Forward Loyd Remi Solberg testar ut den nye kjelken som kan sikre Noreg gull i Sotsji. Alle foto: Privat

Snusar på medalje med ny kjelke

Lukta av edelt Sotsji-metall klør i nasa til utøvarane på det norske landslaget i kjelkehockey. Det har dei ein heilt ny kjelke utvikla ved NTNU å takke for.

– Ein får meir kontroll og respons frå underlaget på grunn av eit stivare sete. Kjelken er lettare å svinge med, og er meir leiken. Spelarar som har pucken ofte og veit å utfordre, med mykje sving til høgre og venstre vil nok ha mest utbytte av denne kjelken. Den gir meg energi, rett og slett, seier Rolf-Einar Pedersen.

Ein av landslaget sine mest erfarne spelarar har spelt kjelkehockey sidan 1999, og er rekna for å vere ein av verdas beste. Høgrebacken vart påkøyrt av ein bil i 1986, og måtte amputere eine beinet. Han meiner trua på at ein har det beste utstyret, kan vere avgjerande. Og han har god tru på den nye kjelken utvikla ved NTNU.

Kjelkehockey i Dagsrevyen 26. november (sjå frå 26:50)

– Større moglegheit

– Kjelken kan vere krydderet, men nivået i kjelkehockey er råare enn nokon gong. Vi må også vere i form og lukkast med taktikken vår for at vi skal ha sjanse til å ta medalje i Paralympics. Ein optimalisering av utstyret gjer likevel at moglegheita for å vinne fleire kampar og ta medalje aukar, seier Pedersen.

Han er ein av utøvarane som har fått testa prototypen som er ferdig. Fem kjelkar vart gjort klare til då Noreg forsvarte æra si i private landslagskampar mot Sverige i Moss ishall 27. – 29. September i år.

Rolf-Einar Pedersen er ein av dei beste i verda i kjelkehockey, og er nøgd med den nye kjelken utvikla ved NTNU.

Rolf-Einar Pedersen er ein av dei beste i verda i kjelkehockey, og er nøgd med den nye kjelken utvikla ved NTNU.

– Vi byrjar å nærme oss målet, og ligg i rute for å verte ferdige til jul, som planlagt. Nett no held vi på å teste haldbarheita når det gjeld samanstøyt og tilpasningar i setet, fortel Peder Kjærnli.

– Litt uverkeleg

Det byrja som eit prosjekt i regi av Eksperter i team (EiT) ved NTNU i fjor. Prosjektet vart vidareført til masteroppgåve for fire studentar, deriblant Peder Kjærnli og Anders Seim, som i sommar tok arbeidet endå eit steg vidare.

– Vi har alltid vore interessert i sport, og var sjølve aktive langrennsløparar på junioralder. Det er eigentleg litt uverkeleg at vi fekk dette oppdraget. Det var ganske stort å få lov til å vere detektivar, og løfte små og store steinar for å finne fram til den aller beste kjelken, seier Seim på telefon frå hovudstaden.

Det er der dei to vitskaplege assistentane ved NTNU, Senter for idrettsanlegg og teknologi (SIAT) no held til – berre eit steinkast unna både landslaget og Olympiatoppen. Dei har fått stillingane ved SIAT med eit mål for auget; fullføre prosjektet og få på plass nye kjelkar til alle spelarane på landslaget i kjelkehockey i god tid før jul.

– Beste kjelken i paralympics

Prosjektet er ein del av eit større prosjekt i regi av Olympiatoppen, der visjonen er å auke det norske kjelkehockeylandslaget sin sjanse til å ta medalje i dei paralympiske leikane i den russiske byen Sotsji frå 7.-16. mars 2014. Studentane vart sette til oppdraget med å utvikle og lage ein ny og betre hockeykjelke. Ein kjelke som kan gruse den kanadiske som er mest brukt, og som kan sørgje for at Noreg ikkje berre kan snuse på det edle metallet.

Truleg vil alle kjelkane vere ferdig til jul.

Truleg vil alle kjelkane vere ferdig til jul.

Kjelkehockey er ein idrett retta mot utøvarar med funksjonshemmingar i nedre del av kroppen, og er basert på dei same prinsippa som vanleg ishockey. Spelet har høgt tempo med hyppige farts-og retningsendringar og harde kollisjonar. Utøvarane sit i ein tilpassa kjelke med skøytestål på undersida av bakre del av kjelken, og har ei tilpassa hockeykølle i kvar hand. Denne har ein todelt funksjon, der den eine enden er utstyrt med piggar som gjer at utøvarane kan stake seg framover på isen, medan den andre enden liknar ei standard hockeykølle.

Idretten vart funnen opp ved eit rehabiliteringssenter i Stockholm i 1961, men interessa for idretten kom først på 70-talet. Under Paralympics på Lillehammer i 1994 var kjelkehockey for første gong ein offisiell del av øvingane.

Då Noreg var best

I januar 2010 var det registrert 83 funksjonshemma som dreiv med ishockey i Noreg, medan det på verdsbasis er om lag 2000-2500 kjelkehockeyspelarar. Landslaget har eitt gull, to sølv og ein bronse å skilte med frå Paralympics. Laget var med i alle finalar mellom 1994 og 2009, og har fleire medaljar frå VM og EM.

