Metallurg Otto Lohne syner korleis biskopens mynt, hvid, vart prega. Foto: Ole Morten Melgård

Biskopens mynt

  • Av
    Publisert 23.02.11
    Tidligere journalist i Gemini, NTNU

Myntverkstaden i Nidaros er verdas best bevarte. No har forskarar rekonstruert heile myntslagingsprosessen.

Nidaros, tidleg 1500-tal: Ein myntmeister og sveinen hans har vore oppe sidan hanen gol. No sit dei på ein arbeidsbenk i verkstaden sin, klare til å prege mynt.

Dei har analysert den kjemiske samansetninga i gamle sølvsaker som skal smeltast om til pengar. Dei har laga den rette myntlegeringa: 30 prosent sølv og 70 prosent koppar. Sidan har dei støypt stenger, hamra dei flate, klipt dei i bitar, og slått bitane runde.

Etter veging, justering og ein omgang i syrebad for å bli blanke er myntemna no klare for preging. Det er erkebiskopens mønster som skal pregast inn.

Modell av myntverkstaden i Erkebispegarden, slik han må ha vore rundt år 1500. Foto: Nina Tveter/NTNU Info

Modell av myntverkstaden i Erkebispegarden, slik han må ha vore rundt år 1500.
Foto: Nina Tveter/NTNU Info

For dette er erkebiskop Gaute Ivarssons mynt, som kong Hans av Danmark, Noreg og Sverige har gitt han rett til å slå. Biskopen er ein mann med stor politisk og geistleg makt. Han leier det norske riksrådet, og er ein kløppar til å auke kyrkjas jordegods i Trøndelag.

Det korkje erkebispen, myntmeisteren eller sveinen veit, er at om berre nokre år skal veggar og benkar bli rivne og det fine teglgolvet dekt med leire – medan ein annan biskop får bygd ein ny verkstad på restane av den gamle. Dei kan heller ikkje vite at det skal kome ein tredje myntverkstad oppå der att – og endå mindre at bakkenivået eit halv tusenår seinare vil liggje fleire meter over verkstadgolvet deira.

Brann!

Trondheim, 18. august 1983: Tett røyk stig mot morgonhimmelen. I natt gol den raude hanen: Erkebispegarden – eit eineståande bygningsanlegg frå middelalderen – står i flammer!

Brannfolka klarer å redde dei 800 år gamle steinbygningane, men to magasinhus frå 1700-talet går tapt – og saman med dei ei mengd uerstattelege kulturskattar.

Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. For arkeologane vert brannkatastrofen eit gyllent høve til å utforske den middelalderske bygrunnen. Mellom 1991 og 1995 vert nesten 5000 kubikkmeter jord endevendt, og funnmengda er større enn nokon hadde tenkt seg: heile 63 000 gjenstandar.

Dei mest oppsiktsvekkjande og uventa funna er myntverkstadene – tre stykkar oppå kvarandre i kulturlaga. Nedst ligg det best bevarte, som viser seg å ha tilhøyrd erkebiskop Gaute Ivarsson. Det er ein langt på veg intakt verkstad frå tidleg 1500-tall, med sjakkruta flisgolv i raudt og gult, smelteomn, arbeidsreiskap, metallbitar, myntemne og ferdige myntar.

– Det var eit eineståande funn og ein attraksjon i verdsklasse. På linje med vikingskipa, seier numismatikar (myntekspert) Jon Anders Risvaag. – Ingen andre land kan skilte med ein så autentisk myntverkstad frå middelalderen!

Ein myntverkstad midt på 1500-talet, slik han er skildra i den svensk-italienske erkebiskopen  Olaus Magnus' storverk «Historia om de nordiska folken» (1555).

Ein myntverkstad midt på 1500-talet, slik han er skildra i den svensk-italienske erkebiskopen
Olaus Magnus’ storverk «Historia om de nordiska folken» (1555).

Verkstaden ligg der enno, akkurat slik han vart funne, no som ein del av Museet Erkebispegarden. Men det er først nyleg at historikarar og metallurgar ved NTNU har berekna omfanget av myntproduksjonen, og dokumentert korleis erkebispens mynt faktisk vart slått.

Mikroverkstad

– Dette var nok verdas både nordlegaste og minste myntverkstad. I europeisk målestokk var produksjonen mikroskopisk: truleg berre rundt 60 000 myntar i året, seier Risvaag.

Det høyrest kanskje ikkje så reint lite ut, men ute i Europa hadde myntproduksjon på 1500-talet blitt ein rein samlebandsindustri: Der fants svære verkstader med hundrevis av tilsette, som spydde ut millionar av myntar kvart år.

Erkebispen i Nidaros, derimot, hadde ikkje lov til å halde seg med meir enn éin myntmeister og éin svein, det hadde kongen bestemt.

