Sensoren som Tine Almås Hunt og kollegaene Sondre Volden (t.v) og Nicolas Elvemo utviklar, gjev sjukehuspersonell kontinuerleg informasjon om pasienten sitt blodsukker. Foto: Idun Haugan/NTNU

Ny blodsukkermetode kan redde liv

NTNU-bedrifta GlucoSet står bak ein sensor som kontinuerleg kan måle blodsukkeret til kritisk sjuke pasientar. Bedrifta vann i helga Venture Cup.

Tine Almås Hunts (27) far døydde av skadane han fekk då blodsukkeret vart for lågt. No håpar ho sensoren ho er med å utvikle, kan hjelpe andre i same situasjon:

Når vi vert kritisk sjuke, stig nivået av glukose vi har i blodet. Høgt blodsukker (stresshyperglykemi) aukar risikoen for livstruande infeksjonar, og på sjukehuset vert pasientens blodglukose difor senka med insulin.

Enorme svingingar

Ved tradisjonell blodsukkermåling som er standarden for sjukehuspersonell i dag, tek ein regelmessige blodprøvar, men innimellom målingane har ein ikkje kontroll over kva som skjer. Helsepersonell prøver å balansere risikoen for infeksjonar frå stresshyperglykemi mot risikoen for farleg lågt blodsukkernivå.

Det er vanskeleg for sjukehuspersonell å kontrollere dette på ein trygg måte, noko som kan vere kritisk for alvorleg sjuke pasientar som kan oppleve store svingingar i blodsukkeret innanfor ein kort tidsperiode. Vert blodsukkeret for høgt eller for lågt, kan pasienten døy.

GlucoSet-sensoren vert ført inn i blodåra på ein kritisk sjuk pasient, og vil kontinuerleg måle blodsukkeret til pasienten. Foto: GlucoSet AS

GlucoSet-sensoren vert ført inn i blodåra på ein kritisk sjuk pasient, og vil kontinuerleg måle blodsukkeret til pasienten. Foto: GlucoSet AS

Kan redde liv

No har forskarar ved NTNU teke tak i denne problemstillinga, og er i gong med og utvikle ein ny måte å måle blodsukker på for personell på intensivavdelingar. Arbeidet med glukose-sensoren skjer både i eit forskingsprosjekt ved NTNU samt i ei NTNU-eigd bedrift ved namn GlucoSet AS.

Med deira sensor vert sjukehuspersonellet informert om blodglukosenivået og om det endrar seg, slik at det trygt kan verte nnormaliserast på ein trygg måte og risikoen redusert.

– Denne metoden tilbyr ein ny måte å måle blodsukkeret kontinuerlig på, og dermed vert det lettare å stabilisere det på ein trygg måte. Vi trur at GlucoSet kan redde mange liv, spare sjukehusa for kostnadar og gi færre komplikasjonar. Det kan også gje pasientar og helsepersonell ein tryggleik som tidlegare ikkje har vore mogleg å tilby, fortel dagleg leiar Nicolas Elvemo i bedrifta GlucoSet.

Vart kritisk sjuk

Inne på tørrlabben på Papir-og fiberinstituttet til NTNU, står bioingeniør Tine Almås Hunt og kjemikar Sondre Volden og studerer ein oljedråpe i eit mikroskop. Dei jobbar med å optimalisere gelen som skal ligge på tuppen av sjølve sensoren, og som skal regulere og måle blodsukkeret.

Slik verkar det

GlucoSet-sensoren vert ført inn i blodåra på ein kritisk sjuk pasient, og består av en biosensor med ein hydrogel som ligg på tuppen av ein optisk fiber. Sensoren er dekka av ein semipermeabel membran som er dekka av heparin, eit blodtynnande middel. Kort forklart kan ein seie at når ein veit gelen si lengde, veit ein også blodsukkernivået.

– Gelen består av eit «reisverk» av samankopla akrylamidkjeder. Her og der er det festa borsyrer, som lett bind seg til glukosemolekyl. Når eit glukosemolekyl bind seg til to borsyrer på ulike stader i reisverket, gjer det at heile gelen vert trekt saman, og når glukosen forsvinn ut igjen, ekspanderer gelen tilbake. Ved å sende lys inn i fiberen og måle interferensen i det reflekterte lyset, veit vi heile tida den nøyaktige lengda på gelen, forklarar Elvemo.

For to år sidan opplevde Tine Almås Hunt at faren hennar vart kritisk sjuk og lagt inn på sjukehus. Det vart, som det plar vere når det kjem til intensivpasientar, vanskeleg å kontrollere blodsukkeret hans. Det vart tidvis altfor lågt og tidvis altfor høgt.

