet er om lag ein fjerdedel av det norske folket ramma av ei psykisk liding, og truleg vil halvparten bli ramma av ei psykisk liding ein eller fleire gonger i løpet av livet.

Ifølgje verdas helseorganisasjon (WHO) vil depressive lidingar i 2020 være den sjukdomen som kostar samfunnet mest.

Debutalder for dei fleste psykiske lidingane er også langt lægre enn for dei vanlegaste og mest alvorlege somatiske lidingane. Mange får psykiske lidingar allereie i ungdomsalderen, og dei fleste innan dei er i 30-årsalderen.

Mange får tilbakefall

– Depresjon har vorte den mest vanlege psykiske lidinga. Likevel viser nyare statistikk at berre ein tredjedel vert friske av behandlingsforma ein tilbyr i dag. Få vert bra, og få opplever også ein god, varig effekt av desse behandlingsformene, fortel Hjemdal.

I dag får dei fleste med depresjon medikamentell behandling, men det herskar uvisse blant forskarar om kva effekt det har. Framleis er kognitiv åtferdsterapi den best dokumenterte behandlinga ved depressive lidingar, men berre ein tredjedel vert friske frå depresjonen etter ferdig behandling.

– Etter 18 månadar har også halvparten av dei som vart friske hatt tilbakefall. Det er behov for nye behandlingsmetodar, seier Hjemdal.

Reduserer grubleprosessen

Metakognitiv terapi

  • Er ei ny psykologisk behandlingsform som tek sikte på å redusere grubleprosessen hos deprimerte.
  • Metoden trenar opp pasientane til å vere observatørar til eigne tankar og la tankane vere i fred.
  • Rettar seg spesifikt mot depressiv grubling, som vert definert som ei form for vedvarande, tilbakevendande negative tenking omkring ein sjølv.
Dei to psykologane ynskjer å gå frå å jobbe med innhaldet i den deprimerte personen sine tankar, som ein gjer ved kognitiv terapi, til å redusere sjølve grubleprosessen. Pasientane som no er inne til behandling ved NTNU, får ti samtaletimar og vert følgde opp etter både eit halvt år og eit år.

– Personar med depresjonar slit ofte med ei form for vedvarande, depressiv grubling om fortida og kva som er feil i livet deira. ”Kva er det med meg? Kvifor har eg det slik?”, er tankar som hos deprimerte personar berre held fram med å kverne og kverne, og som aldri tek slutt, seier Hagen.

Må endre strategiane

Behandlarane i studiet gjev pasientane heimeoppgåver for at dei skal trene på å kontrollere tankane samstundes som at dei må forstå at tankane dei slit med, ikkje seier noko om korleis dei er som personar og kven dei er.

Personar med depresjonar utviklar ifølgje Hagen ofte strategiar som å trekkje seg tilbake frå sosiale settingar, bruke meir tid aleine, tenkje igjennom kvifor ein vart deprimert i håp om at dersom ein forstår det, så vil depresjonen forsvinne.

– Vi lærer dei at desse strategiane sjeldan vil gjere slutt på depresjonen, og at dei må la tankane og grublinga få fred, i staden for å gå inn i tankane og analysere dei i hel, fortel han.

Skeptiske i byrjinga

Fleire av pasientane var i byrjinga av prosjektet svært skeptisk til at ein berre skal gje blanke i grublinga, og meinte det høyrtes altfor enkelt ut.

– Dei spør meg om det går an å la være å gjere noko når dei negative tankane kjem, seier Hagen. Han fortel om pasientar som allereie har opplevd stor framgang av den nye behandlingsforma, og som i dag har eit mykje betre liv.

– Mange har fått ein ny innsikt i livet, kome seg ut igjen blant vener og familie, og føler ikkje seg lengre like verdilause, seier Hagen.

Metakognitiv terapi er utvikla i Manchester i løpet av dei siste 20 åra, og er ei form av kognitiv terapi. Mindre studiar gjort ved universitetet i Manchester, viser at MCT-behandling har hatt ein god effekt.

– Desse studia viser ei varig betring på mellom 70-90 prosent etter seks månadars oppfølging, der pasientar har gått frå å være sjuke til å bli friske, fortel Hagen.

Vert forskingspionerar

Det er først dei siste fem-ti åra at metoden er prøvd ut empirisk, og då berre i liten skala. Med den nye studien ved NTNU, vert forskarane dermed pionerar når dei prøver ut behandlingsforma i ein langt større skala.

Hagen og Hjemdal håpar også at forskingsgruppa vil klare å utvikle ein effektiv behandlingsmetode som kan hjelpe fleire pasientar og gje dei behandling på eit tidleg stadium, og som samstundes sørgjer for at dei ikkje får tilbakefall.

Etter at behandlingsstudiet er over, og siste pasient er ferdigbehandla, vil forskingsgruppa ved NTNU finne ut om pasientane held seg friske, eller om tilbakefallsraten er høg. I løpet av 2014 skal siste pasient vere behandla, og deretter vil det føreliggje ei publisering på resultata av studiet.

– Forhåpentlegvis vil denne forskinga vise at metakognitiv behandling fungerer, og ein kan deretter jobbe for å få innført behandlingsmetoden i Norge, seier Hjemdal.