Anslaget på 60 000 myntar er basert på to ting: Det eine er kor mange ulike stempel det er funne avtrykk av på myntane, og kor mange myntar over- og understempel kunne prege før dei måtte skiftast ut. Den utrekninga har Risvaag gjort.

Det andre er kva to mann kunne klare i løpet av eitt år – om man rekna lange arbeidsdagar, men tok bort alle helgendagane. Dette har metallurgane rekna ut på grunnlag av kor lang tid den kompliserte produksjonsprosessen nødvendigvis måtte ta.

– Det artige er at vi kvar på vår kant kom fram til det same anslaget, seier Risvaag.

Biskopens betalingsmiddel

Men om 60 000 myntar i året var for nesten ingenting å rekne, heller ikkje i vesle Noreg, kva var da vitsen?

– Erkebiskopen fikk mesteparten av inntekta si frå jordleige og tiend. Men heilt ulønsam var utmyntinga ikkje, meiner Risvaag.

– Det var litt å tene på å ta inn gammal mynt, som vart betalt med ein tvangskurs lågare enn sølvinnhaldet skulle tilseie. Dessutan vart dei fleste bøter til kyrkja kravd inn i sølv, så råvara fanst der – ofte i form av småbitar som ikkje kunne brukast til stort. Og ikkje minst slo myntretten fast erkebiskopens politiske makt og rang i samfunnet.

Otto Lohne er metallurg og arbeider ved NTNU. Saman med Pål Ulseth har han rekonstruert heile den tidkrevjande prosessen med å slå mynt. Foto: Ole Morten Melgård

Otto Lohne er metallurg og arbeider ved NTNU. Saman med Pål Ulseth har han rekonstruert heile den tidkrevjande prosessen med å slå mynt.
Foto: Ole Morten Melgård

– Men det viktigaste var nok at det var praktisk for biskopen å ha eit kurant betalingsmiddel når han handla med utlendingar og bønder, trur Risvaag. – Myntretten biskopen hadde fått frå kongen, slo fast korleis sølvinnhaldet og vekta skulle vere i norsk mynt. Så hanseatar og hollendarar i Bergen visste nøyaktig kva ein norsk hvid eller penning eller skilling var verd.

Denne teorien vert styrka av at det ikkje er funne ein einaste bispemynt frå før 1550-talet i bygrunnen i Trondheim.

– Ikkje éin! Heile den gamle kaupangen er som støvsuga, medan det er funne rikeleg med erkebispemyntar i kyrkjer på landsbygda, og somme i Danmark og Sverige. Det får meg til å tru at Nidaros mest var produksjonsstad for pengar som skulle brukast andre stader. Det ser ut til at verkstaden òg har vore brukt til anna metallarbeid. Kan hende biskopen fekk laga sølvbarrar her, som han handla med, foreslår historikaren.

SLIK VART MYNTEN SLÅTT

Biskopens mynt4

ANALYSE: Til kjemisk analyse vart små skåler – kupellar – av beinaske brukt. Ein prøve av sølvhaldig materiale vart vege og smelta saman med bly i kupellen. Varm luft oksiderer blyet, men ikkje sølvet, og ved 900 °C vil det oksiderte blyet løyse opp oksid frå andre metall. Blyoksid og ureinheitar går inn i den porøse beinaska, slik at berre reint sølv vert liggjande att. Når dette veges, kan ein rekne ut sølvinnhaldet i den opphavlege prøva. Det er funne mange kupellar i Erkebispegarden.
SMELTING: Koppar og sølvhaldig materiale vart smelta i diglar – 30 prosent sølv, resten koppar, slik var lova. Smelta kan ha vore dekka av trekol, då det er funne karbonbitar i dei hamra stengene.

Biskopens mynt6

STØYPING: Om myntmetallet vart støypt i sand eller i steinformer, er forskarane usikre på. Dei trur mest på sand, sidan det ikkje er funne steinformer i verkstaden. Metallet vart støypt til rektangulære eller runde stenger med eit tverrsnittareal på ca 30 mm2.

Biskopens mynt7FORMING: Stengene vart varma opp og banka flate på amboltar. Deretter vart dei kutta opp i firkantar med ein stor saks. Hjørna vart kutta, og myntemna vart vegne og justert. Så vart dei hamra flate før dei truleg vart lagt i stabel i ein slags skrustikke og hamra runde – til såkalla blankettar. Etterpå vart dei varma opp for å gjerast smibare.

Biskopens mynt8KVITVASKING: No var blankettane svarte og stygge, og vart difor «kvitvaska» i ei varm, syrehaldig oppløysing. Kopparen og kopparoksidet på overflata vart då løyst opp. Og når myntslagaren hamra på blanketten, vart det reine sølvet klint ut over overflata til eit jamt lag. Dette er opphavet til uttrykket «blank som ein nyslått skilling».