– Personellet på sjukehuset forsøkte å måle blodsukkeret så ofte dei kunne, men med mangel på betre utstyr, vart det vanskeleg å få kontroll over det, seier ho.

Motiverte karrierevalet

Med dagens måte å måle blodsukkeret på, får ein berre sjå kva nivå det har, og ikkje tendensane. Tine ynskjer ikkje å spekulere i om livet til faren kunne vore redda med GlucoSet, då kritisk sjuke pasientar ikkje berre har problem med blodsukkeret. Ho er likevel sikker på at mange liv kan verte redda i framtida på grunn av den unike sensoren som ho er med på å utvikle. Eit arbeid og ein karriereveg som vart sterkt påverka av opplevingane for to år sidan.

– Dette har klart vore personleg motiverande for mitt karriereval, og eg såg eit stort behov for eitt nytt reiskap, fortel ho og legg til at GlucoSet-sensoren vil kunne halde blodsukkernivået stabilt, og heile tida gje helsepersonell nødvendig informasjon om blodsukkeret, slik at dei kan regulere dette.

Greet Van den Berghe var den første som oppdaga ein link mellom normalisert blodsukker og redusert dødelegheit i 2001. Ein større studie med namnet NICE-SUGAR åtte år seinare synte også at dødelegheit vart redusert, men i tillegg at ein ikkje utan vidare kan innføre normalisert blodsukker som retningsline på eit sjukehus, fordi dødelegheita byrjar å auke når blodsukkeret i snitt vert normalt. Dette skuldast truleg den auka risikoen for hypoglykemi (for lågt blodsukker) når ein ikkje har både hyppige og nøyaktige målingar.

Vil redusere dødelegheita

– Vi meiner NICE-SUGAR-studien synte at teknologien må verte betre før det vert trygt å normalisere blodsukkeret, ettersom hypoglykemi er såpass skadeleg. Med GlucoSet håper vi at det vert mogleg å normalisere blodsukkeret på ein trygg måte og samstundes redusere dødelegheita, fortel Elvemo som i tillegg til å vere dagleg leiar i GlucoSet AS, er utdanna lege og doktorgradsstipendiat innan klinisk medisin ved NTNU.

Blodsukkeret vårt kan variere mykje når vi vert kritisk sjuke. Den nye GlucoSet-sensoren føretek kontinuerlege målingar, og kan redde liv. Foto: GlucoSet AS.

Klikk på bildet for å sjå filmen. Den nye GlucoSet-sensoren føretek kontinuerlege målingar, og kan redde liv. Foto: GlucoSet AS.

GlucoSet-teknologien vart konstruert frå byrjinga for både å kunne framstillast i små volum i laboratoriet, men også i industriell skala for bruk i klinikkar. Produksjonsmetoden er patentert, og ein arbeidar no med å optimalisere sensoren. Sensoren skal puttast inn i blodåra, og vil ligge der og måle blodsukkeret kontinuerleg.

Private investorar

Teknologien som GlucoSet-sensoren baserer seg på vart funne opp av NTNU-tilsette, og saman med NTNU Technology Transfer AS (TTO) har dei prøvd å finne eit bruksområde for teknologien. Utviklarane er framleis med i teamet og fungerer som ei god støtte for Elvemo og dei andre i GlucoSet.

No arbeidar dei med å få finansieringa på plass, og sjølv med stønad frå Innovasjon Norge, MedTech Trondheim, NTNU Discovery og Forskningsrådet, er Elvemo & Co likevel avhengig av private investorar. For mykje gjenstår før ein har på plass eit ferdig produkt. Framleis må gelen og softwaren optimaliserast, og Elvemo fortel at dei førebels er eit par år unna å få utviklinga installert på sjukehus kring landet.

– Vi har ein jobb igjen å ta sensoren gjennom forsøk i dyr og menneskje for å få godkjent utstyret, fortel Elvemo og legg til at dei samarbeider tett med St. Olavs Hospital på brukarsida.

Høg nøyaktigheit

Resultat frå tidlegare laboratorie- og dyreforsøk har synt at GlucoSet-sensoren er svært nøyaktig, særleg i låge glukoseområder, noko som er viktig for å mogleggjere tett glukosekontroll.

Teknologien som ligg bak GlucoSet er meir nøyaktig enn andre glukosemåle-instrument på grunn av den patenterte metoden som gjer det mogleg å måle gelen si lengde og korleis den endrar seg.