Molekyljakt bergar bryst

Ein einskild vevsprøve viser om du har brystkreft med spreiing. Dermed kan dei mest aggressive kreftvariantane bli oppdaga raskt. Norske forskarar er førande i arbeidet med å utvikle metoden.

Brystkreft rammar årleg rundt 2 800 norske kvinner. I 2003 døydde litt over 700 kvinner av brystkreft, ifølge Statistisk sentralbyrå. Jo tidlegare kreften vert oppdaga, jo betre er utsiktene til å overleve.

Ein ny metode gjer det mogleg å blinke ut dei mest aggressive variantane langt tidlegare enn før. Samstundes vil kvinner som har fått ein “snill” variant, kunne få rask beskjed om at dei er utanfor fare, og sleppe månader med grunnlaus redsle.

Bryst på molekylnivå

Forskingsgruppa til Ingrid Gribbestad ved MR-senteret i Trondheim har vore førande i arbeidet med å utvikle metoden.

Det nye er at ein her ser på biopsiane (uttrekt vev frå brystet) på molekylnivå.

– I dag er det slik at ein må studere kreftsvulstane i mikroskop, og observere dei farlege endringane med det blotte auge. Vi er på nivået under når det gjeld storleik, fortel Gribbestad.

Molekyl-avtrykk

Ingrid Gribbestad (Foto: NTNU Info)

Ingrid Gribbestad (Foto: NTNU Info)

Metoden handlar om å ta eit slags “fingeravtrykk” av molekyla i vevsprøven.

Prinsippet vert i dag nytta når det gjeld væsker som olje og vin: Fiskeoljer kan sporast attende til kor laksen kjem frå, medan innhaldet i ei vinflaske kan førast til ein bestemt vingard.

Men ingen i verda har greidd å føre metoden over til ein medisinsk analyse av brystkreft, før no.

I internasjonal tet

– Det er ingen tvil om at vi er heilt i internasjonal front på dette, seier Gribbestad.

Ut av eit vanleg fingeravtrykk kan kriminaletterforskarar seie noko om eigarens utsjånad og kriminell historikk, dersom identiteten er kjend.

På same måte kan Gribbestad seie noko om åtferda til ein særskild kreftsvulst – dersom ho kjenner historikken og molekyla til akkurat denne svulsten.

Slik vert det mogleg å til dømes slå fast om kreften i dette vevet har spreidd seg til lymfeknutar andre stader i kroppen.

Tilpassa sjukdomsprofilen

– Ein annan fin ting er at dette “fingeravtrykket” også fortel noko om pasienten vil respondere på dei medisinske tiltaka vi set inn, seier Gribbestad.

Då vil ein kunne blinke ut pasientar som bør få cellegift allereie før operasjonen. I andre tilfelle kan ein lettare peike ut pasientar der ein trygt kan late vere å fjerne heile brystet, berre det sjuke vevet. Fleire bryst vert berga.

Med dette går vi bort frå gruppebehandling til å gje individuell handsaming tilpassa sjukdomsprofilen til den einskilde, fortel Ingrid Gribbestad.