Stort sparepotensial i norske symjehallar

Over 250 millionar kroner kan sparast kvart år på dei mange symjehallane i landet, visar ny forsking.

– Det ligg eit enormt stort sparepotensial når det kjem til energiforbruk i symjeanlegg i Noreg i dag, seier doktorgradsstipendiat Wolfgang Kampel.

Totalt sett ligg totalforbruket på dei 850 norske symjeanlegga på rundt 883 GWh pr. år. I den ferske studia frå NTNU har ein samanlikninga norske med danske tal – som syner at det finnes eit stort potensial for å spare både energi og pengar i norske symjehallar.

 Kan spare 250 millionar

– Årleg kan ein redusere forbruket på rundt 28 prosent, eller 246,5, GWh pr. år, seier Kampel. Noko som vil tilsvare ein sparekostnad på om lag 250 millionar kroner kvart år om ein tek eit endeleg oppgjer med energibruken i norske symjehallar.

I artikkelen ”Energiforbruk i norske svømmehaller” oppmodar artikkelforfattarane om å sjå vidare på dei mest kostbare postane og finne ny teknologi for å forbetre energieffektiviteten.

Saman med vegleiar Bjørn Aas og Amund Bruland ved Senter for idrettsanlegg og teknologi ved NTNU, har han publisert resultata frå forskingsprosjektet i artikkelen ”Energibruk i norske svømmehaller”, som stod på trykk i det internasjonale tidsskriftet ”Energy and buildings” i år.

 Samfunnsmessig betyding

Prosjektet er ein del av eit større prosjekt sponsa av Kulturdepartementet og som ser på energieffektivitet i idrettsanlegg. Bakgrunnen for prosjektet dreier seg i hovudsak om manglande forsking på energiforbruk i idrettsanlegg.

– Den samfunnsmessige betydinga til symjeanlegg og regjeringa si satsing på rehabilitering av symjeanlegg, gjorde at det vart satt i gong eit forprosjekt kor målet var å kartleggje så mange av landets symjeanlegg som mogleg. På den måten ville vi samanstille kjent kunnskap om energibruk i symjeanlegg ved bruk av nøkkeltal, drifsdatamodellar og energiforbruk i symjeanlegga, fortel overingeniør Bjørn Aas.

 Samanlikning med naboland

Det har tidlegare vorte gjennomført studiar på idrettsanlegg, men dette er ein av det første gongane ein ser på energiforbruk i norske symjeanlegg. I prosjektet har ein samla inn tal frå norske symjeanlegg, og ein har samanlikna resultat med naboland som Danmark.

– Utviklinga innan energisparande tiltak i andre bygningar har vore stor, og i dag finst det mange løysingar til vanlige hus og leilegheiter, men det har vore gjort lite med idrettsanlegg, og spesielt symjeanlegg, seier Aas.

 Gamle anlegg

Samanlikna med folketalet, har Noreg eit stort tal symjeanlegg. Desse har også stor spreiing i alder, utforming og teknisk tilstand.

Kampel fortel at sidan dei fleste norske symjeanlegga i dag er relativt gamle med ein gjennomsnittsalder på 37 år, er også bygningane prega av dette.

– Det er om lag 450 av dei som har ein konstruksjonen og teknologi som rett og slett ikkje er oppdatert, fortel Kampel.

 Fleire lagt ned

I prosjektet vart det teke utgangspunkt i dei offentlege symjeanlegga som har motteke spelemidlar. Det vart sendt ut spørjeskjema til om lag 800 symjeanlegg, men med om lag 20 nedleggingar av symjeanlegg kvart år, er det no ein total på om lag 720 symjeanlegg som har motteke spelemidlar.

Men ikkje alle svarte på spørjeskjema, eller hadde data som kunne brukast i prosjektet. Difor tok ein utgangspunkt i tal frå 41 anlegg i studia.

 Delt inn etter alder

Ut i frå tala som kom inn, vart symjeanlegga delt inn i tre grupper. Den første kategorien inneheld anlegg mindre enn 300 m2, den andre kategorien er anlegg mellom 301- 600 m2  og den siste over 601 m2,. Dei minste er generelt sett skulebasseng, medan dei i den største kategorien var spa og ulike badeanlegg.

I tillegg vart det sett nærare på alder til dei ulike symjeanlegga.

Resultata viste at energiforbruket var svært ulik frå ulike bygningar. Det lågaste var under 1000 kWh/m2 vassflate (vf) pr. år, mens det høgaste låg på nesten 11 000 kWh/ m2 vf pr. år.

 Minste brukte mest

Det var dei minste symjeanlegga som brukte mest energi, medan bygningane på over 600 m2 vf, hadde eit totalforbruk som var 116 kWh/m2 vf lågare enn hjå dei minste symjehallane.

Dette skuldast i all hovudsak alderen på bygningane, då bygningane bygd mellom 1950 og 1960 viste høgast verdi samanlikna med dei frå perioden mellom 1960 og 2000.

Det viste seg også at det var dei minste symjeanlegga (under 300 m2) som var eldst, med ein gjennomsnittsalder på 39 år, medan dei mellomste (mellom 301-600 m2) hadde ein gjennomsnittsalder på 34 år, og dei største bygga (over 601 m2) hadde ein gjennomsnittsalder på 22 år.

Dårleg teknologi

Det kjem også fram av forskingsresultata at årsaka til at dei bygningane som vart bygd før 1960 hadde så høge verdiar, ikkje berre er på grunn av dårlege bygningar, men mest på grunn av teknologien.

Medan hjå dei som vart bygd etter 1960, har ein nytta meir avansert teknologi, strengare bygningsreglar og ein hadde generelt meir erfaring innan bygningssektoren på denne tida.

At det kjem fram relativt høge verdiar frå dei anlegga som vart bygd etter år 2000, skuldast ifølgje Aas at dette er ein kategori med svært store symjefasilitetar og som generelt brukar mykje energi.

 Tapar mykje energi

Aas og Kampel meiner det er mykje ein kan spare på energiforbruket i symjehallane, og spesielt når det kjem til dei eldste av anlegga.

– Mange av dei eldste symjeanlegga har ikkje installert varmevekslar eller varmepumpe og er installert med ventilasjonsanlegg som ikkje er gode nok. Ein taper store mengder energi på dette. Men det er også eit stort volum ein må ta omsyn til, og vi trur svaret ligg i eit samsvar mellom energibruk og vassbruk, seier Kampel.

– Slik tilstanden er no, kastar ein mykje pengar ut vindauget og forhåpentlegvis vil dette prosjektet skape ein bevisstheit rundt energibruk i idrettsanlegg – og spesielt i symjeanlegga, legg Aas til.

 Mykje å spare

Samanlikna med Danmark kjem Norge svært dårleg ut i høve energibruken, og symjeanlegga innan den første kategorien (under 300 m2) viser eit totalt energiforbruk på 808 kWh/m2 vf pr. år mindre enn dei norske. Men også i den tredje kategorien, symjeanlegg med meir enn 600 m2, viste at dei danske symjeanlegga brukte 50 prosent mindre energi enn dei norske.

– Dette viser kor stort sparingspotensial det ligg i dei norske anlegga, seier Aas, og legg til at han trur at årsaka til at danskane er flinkare på energisparing enn oss, skuldast at danskane er gjerrigare på energibruken.

– Dei er vande med å spare på ein heilt anna måte enn oss, og er meir bevisste på energiforbruket, fortel Aas.