Biskopens mynt9PREGING: Blanketten vart lagt mellom to graverte stempel og prega med eit kraftig hammarslag. Overstempelet var handhalde. Understempelet var eit kjegleforma jernstykke festa som ein ambolt i enden av ein trestokk. Overstempelet vart først utslite og måtte bytast oftare enn understempelet. Ein numismatikar kan ut frå disse ujamne stempelskifta følgje og datere seriar med myntar over lang tid.

Foto: Bruce Sampson og Linn Eikje, NTNU Vitskapsmuseet

Ser arkeologane i korta

I skåpa sine på NTNUs Institutt for materialteknologi har metallurgane Otto Lohne og Pål Ulseth nokre spesielle klede liggjande. Dei vart sydd til Trondheims tusenårsjubileum i 1997. Då vart nemleg dei to metallurgane spurde om dei hadde noko fagleg å bidra med, noko som folk kunne ha moro av å sjå på.

Lohne tenkte straks på mynt. Han visste at Noregs første mynt vart slått her tusen år tidlegare, og hadde òg vore med på kjemisk materialtesting av myntane frå erkebiskopens verkstader. Han og kollega Ulseth hadde forska seg fram til korleis kvitvaskingsprosessen (sjå eiga sak) gikk føre seg, og hadde ingenting imot å ta på seg middelalderklede og vise publikum korleis det vart prega mynt i Erkebispegarden.

Men heile prosessen, frå A til Å, har dei klart å rekonstruere først ganske nyleg. Tidlegare trudde ein til dømes at metallsmelta som skulle bli mynt, vart helt ut over ei plate og deretter stansa ut, omtrent som når ein lagar flate småkaker. Men ved hjelp av miskroskop, som syner mikrostrukturen i metallet, har forskarane no sett at det må ha vore støypt i form av ei stong.

– Vi kunne òg sjå at stonga ikkje kunne ha vore støypt i ei jarnform, men anten i kleberstein eller i sand, forklarer Lohne.

Metallurgane har testa både metallbitar frå verkstaden og legeringar dei har laga sjølve, for å kome fram til korleis prosessen må ha vore. Dei har òg testa ut alle produksjonsledda i sitt eige laboratorium.

Eitt av resultata frå forskinga vart at utstillinga rundt den gamle verkstaden måtte gjerast om. Ikkje all teksten heldt mål etter at metallurgane kom på banen, og ikkje alle gjenstandar fortente den plassen eller omtalen dei hadde fått.

– Å finne dei originale bitane og setje dei saman til ein samanhengande prosess har ingen gjort før oss. Vi har kunne sjå arkeologane i korta, slår Otto Lohne fast.

Nidaros først og sist

Norsk mynthistorie starta i år 995 då Olav Tryggvason i Nidaros fekk prega dei første norske penningar med sitt namn. Heilt sidan den gongen har myntretten lege hos kongen. I 1222 fikk erkebiskopane rett til å slå mynt i kongens namn, «så lenge dei var Guds og kongedømmets vener».

Privilegiet var trekt attende i 1281, etter ein konflikt mellom bisp og konge. Ein periode var det kongen sjølv som slo mynt, i Oslo, men mellom 1387 og 1483 vart det overhovudet ikkje prega mynt i Noreg.

Erkebiskopane var hissige på å få myntretten attende, og i 1483 slo ein avtale mellom kong Hans og det norske riksrådet fast at det skulle pregast mynt i Oslo, Bergen og Nidaros, etter Nidaros domkyrkjes gamle privilegium.

Men ein gjennomgang av norske mynter, samanheldt med stemplane som er identifiserte, syner at det neppe vart slått mynt i Oslo på denne tida. Heller ikkje så svært mange i Bergen. Dei myntane som var merka Moneta Norwei, er ikkje laga i Oslo, som forskarane har trudd tidlegare, men i Erkebispegarden i Nidaros. Nesten all norsk mynt frå tidleg 1500-tal og fram til reformasjonen i 1537 er prega i dei tre små verkstadene her.

Mynten var i prinsippet kongens og skulle pregast med hans namn. Vi ser likevel at alle dei tre siste erkebiskopane i Nidaros, Gaute Ivarsson, Erik Valkendorf og Olav Engelbrektsson, prega mynt med eigne namn og eigne symbol.

– Vi veit ikkje heilt om kongen på noko tidspunkt ga si velsigning til dette, eller om erkebiskopane var så sterke at dei gjorde nett som dei sjølve ville. Vi er temmeleg sikre på at kongen ikkje var særskild opptekne av den norske mynten. Dei hadde sin store produksjon i Danmark, seier Jon Risvaag.

Ute i verda har både historikarar og metallurgar følgd forskinga rundt den vesle myntverkstaden langt mot nord med stor interesse. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab gir i desse dagar ut ei engelskspråklig bok om arbeidet: The Mint in the Nidaros Archbishop’s Palace.