– Ein fekk eit generasjonsskifte etter 2009, som gjorde at det tok tid å få på plass eit nytt samspelt og homogent lag. Når så stormaktene USA og Canada satsa stort på kjelkehockey og investerte i nye spesiallaga kjelkar, fall Noreg frå, fortel Rolf-Einar Pedersen.

Anders Seim, vitskapleg assistent ved Senter for idrettsanlegg og teknologi (SIAT). Foto: Privat

Anders Seim, vitskapleg assistent ved Senter for idrettsanlegg og teknologi (SIAT).

Det har vore lite utvikling i utstyret sidan 2000-talet, og utøvarane på landslaget sit i dag ikkje skikkeleg fast i den gamle kjelken «Proff», produsert av HandiNor. Utstyret er tungt og lite stivt, og hemmar spelarane i fleire situasjonar på isen.

– Med den nye kjelken vil spelarane vere meir i «eit med kjelken», og det er ingen tvil om at med denne har landslaget gode sjansar å ta steget tilbake der dei ein gong var. Laget har i det siste vist ein positiv trend, og nye og betre kjelkar vil gje dei eit ytterlegare løft, seier Seim.

–Betre kjelke

Seim og Kjærnli har i arbeidet sitt granska tidlegare studiar av hockeykjelkar for å finne ut korleis ein skulle gå fram. Dei var i samtalar med Olympiatoppen Midt-Norge, HandiNor og utøvarar samt tidlegare kaptein Stig Tore Svee. Svara var at den nye formelen måtte innehalde stabilitet, vere solid, ha god fastspenning og respons i kjelken, og evna til å svinge måtte bli betre.

– Det var mykje som ikkje var godt nok med den gamle kjelken. Utøvaren var ikkje godt nok festa til setet, og det oppstod uynskt rørsle mellom utøvar og sete. I tillegg vart ikkje utøvaren stroppa nær rotasjonspunkta i nedre del av kroppen, og kunne ofte bli slått ut av posisjon inne i setet ved samanstøyt, fortel Kjærnli, og legg til at ein også ynskte å lage ein kjelke som var tilpassingsdyktig, slik at alle utøvarar uavhengig av anatomiske ulikheiter skulle sitje like godt i kjelken og oppleve maksimal respons.

– Det har vi klart, og prototypen vår presterer no betydeleg betre enn ikkje berre den norske, men også dei beste kjelkane på marknaden, tilføyer Seim.

– Fekk betre score

Saman med Kjærnli har han samanlikna den nye kjelken med den utøvarane på landslaget førebels brukar og den beste kjelken på marknaden, «Ballistic». Den nye kjelken testa relativt betre enn dei andre to i alle kategoriane. Den er betre å sitje i og enklare å produsere enn den gamle kjelken, for å nemne noko.

– Vi har laga ein kjelke der utøvaren festast svært godt og blir «i eitt med» kjelken. Samstundes er kjelken betydeleg stivare som gjer at svingrørslene til utøvarane vert overført direkte ned i isen og ein opplever ein svært god respons. Utøvarane skildrar kjelken som leiken og at den gir kontant svar, seier Seim.

Peder Kjærnli, vitskapleg assistent ved Senter for idrettsanlegg og teknologi (SIAT). Foto: privat.

Peder Kjærnli, vitskapleg assistent ved Senter for idrettsanlegg og teknologi (SIAT).

– Justering for tilpasning for kvar enkelt utøvar er lagt til strategiske punkt, og det meste er små justeringar som kan gjerast på kjelken. Justerbare innlegg i setet gjer at alle utøvarane sit som støpt i setet. Dette fjernar behovet for formstøpte seter, og det gjer at det krev lav variasjon i setestørringar. Den nye kjelken tilfredsstiller også alle gjeldande reglar for idretten, skyt Kjærnli inn.

Kan det bli gull?

Den nye kjelken er i tillegg til å ha betre respons og meir stabilitet, også enklare å manøvrere. Det er små endringar på få element som skal til for å tilpasse kjelken etter utøvaren si funksjonshemming. Dette gjer at prisen kan haldast relativt låg. Understellet på kjelken er av aluminium, setet i plast og glasfiber. Dette skapar ein lettare kjelke, som samstundes er stivare og stødigare.

Kjelken har vorte produsert av Seim og Kjærnli personleg saman med studentar frå NTNU, som Tollak Ålgård og Mateusz Kostrzewa. Føreløpig er 7 kjelkar klare. Produksjonen har føregått parallelt med optimalisering av det nye setet, i løpet av hausten. Planen er at kjelkane skal produseras i større skala og lanserast internasjonalt etter dei paralympiske leikane i vinter. Truleg kan ein få til eit årleg kvantum på fleire hundre kjelkar dersom han kjem seg inn på den internasjonale marknaden.

– Framover vil vi jobbe med å optimalisere kjelkane, samt få dei tilpassa til kvar enkelt utøvar, seier Seim og Kjærnli, som håpar å sjå landslaget i kjelkehockey plukka medalje i Sotsji – kanskje til og med den aller gjævaste?