Illustrasjon: Line Halsnes

Asfalt for tøffare tider

  • Publisert 06.06.12

Det er ikkje lett å leggje asfalt som står seg mot eit norsk klima. Og vanskelegare kjem det til å bli.

Doktorgradsstipendiat Sara Anastasio fortel til journalist Lisa Olstad:

Doktorgrads-stipendiat Sara Anastasio

Doktorgrads-
stipendiat Sara Anastasio

Eg kjem frå Italia. Der har dei ikkje store problem med vegdekka sine. Asfalten ligg der like fin, år etter år. Slik er det ikkje i Noreg, som alle veit. Her kan asfalten bli femti gradar varm om sommaren og førti gradar kald om vinteren. Og endå større klimatiske påkjenningar kan vi vente oss i framtida, med store nedbørsmengder. Korleis skal vi få til asfaltblandingar som toler alt dette – og samstundes slitasjen frå trafikken?

Svaret er at det veit vi ikkje. Men det er dette eg arbeider med: Eg prøver å finne ut kva for asfaltblandingar som er best under ulike klimatiske tilhøve, og korleis eit asfaltdekke kan få lengst muleg levetid. Kva toler det av regn, is, kulde og varme? Vi snakkar ikkje berre om vegar og fortau, men også om andre trafikkanlegg, til dømes rullebanar på flyplassar.

Du kan vel kalle meg ein asfaltkokk. Eg står i eit laboratorium og blandar asfalt i store gryter. Eg er verdas verste sjåfør og trivst ikkje på vegen. Men på lab’en er det kjekt å vere.

BETRE ASFALTBLANDINGAR

Fabrikklaga asfalt består grovt sagt av pukk eller småstein som haldast saman av bitumen, eit produkt etter destillasjon av råolje. Men all asfalt er ikkje lik. Steinane kan vere av ulike typar og ha ulik form, storleik, tettheit eller motstandskraft. Stivheit og andre eigenskapar i bitumen er avhengig av temperatur.

Blandingstilhøvet mellom dei to komponentane kan òg varierast.

Så eg blandar – helst nokre kilo i slengen – etter ulike oppskrifter. Litt mindre av det eine, litt meir av det andre. Då får eg ulike blandingar som gir asfalt med ulike eigenskapar. Sidan testar eg blandingane.

No for tida er det fire ulike blandingar eg arbeider med. Eg har ein test som måler kor mykje asfalten toler av vekt, om han vert samanpressa og deformert når tunge kjørety rullar over. Ein annan test måler slitasjen ved bruk av piggdekk. I ein tredje test set eg asfalten under press: Eg legg vekt på han heilt til han sprekk, og så finn eg ut kva for ein komponent i blandinga som først ryk. I dei to siste testane eg nemnde, brukar eg òg ulike temperaturar. Det er slik at ved sterk kulde brekk eit asfaltlag lett. Er det svært varmt ute, vert asfalten lett deformert.

Prosjektet mitt starta i august i fjor, og hittil har eg berre testa på lab’en. No i sommar skal eg teste utandørs også.

Det er ikkje så mange som forskar på akkurat dette i Noreg. Men no skal eg samarbeide med folk i Avinor og i Statens vegvesen, det gler eg meg til.

Eg kjem neppe til å finne den perfekte oppskrifta for norske tilhøve. Men eg skal finne ut mykje meir om kva for faktorar som påverkar kva slags blanding, og då trur eg vi òg finn metodar for å gjere blandingane betre enn dei er no.